Tre generasjonar på hundreårsmarkering

Ved Odda sjukehus blei det i dag delt ut kake og kaffi til nysgjerrige gjester og trufaste medarbeidarar. For leiar på operasjonsavdelinga, Britt-Elin Lutro, blei hundreårsmarkeringa mest eit lite slektstreff.

Odda jubileumsdag 2018 - foto Eirik Dankel _29.jpg– Ja, her ser du tre generasjonar. Ein tilsett, ein brukar og ein som representerer framtida, smiler Lutro. Med seg har ho faren Torbjørn Opheim, som for berre to veker sidan måtte gipse ein broten arm, og sonen Sindre som har tatt turen med venene sine for å sjå på moras arbeidsstad. Akkurat som hundreårsmarkeringa representerer dei både fortida, notida og framtida. Men heilt sikker på at karrieren ligg i sjukehus er 18-åringen Sindre ikkje, som tar idrettsfag på vidaregåande.

Ved inngangen står Mette Framås og serverer rause kakestykker til alle som kjem.

– Du skal vel ha litt kaffi òg? spør ho Torbjørn Opheim, som på eit eller anna vis klarar å handtere tallerken og kakegaffel med gips frå fingrane og opp til albogen.

– Dette vil eg seie eg har fortent, smiler han og forsyner seg av den gode kaka.

markering-100-åre-juni2.jpg

Gode minner frå eit langt arbeidsliv

– Dette er vel mest ein suvenir, ler Sigrid Vik. – Vi hadde ikkje sånne turnuslister, altså! Ho finn namnet sitt på ein brodert versjon av turnusen frå 1975.

markering-100-åre-juni7-medium.jpg

Den spreke pensjonisten begynte å jobbe ved sjukehuset i 1958. Saman med tidlegare kolleger mimrar ho ved utstillinga over gamalt operasjonsutstyr. Karin Øyre ser ut som ho er klar til å operere. Dei ler godt av gamle minner før dei går vidare for å få omvisning på operasjonsstova.

markering-100-åre-juni6-medium.jpg
Frå venstre Elisabeth Føyner Skeie (fysioterapeut), Sigrid Vik (sjukepleiar), Karin Øyre (operasjonssjukepleiar) og Ingebjørg Svendsbø Paulsen (anestesisjukepleiar).

Gode naboar frå Valen

Til Odda kjem også seksjonsleiar ved Valen sjukehus Marianne Lund Anderssen og seksjonsoverlege Karl-Heinz Escher denne dagen. Med seg har dei blomar og kort – ei helsing frå ein god nabo. I eit jubileumsår kan ein nemleg ikkje berre sjå bakover: I dag skal leiarar og fagfolk ved Valen og Odda treffast for å betre samarbeidet om pasientar som har både fysiske og psykiske plager.

– Ved Valen sjukehus får vi no på plass utstyr for telemedisin som gjer at pasientane ikkje må reise like mykje for å få tilsyn av lege ved Odda sjukehus, fortel Anderssen.

Saman med seksjonsleiar i Odda Ingunn-Olin Haugen, seksjonsoverlege Hans Burchardt og overlege Nick Pujan skal Escher og Anderssen finne gode samarbeidsrutinar til beste for pasientane. Kva betre måtar fins det å markere ein hundreåring på?

markering-100-åre-juni1-medium.jpg