Vi er i midten av juli, men på sjukehusa i Helse Fonna er det lite som minner om rolege ferieveker. Her er det fullt køyr, med mange pasientar og travle dagar for dei tilsette.
Helse Fonna har totalt rundt 4.000 medarbeidarar, og er dermed ein av dei største arbeidsgjevarane mellom Stavanger og Bergen. Dermed er helseføretaket også ein av dei organisasjonane som har flest sommarvikarar.
Mange fag
Totalt må over 200 vikarar til for å halde oppe drifta om sommaren. Her finn ein vikarar i alle kategoriar – frå legar og sjukepleiarar, til helsefagarbeidarar, bioingeniørar, ergoterapeutar og teknisk personell.
– Sommarvikarar er heilt nødvendig for å få drifta til å gå rundt om sommaren, forklarar Trude Digernes ved Stord sjukehus. Ho er funksjonsleiar på medisin3, avd slag/generell indremedisin.
Mange medisinarstudentar kjem att år etter år, og jobbar gjerne også i andre friperiodar, som jul og påske. Sjukepleiarstudentar som har vore i praksis kjem ofte att i sommarjobb, og blant helsefagarbeidarar er det gjerne dei som har læretida på Stord sjukehus som jobbar om sommaren.
Pensjonistar trør til
Dei fleste sommarvikarane er studentar, men Helse Fonna er også avhengige av innleige frå vikarbyrå, og ikkje minst pensjonerte medarbeidarar gjev eit viktig bidrag til sommardrifta.
Mange studentar kjem att år etter år, og for nokre av desse er dette første møte med arbeidslivet. Å jobbe som sommarvikar medan ein er student, er også eit viktig steg mot å få fast jobb når ein er ferdig med studiet.
Her kan du få treffe nokre av årets sommarvikarar i Helse Fonna.

Namn: Åshild Eikemo Slinning (25)
Kjem frå: Tysvær
Jobbar som: Sjukepleiar i felles akuttmottak, Haugesund sjukehus
Kva gjer du når sommaren er over? Eg ventar på studieplass, anestesisjukepleiar
Kva oppgåver har du? Ta imot pasientar som kjem inn, med ulike sjukdommar, diagnosar og alvorlegheitsgrad.
Kva er det kjekkaste med sommarjobben? I jobbe i eit arbeidsmiljø med høgt tempo og variert pasientgruppe, i veldig fine fasilitetar.

Namn: Sofia Leonora Jonassen (22)
Kjem frå: Kopervik
Jobbar som: Vaktmeisterassistent på teknisk avd. Haugesund sjukehus
Kva gjer du når sommaren er over? Bachelorstudie i Oslo, utviklingsstudier.
Kva oppgåver har du? Vasking av tekniske rom, maling, klippe plen, flytte og rydde, førefallande vedlikehald.
Kva er det kjekkaste med sommarjobben? At den er variert og eg får vere både ute og inne og i aktivitet.
Namn: William Rogde
Kjem frå: Haugesund
Jobbar som: Pleieassistent, akuttpsykiatrisk post, Haugesund sjukehus
Kva gjer du når sommaren er over? Då skal eg fortsetje på sjukepleiestudiet
Kva oppgåver har du? Eg har delegert pasientansvar frå sjukepleiar/vernepleiar, og følgjer pasientar gjennom dagen. Eg deltek på legevisitt, følgjer med på diverse undersøkingar, og har kontakt/samtalar med pasientar og pårørande.
Kva er det kjekkaste med sommarjobben? Veldig variert arbeidskvardag, og eg får mykje erfaring på kort tid. Eg synest at utfordringane er overkommelege, noko som gir meistringskjensle.

Namn: Martine Storesund Gaard (27)
Kjem frå: Torvastad
Jobbar som: Radiografassistent Stord sjukehus
Kva gjer du når sommaren er over? Radiografstudent, NTNU Gjøvik, byrjar på siste året.
Kva oppgåver har du? Tek røntgenbilete av pasientar, planlagde timar og øyeblikkeleg hjelp.
Kva er det kjekkaste med sommarjobben? At eg har så mange kjekke kollegaer, og får jobbe med det som eg utdannar meg til.

Namn: Judith Skår Jacobsen (21)
Kjem frå: Hatlestrand i Kvinnherad
Jobbar som: Barnepleiar på føden på Stord sjukehus
Kva gjer du når sommaren er over? Studerer sjukepleie på HVL på Stord
Kva oppgåver har du? Assisterer under fødslar, ammehjelp, nyføddscreening, bading og handtering av nyfødde. Eg har ansvar for matsen og elles gjer eg smått og stort på avdelinga.
Kva er det kjekkaste med sommarjobben? Å få prøve seg og vere med på mykje kjekt, og lærerikt. Det er gøy å gjere oppgåver eg ikkje har gjort før.
.jpg?RenditionID=11)
Namn: Samson Nyrud Uppheim (21)
Kjem frå: Husnes
Jobbar som: Pleiemedhjelpar ved spesialisert behandling Valen
Kva gjer du når sommaren er over? Då skal eg studere sjukepleie i Bergen
Kva oppgåver har du? Følgje opp pasientar i dei daglege gjeremåla og miljøterapi
Kva er kjekkast med sommarjobben? Det sosiale og å få jobbe med menneske

Namn: Ingrid Broshaug (24)
Kjem frå: Kopervik
Jobbar som: Lege, på post, i mottak og på skadepoliklinikk, Haugesund sjukehus
Kva gjer du når sommaren er over? Då startar eg som turnuslege her på sjukehuset
Kva oppgåver har du? Kort fortalt: Behandlar pasientar. Tek imot dei og sender dei vidare når eg er i mottak, går visitt og skriv dei ut når eg er på post.
Kva er det kjekkaste med sommarjobben? At eg lærer mykje, og treff mange nye menneske.
.jpg?RenditionID=11)
Namn: Ellen Selland Mong (20)
Kjem frå: Stavanger
Jobbar som: Ferievikar på laboratoriet Odda sjukehus
Kva gjer du når sommaren er over? Byrjar på 2. året i bioingeniørstudiet i Trondheim.
Kva oppgåver har du? Ansvar for blodprøvetaking på sjukehuset, og eg er med på mottak og sending av prøvar
Kva er det kjekkaste med sommarjobben? Det er lærerikt og aktuelt i høve utdanninga min, og det er kjekt å møte nye menneske, spesielt alle dei hyggjelege kollegaene eg har her.

Namn: Anne Lønn (19)
Kjem frå: Stord
Jobbar som: Kjøkken/kantinemedarbeidar Stord sjukehus
Kva gjer du når sommaren er over? Reiser til Bergen for å studere. Grunnskulelærar.
Kva oppgåver har du? Litt forskjellig. I dag står eg i kantina, og sel mat. På førehand lagar eg klar smørbrød, salarbar osv. Andre dagar står eg i oppvasken.
Kva er det kjekkaste med sommarjobben? At eg får erfaring og får det på CV-en. I tillegg er det kjekt å ha noko å gjere om sommaren, og ikkje minst: Tene eigne pengar!

Namn: Anna Innvær (22)
Kjem frå: Bømlo
Jobbar som: Paramedisiner
Kva gjer du når sommaren er over? Flyttar til Trondheim for å jobbe
Kva oppgåver har du? Hjelpe menneske som treng medisinsk og psykososial hjelp
Kva er det kjekkaste med sommarjobben? Eg får høve til å jobbe med mange kjekke kollegaer og den varierande arbeidsdagen, då ein aldri veit kva oppdrag ein skal ut på.