Utviklingsplan viser framtidas Helse Fonna

Styret i Helse Fonna vedtok i dag utviklingsplanen for føretaket. Den peiker ut retning fram mot 2035. Målet er å vidareutvikle pasienten si helseteneste.

Utviklingsplanen gjeld ein periode på fire år og skal reviderast etter at ny nasjonal helse- og sjukehusplan er vedtatt i Stortinget. Dette gjeld for alle føretaka i landet.

– Eg vil takke brukarane som alltid er ei viktig røyst i utviklingsarbeidet, sa administrerande direktør Olav Klausen då han la fram arbeidet med utviklingsplanen. Og takka ble høyrd. For i dag var både Brukarutvalet og Ungdomsrådet i Helse Fonna deltakarar i styremøtet.

– Det har vore positivt for oss som brukarar å bli med i utviklingsarbeidet, seier leiar for Brukarutvalet i Helse Fonna, Laila Stensletten.

Les saksframlegget og les planen.


BRUKARUTVALET: Laila Stensletten (i midten) er leiar i Brukarutvalet i Helse Fonna. I dag hadde dei felles møte med styret i Helse Fonna.

– Utviklingsplanen er eit godt styringsverkty. Eg er imponert over arbeidet som er gjort og føringane som ligg for å sikre god pasientbehandling også for framtida, seier styreleiar Kjell Arvid Svendsen i Helse Fonna.

I Utviklingsplanen står det at det ikkje er planlagt endringar i sjukehusstrukturen i planperioden. Både Odda, Stord og Haugesund sjukehus skal halde fram som akuttsjukehus. Valen sjukehus held fram som sjukehus for psykisk sjuke.

Tryggleik for hjelp

– Vi skal vidareutvikle pasienten si helseteneste og pasientane skal kjenne seg trygge for at dei får hjelp når dei treng det, seier Svendsen.

Han legg til at god samhandling med kommunane er viktig for den enkelte pasient, og at medarbeidarane i sjukehus samarbeidar godt på tvers av sjukehus og avdelingar. Eit viktig prisnipp i utviklingsplanen er å sjå heile mennesket og at det må vere eit samarbeid om behandling av pasient anten ein er fysisk eller psykisk sjuk. Med bakgrunn i dette vil akuttmottaket i nytt sjukehusbygg i Haugesund vere felles for både fysisk og psykisk sjuke.

Pasientbehandling

Utviklingsplanen peikar på endring i framtidas behandling. Pasientane skal i auka grad få behandling i poliklinikk og som dagbehandling, medan behovet for behandling som inneliggjande pasient er venta å gå ned. Endringa kjem mellom anna som følgje av medisinsk utvikling. Samtidig skal det arbeidast for å halde kort ventetid i Helse Fonna. Det er tatt i bruk pakkeforløp for mange kreftsjukdommar og for hjerneslag. Dette skal sikre rask diagnose og eventuell behandling for desse pasientgruppene.

– Utviklingsplanen omtalar at vi skal lære av feil og vere opne når vi gjer feil. Dette er viktig for oss i sjukehusa. Medarbeidarane skal føle seg trygge på å melde frå om feil, og pasientane skal bli møtt med openheit. Helse Fonna skal satse på forsking, utvikling og innovasjon, seier Svendsen.


FRAMTIDA: Ungdomsrådet uttalar seg i saker som angår barn og unges møte med Helse Fonna, anten som pasientar eller pårørande.

Økonomi

Det er framleis stram økonomi i føretaket. Det var i mai eit negativt budsjettavvik på nær éin million kroner. Samla i 2018 er det brukt om lag 7,3 millionar kroner meir enn budsjettert.

– Vi har eit krav på oss til å drive med overskot. Dette er heilt nødvendig for å gjennomføre planlagde investeringar innan bygg og utstyr på sjukehusa i føretaket, seier Kjell Arvid Svendsen.