Vann Forskningsartikkelprisen 2019

Psykolog ved Folgefonn DPS Desire Furnes er hovudforfattar på artikkelen som førre veke vann Forskningsartikkelprisen 2019. I artikkelen undersøker forfattarane kva som predikerar akutte reinleggingar av pasientar med bordeline personlegheitsforstyrring i akuttpsykiatrien. 

Overraska vinnar
Desire Furnes blei både glad og overraska over prisen. Det er utruleg kjekt og ikkje minst overraskande, fortel Furnes. Veldig overraskande fordi eg ikkje ein gong visste at artikkelen var sendt inn. 

Ho veit framleis ikkje kven som har fått tak i artikkelen og levert den inn. 

- Eg har ingen aning kven som har gjort det, men eg er glad for det no. Artikkelen belyser eit viktig tema innafor psykiatrien og det er bra at problemstillinga får merksemd, seier ho.

Desire Furnes - m.jpg

Auke kunnskap om sjølmordsåtferd
Artikkelen er ein av fleire som har blitt skrivne ut frå studien  «Suicidality in Psychiatric Emergency Admissions» gjennomført ved Forskningsavdelingen i Divisjon psykisk helsevern ved Haukeland Universitetssjukehus. Denne studien, som Furnes sjølv har jobba med, handlar om å auke kunnskapen om sjølvmordsfare og sjølvskadande åtferd hos pasientar i akuttpsykiatrien. Vedvarande sjølvmordsfare er vanleg hos personar med borderline personlegheitsforstyrring og fører til mange akutte innleggingar. Studien undersøkar kva indikatorar som kan bidra til å føresjå kor ofte og kor raskt pasientane blir reinnlagt. 

- Resulatet viser at sjølvskadande åtferd ofte fører til hyppige reinnleggingar. Ein ser og at depresjon, hallusinasjonar og vrangførestillingar predikerer kortare tid frå pasientens første innlegging og fram til første reinnlegging. 

Vidare drøfter artikkelen betydinga av desse funna i klinisk arbeid. 

Dagsaktuelt tema
I si grunngiving skriv juryen at studien er godt planlagt og gjennomført. Dei seier også at artikkelen tar opp eit dagsaktuelt team, noko Furnes er eining i.

- Eg og mine medforfattarar meiner kunnskapsbasert tilnærming må ligge til grunn for behandling av denne pasientgruppa, seier psykologen. 

Seksjonsleiar ved Folgefonn DPS, Hele Lægreid Røssland, seier ho er stolt over Furnes og den jobben ho har gjort. 

- Temaet er veldig relevant for ei pasientgruppe ved DPS, som det er utfordrande å hjelpe. Dette arbeidet gir oss eit stort kompetanseløft i klinikken. 

Furnes fortel at det var gøy å få moglegheit til å reise til Oslo å delta på prisutdelinga og takka leiaren sin for at ho fekk reise.

- Eg takka sjølvklart mine medforfattarar, men måtte også seie takk til leiaren min for at eg fek moglegheit til å delta.