Helsenorge

Tilsett ved Odda sjukehus har testa positivt for covid-19

Prøva som er avlagt ved sjukehuset gjer at tolv pasientar og fem andre tilsette no blir satt i karantene

Odda sjukehus. (Foto)
Odda sjukehus.

Dei det gjeld blir varsla måndag kveld. 

Dette vil ikkje påverke drifta ved Odda sjukehus.

– Drifta på sjukehuset vil gå tilnærma normalt i morgon, seier John Conrad Brandsø, klinikkdirektør medisinsk klinikk Haugesund og Odda.

Det har vore eit samarbeid mellom sjukehuset og Ullensvang kommune i kartleggingsarbeidet av nærkontaktar.

Oppdatering 20.14: Det blei først oppgitt at elleve pasientar blir satt i karantene, dette er no endra til tolv.