Utfordrande start på året for Helse Fonna

Styremøte i Helse Fonna HF.

Koronasituasjonen var naturleg nok eitt av hovudpunkta då styret i Helse Fonna tysdag hadde møte – på Skype. Men frå og med neste veke er det planlagt auke i aktiviteten att.

Prat under styremøte. (Foto)

Styreleiar Per Bjørn Habbestad (t.h.) leia sitt første styremøte i Helse Fonna på Skype. Her saman med administrerande direktør Olav Klausen. (Foto: Eirik Dankel)

Forutan årsmelding, årsrekneskap og rapport frå verksemda, stod blant anna sal av Odda sjukeheim og status for nybygg i Haugesund på saklista.

Men mykje av styremøtet vart sjølvsagt brukt til å diskutera situasjonen rundt korona-pandemien, og korleis det påverkar drifta.

– Me hadde 10 pasientar med Covid 19-smitte på det meste, og er no nede i 3. Det har vore stor nedgang i talet på smitta i Vestland og Rogaland i påsken, men me er ikkje tilbake til normal drift. Me ser på ulike måtar å auka aktiviteten att, i lag med våre tilsette. Her vil me prioritera dei mest sårbare pasientane. Elles er eg overvelda og imponert over dei tilsette sin innsats, kreativitet og handlekraft i den situasjonen me har hamna i. Det er god stemning, eit godt samarbeid, og dei tilsette har takla dette på ein framifrå måte, orienterte administrerande direktør Olav Klausen.

Tilbakemeldingane var gode, men ein del av styremedlemmene bad om endå meir informasjon om situasjonen, noko dei sjølvsagt vil få.

– Den situasjonen me no står oppe i er ekstrem på mange måtar, med stort bortfall av løpande behandling, og stort inntektsbortfall. Omfanget av dette for helseforetaket sin driftsøkonomi er høgst uklart, og difor må me ha eiga sak om dette på neste styremøte. Då må me få full gjennomgang av korleis koronasituasjonen spelar inn på driftsøkonomien, og om det kjem ekstra midlar frå Helse Vest eller departementet i høve dette, var styreleiar Per Bjørn Habbestad sin kommentar til gjennomgangen.

Utbyggingsprosjekt i rute

Olav Klausen kunne også informera styret om at arbeidet med utbygginga av Haugesund sjukehus er i rute med omsyn til tid, kost og kvalitet, og at dette er eit prosjekt som gjev energi til organisasjonen.

Når det gjeld den økonomiske utviklinga er ikkje den like god. Dei pasientrelaterte inntektene er ved utgangen av februar 11,3 millionar kroner lågare enn budsjettert. Dette skuldast i hovudsak ein tydeleg nedgang i pasientaktivteten både i høve til 2019, og den planlagde aktiviteten.

Personalkostnadane er høgare enn budsjettert, noko som bidreg til eit samla økonomisk underskot pr. februar på 7,2 millionar kroner, mot eit budsjettert overskot på 6,7 millionar kroner. Rekneskapet for mars er ikkje ferdigstilt endå, men føretaket ser at trenden frå februar med låge pasientrelaterte inntekter og høge personalkostnader er forsterka den siste månaden med koronasituasjonen.

Solid økonomisk drift

Frå styret si årsmelding går det fram at overskotet for 2019 var på 31,5 millionar kroner. Dette er 8,5 millionar kroner lågare enn Helse Vest sitt krav til overskot, som er på 40 millionar kroner.

Dette er 7. året på rad Helse Fonna driv med overskot.

Det var om lag 27.000 innleggingar ved sjukehusa i føretaket og det blei gjennomført om lag 215.000 besøk ved poliklinikkane. 

 I 2019 var gjennomsnittleg ventetid for pasientar som hadde starta behandling 61 dagar innan somatikk, 42 dagar innan psykisk helsevern for vaksne, 38 dagar innan psykisk helsevern for barn og unge og 30 dagar innan rusfeltet. 

Dei fleste kreftpasientar som blir behandla i føretaket blir inkludert i pakkeforløp. To tredjedeler av pakkeforløpa blei gjennomført innanfor standard forløpstid i 2019.  

Innan psykisk helsevern er satsinga på dei distriktspsykiatriske sentera og barne- og ungdomspsykiatrien vidareført. Hovudfokuset innan psykisk helsevern har vore å sikre ei optimal ressursutnytting med frigjering av ressursar frå døgnbehandling til poliklinisk og ambulant behandling, og å redusere bruken av tvang. 

Gjennomsnittleg sjukefråvær var 7,4 prosent i 2019. 

Styret var godt nøgde med både årsmelding og rekneskap, som vart samrøystes godkjende.

Vurderer sal av sjukeheim

Styret bad også administrerande direktør gå i dialog med Ullensvang kommune om eit mogeleg sal av Odda sjukeheim. Det er både sjukehusdrift og kommunale sjukeheimsplassar i bygget. Ullensvang kommune ynskjer å bruka heile første etasje til legevaktsteneste, noko som har medført at kommunen har spurt om å få kjøpa heile bygget av Helse Fonna. 

Kontaktpersonar

Styreleiar Per Bjørn Habbestad, telefon 900 35 538. Administrerande direktør Olav Klausen, telefon 952 31 637.