Trenar for å bli best på det verste

Då Snorre var berre åtte dagar gammal, blei han så alvorleg sjuk at han blei hastedøypt i akuttmottaket. I dag er han fem år, og tilbake i akuttmottaket for å takke for livet. – Det er slike hendingar som gjer all treninga verdt det, seier anestesilege Alf Stolt-Nielsen Reksten.

Akuttmottakt - Snorre - 2019 - foto Eirik Dankel.jpg

Snorre viser operasjonsarret sitt til anestesilege Alf Reksten. Førre gong han var i akuttmottaket var han berre åtte dagar og alvorleg sjuk. Foto: Eirik Dankel

Det var mamma Kjersti Vik som merkte at det var noko som ikkje stemte med den nyfødde guten. Han hadde problem med å puste og det bar til Stord legevakt og vidare i ambulanse til akuttmottaket på Haugesund sjukehus. Der blei Snorre så dårleg at luftambulanse i Bergen blei varsla for vidare transport til Rikshospitalet. Det blei nokre kritiske timar når turen måtte gå om Sørlandet på grunn av dårlege vêrforhold. Først etter ei veke på Rikshospitalet var Snorre stabil nok til å bli operert. Den endelege diagnosen var hypoplastisk venstre hjarte-syndrom, som er dårleg utvikla venstre hjartehalvdel og samansnøring av hovudpulsåra.

I dag er Snorre ein aktiv og nysgjerrig femåring som lev eit normalt liv. Nyleg var han tilbake på akuttmottaket saman med familien sin for å møte att alle dei som var med på å redde livet hans då han var baby. Det blei eit rørande møte.

– No er han her, no går det bra

Mamma Kjersti og pappa Øyvind er evig takksame for måten dei blei behandla på i akuttmottaket.

 – Eg hugsar eg tenkte «no er han her, no går det bra» seier Kjersti.

Men det var ikkje ei sjølvfølge. Presten blei tilkalla slik at Snorre kunne døypas i tilfelle dette ikkje skulle gå bra.

– Den dåpen kjem eg aldri til å gløyme, seier anestesisjukepleiar Bente Landa Martinsen.

Det er ofte ein diskusjon om pårørande skal vere tilstade under akutt behandling. Overlege Alf Stolt-Nielsen Reksten var ein del av teamet som tok i mot Snorre. Han meiner pårørande bør få moglegheita til å ver med.

– Det er viktig for dei pårørande å sjå at alt som kan gjerast blir gjort.

Mamma Kjersti og pappa Øyvind er glad for at dei kunne vere der når det stod på som verst.

– Dei var så rolege og det trygga oss midt oppi all kaoset, seier Kjersti Vik.

Akuttmottakt - Snorre - 2019 - foto Eirik Dankel_13.jpg

Det blei eit rørande møte mellom teamet og familien. Frå venstre spesialsjukepleiar Helga Tesdal Hagland, brørne Lasse og Oskar, sjukepleiar Ida Beate Lindanger, anestesilege Alf Stolt-Nielsen Reksten, pappa Øyvind Monsen, anestesisjukepleiar Bente Landa Martinsen, sjukepleiar Kine Jensen og mamma Kjersti Vik. På senga ligg hovudpersonen, Snorre. Foto: Eirik Dankel

Øving gjer meister

Helsepersonell trener jamleg på å handtere kritiske situasjonar gjennom simulasjonstrening med heile teamet til stades og med avanserte dokker som pasient. Snorre sin tilstand var av dei sjeldne og det at han var så liten gjorde situasjonen enda meir utfordrande.

– Du ser kanskje eitt eller to slike tilfelle i løpet av ein karriere. Og det er når det går bra at vi ser gevinsten av all arbeidet vi legg ned i kontinuerleg øving. Det er verkeleg verdt innsatsen, seier Reksten.

Han meiner fordelen med å vere eit lite sjukehus er korte kommandolinjer.

– I kritiske situasjonar som denne er det ingenting som heiter at ein ikkje er på vakt. Ein ringer dei ein må ha tak i der og då. Då Snorre var her hadde vi for eksempel ein overlege iført hockeytrøye i aksjon. Det seier litt om viljen til å hjelpe.

Reksten kan ikkje få rost teamet sitt nok:
– Det vi utførte den gongen var teamarbeid av ypparste klasse, det var gode folk på dei riktige stadene, seier han.

Pregar alle

Å vere ein del av slike vanskelege situasjonar pregar alle som er involvert.

– Eg hugsar utruleg mange detaljar frå denne dagen. Alle som var med hugsar dette, tenkjer på det og er glade for at det gjekk fint til slutt. Den dagen hadde eg berre lyst til å gå heim å halde kring guten min, seier sjukepleiar Ida Beate Lindanger.

No har Snorre livet framføre seg i lag med mamma, pappa og storebrørne Oskar og Lasse.

– Det var stort å sjå den fulltalege familien att som var så nær å mangle ein. Det er pasientsituasjonar som denne som gjer at ein held ut arbeidspresset år etter år. Eg føler meg privilegert som har ein så meiningsfull jobb der ein av og til får vere ein del av eit team som bidrar til å redde liv, seier spesialsjukepleiar Helga Tesdal Hagland.