– Helse Fonna har som mål å vere ein robust forskingsinstitusjon og bidra til framtidig kunnskapsbasert behandling. Dette er eitt av dei tre fokusområda i strategi for forsking og innovasjon 2021-2026. Å tildele stimuleringsstipend er eit viktig tiltak for utvikling av nye forskingsprosjekt og rekruttere nye forskarar.
Det seier leiar i avdeling for forsking og innovasjon Anne Lise Kvalevaag.
Skal utforme eit doktorgradsprosjekt
Med eit stimuleringsstipend blir medarbeidaren frikjøpt frå ein liten del av si kliniske stilling for å få tid til å utforme eit doktorgradsprosjekt. Målet med stipendperioden er å fullføre ein søknad om midlar til å kunne gjennomføre eit doktorgradsarbeid. Stipendperioden varar i tre månadar.
I tillegg til dei tre som har fått stimuleringsstipend, kan ho presentere den erfarne forskaren Luiza Chwiszczuk, som har fått postdoc-stipend, og Tor Hatlestad Qvale som får eit internt PhD-stipend for å gå i gang med doktorgradsløpet.

STRATEGISK MÅL: Helse Fonna skal jobbe for å ha forsking og innovasjon av høg kvalitet i alle kliniske einingar. Anne Lise Kvalevaag er avdelingsleiar for forsking og innovasjon i Helse Fonna. Foto: Eirik Dankel
Desse har fått stipend:
Tor Hatlestad Qvale, medisinsk avdeling – 50 % doktorgradsstipend
Risk of kidney disease and diabetes mellitus is determined at birth – explorations of mechanisms
Luiza Chwiszczuk, alderspsykiatrisk avdeling – 50 % postdoc-stipend
Use of novel technology-based approaches to diagnostic, symptoms monitoring and tracking of new treatments possibility in dementia with Lewy bodies
Marit Katrine Myklebust, avdeling for psykisk helsevern Haugesund sjukehus – stimuleringsstipend
Prevalens av psykiske lidelser i en sykehuspopulasjon
Sverre Sigurd Lamens, barneavdelinga – stimuleringsstipend
Hvordan sover barn og unge med type 1 diabetes og deres foresatte ved bruk av kontinuerlig glukosemåling og nye Close-Loop-insulinpumper?
Christer Reigstad Aase, kardiologisk avdeling – stimuleringsstipend
Risiko for hypertensjon hos voksne med lav fødselsvekt

HAR FÅTT MIDLAR: Christer Reigstad Aase, Marit Katrine Myklebus, Luiza Chwiszczuk, Sverre Sigurd Lamens, Tor Hatlestad Qvale. Foto: Stina Steingildra
Forskinga skal kome pasientar og pårørande til gode
– Vi er glade for at vi kan gi stipend til klinikarar i ulike avdelingar og med eit så breitt spekter av kliniske relevante problemstillingar, seier Kvalevaag, som understrekar kvifor det er viktig at klinikarane våre driv med forsking:
– Forskning i Helse Fonna skal fremme helse, meistring og livskvalitet. I tråd med strategien ønsker vi å prioritere forsking og innovasjon som kjem pasientar og pårørande til gode. Alle de tildelte stipendene vil kunne bidra til dette. Å rekruttere klinikarar med relevante problemstillinger til forskningsaktivitet vil styrke grunnlaget for god pasientbehandling.