Tilbyr fleire sjukepleiarar fast heiltidsjobb

Med traineeordning og bemanningssenter vil Helse Fonna både tilby fleire sjukepleiarar fast heiltidsjobb, bidra til kompetansebygging og sikre rett kompetanse på rett stad. No blir fleire ledige stillingar lyste ut som faste heiltidsstillingar.

– Fordelane er store for både pasientane, medarbeidarane og arbeidsgivar, seier funksjonsleiar i Bemanningssenteret i Helse Fonna Beate Lyngstad. Bemanningssenteret blei oppretta i 2011 og har vore ein suksess.

Bemanningssenteret 2018 - foto Eirik Dankel - nett.jpg

SUKSESS: Beate Lyngstad er funksjonsleiar i Bemanningssenteret og ser store fordeler med å ha interne vikarar å tilby avdelingar med kortare og lengre fråver. Foto: Eirik Dankel

– Vi har ei stadig større gruppe av fast tilsette sjukepleiarar med allsidig og brei kompetanse som kan dekke opp kortare og lengre fråver i avdelingane ved sjukehusa våre. Når vi kan bruke fast tilsette er det enno lettare å tilby rett kompetanse til rett avdeling enn når vi leiger inn vikarar, seier Lyngstad.

Sjå våre ledige stillingar

 Heiltidsjobb viktig i etableringsfasen

Ho trur dette er bra for å bygge kompetanse og bidra til auka kvalitet og pasienttryggleik. Sidan mai i fjor har alle ledige stillingar for helsefagarbeidar, sjukepleiar og merkantilt personell i Helse Fonna blitt lyst ut som heile, faste stillingar i Bemanningssenteret. Der får medarbeidaren éin del av stillinga si ved ei fast avdeling, medan resten av stillinga blir brukt til å dekke opp fråver i andre avdelingar ved behov.

– Det er kjekt å kunne tilby fast heiltidsjobb, og vi veit at dette er viktig særleg for yngre sjukepleiarar i etableringsfasen. Ein annan stor fordel er at dei får brukt meir av kompetansen sin når dei får jobbe ved ulike avdelingar. Mange trivs godt med denne variasjonen, seier Lyngstad.

Ho ser at dei erfarne sjukepleiarane i Bemanningssenteret på denne måten bidrar med sjukepleiefagleg kunnskap på tvers av avdelingar, noko som gir meirverdi for organisasjonen. Fleire av dei som jobbar i Bemanningssenteret fortel at dei ofte får brukt kompetanse dei har frå éi avdeling i dei andre avdelingane.


Fast jobb for nyutdanna

Dei siste fem åra har også heilt nyutdanna sjukepleiarar fått ei eiga traineeordning som gir fast stilling. Ordninga har fungert så bra at Helse Fonna vil i 2019 lyser ut fem nye traineestillingar.

– Som trainee får nyutdanna sjukepleiarar fast stilling i hundre prosent, der dei i løpet av to år får jobbe innan både medisin, kirurgi og psykisk helsevern, seier Lyngstad, som fortel at dei får søkjarar frå heile landet.

– Det er eit kinderegg for sjukepleiarane: Dei får breidde i sjukepleiefaget, dei får prøve ut kva område av sjukepleiefaget dei trivs best med og dei er sikra fast heiltidsjobb når traineeperioden er slutt, seier Lyngstad.