Tiltak i samband med mutert koronavirus

Sjukehusa på Vestlandet tar smittevern på alvor og det er sett ned nye retningslinjer i samband med utbrotet av mutert koronavirus.

Er du tilsett i Helse Fonna, les retningslinjer lenger ned i saka.

For pasientar

Pasientar vil få spørsmål om opphald i kommunar med særlege smittevernreglar i løpet av dei ti siste dagane. Les meir om kva kommunar dette er her:

Forskrift om smitteverntiltak mv. ved koronautbruddet (covid-19-forskriften) - Kapittel 5A. Forsterkede smitteverntiltak i enkelte kommuner – særlig høyt tiltaksnivå - Lovdata

For pasientar som skal til planlagd behandling vil sjukehusa vurdere å utsetje timen i ti dagar etter at pasienten har vore i aktuelle kommunar, om det er medisinsk forsvarleg. Alternativt teste om mogleg, negativ test opphevar ti dagars utsetting.

Pasientar som har vore i aktuelt område i det aktuelle tidsrom og allereie er innlagt eller akutt innleggast i sjukehus, skal testast for SARS-CoV2-smitte og isolerast inntil negativt prøvesvar føreligg.

Det er og innførd nye rutinar for bruk av munnbind på sjukehus. I alle situasjonar der ein ikkje kan halde ein meter avstand skal både pasient og medarbeidarar nytte munnbind. Inntil vidare gjeld dette i to veker.

Elles gjeld sjølvsagt smittevernråda som alltid:

  • Hald god avstand, helst to meter
  • Vask hendene ofte og grundig
  • Har du symptom på luftvegsinfeksjon, bli heime
  • Ha kontakt med så få som råd 


English version

There are some new measures if you are coming to the hospital from 24th of january. Our goal is to stop the mutated virus.

Have you been to areas eith mutated virus, we ask you to inform us about it before you come to the hospital.

Use protection over your mouth and nose in the hospital if you can not hold one meter distance.


For deg som tilsett

Det er viktig at medarbeidarar som i løpet av de ti siste dagane har vore i kommunane som er lista under, har negativ test før retur til arbeid og nytte munnbind på arbeid. Medarbeidarar dette gjeld må ta kontakt med nærmaste leiar.

Her er FHI sine oppdaterte råd til medarbeidarar i spesialisthelsetenesta: Spesialisthelsetjenesten - FHI

Retningslinjene

  • Innlagte pasientar, pasientar som er på veg inn til sjukehusa elektivt og/eller som augeblikkeleg hjelp-pasientar, samt tilsette, kartleggast med spørsmål om opphald i  kommunane med mutert virus i løpet av dei siste 10 døgn. Oversikten over aktuelle kommunar vil bli oppdatert ved endringar. Les meir om kva kommunar dette gjeld her: Forskrift om smitteverntiltak mv. ved koronautbruddet (covid-19-forskriften) - Kapittel 5A. Forsterkede smitteverntiltak i enkelte kommuner – særlig høyt tiltaksnivå - Lovdata
  • Pasientar som har vore i aktuelt område i det aktuelle tidsrom og allereie er innlagt eller akutt innleggast i sjukehus, skal testast for SARS-CoV2-smitte og isolerast inntil negativt prøvesvar føreligg.
  • Planlagt behandling hos elektive pasientar som har opphalde seg i aktuelle kommunar siste 10 dagar kan vurderast utsatt i ti dagar dersom det er medisinsk forsvarleg. Alternativt teste om mogleg, negativ test opphevar ti dagars utsetting.
  • Tilsette som har vore i aktuelt område i aktuell tidsperiode skal avlegge negativ test før retur til jobb. Ved negativ test skal munnbind uansett brukast i all pasientkontakt innan 1 meter i ti dagar. Det anbefalast retest etter 7 dagar.
  • Bruk av munnbind på sjukehus: I alle situasjonar der det ikkje kan oppretthaldast ein meter avstand skal tilsette nytte munnbind, foreløpig gjeldande i to veker. Polikliniske pasientar og besøkande bør nytte munnbind i situasjonar der det ikkje er mogleg å halde 1 meters avstand.
  • Det er høve til å bruke andedrettsvern ved diagnostikk og behandling av pasientar med krevjande symptomatogi og store pleiebehov, særleg i situasjonar det er utbrot. Inntil vidare gjeld dette i to veker.