Tid for endring i Helse Fonna

Det er tid for endring i Helse Fonna. Ny utviklingsplan, førebuing til å ta i bruk nytt sjukehusbygg i Haugesund og stram økonomi krev endringar. Det er teikna eit nytt organisasjonskart som skal takast i bruk fram mot sommaren 2019.

Styret i Helse Fonna har tidlegare vedteke sak om nytt sjukehusbygg i Haugesund, den overordna utviklingsplanen for føretaket og dei er orientert om prosess for organisasjonsendring. I styremøte i dag var styret godt nøgd med framdrifta i det omfattande arbeidet. Samstundes er dei bekymra for den økonomiske situasjonen og maner til stram styring. Helse Fonna ligg vel 14 millionar kroner bak budsjett ved utgangen av august. Resultatkravet er på 40 millionar kroner i 2018.

– Det er viktig å klare resultatkravet for å sikre framtidige investeringar i ambulansar, medisinsk utstyr, bygg og vedlikehald, seier styreleiar Kjell Arvid Svendsen i Helse Fonna.

ByggHaugesund2020

Dei største endringane er det medarbeidarane ved Haugesund sjukehus som vil oppleve fram mot innflytting i nytt bygg i 2021. I nytt sjukehusbygg blir det mellom anna felles akuttmottak, felles avdeling for hjarte- og lunge sjuke, ny avdeling for aldersmedisin, ny fødeavdeling, ny stor observasjonspost og nytt akuttmottak som er felles for både fysisk og psykisk sjuke. I tillegg skal laboratoria bli fullautomatiserte og det blir nye operasjonsstover. Dette vil føre til at medarbeidarane må arbeide på ein annan måte enn i dag, mange i nye lokale og med nytt utstyr.

– Det er nødvendig å endre seg for å tilpasse seg nytt bygg og for å sikre at vi har eit økonomisk handlingsrom, seier styreleiar Kjell Arvid Svendsen. Han vil saman med resten av styret bli jamleg oppdatert på endringsarbeidet i tida framover.  Overordna er allereie gjennomført endringar på direktørnivå og alle seksjonar i heile føretaket skal bytte namn frå seksjon til avdeling. Ny klinikkdirektør for medisin i Haugesund og Odda er John Konrad Brandsø. I Odda er Kari Marie Tjelmeland ny stadleg leiar.

Odda

Styret i Helse Fonna er jamleg orientert om Odda sjukehus og korleis tidlegare vedtak og føringar frå statsråd Bent Høie er følgt opp. I eit tillegg til Oppdragsdokumentet sendt til Helse Vest i 2017 slo statsråden fast at Odda skal vere eit akuttsjukehus. Mellom anna står det at:

 «sjukehustilbodet i Odda skal vere forsvarleg, forutsigbart og ivareta tryggleiken, og vere ein viktig del av beredskapen for befolkninga» og  «det skal vere kirurg/ortoped tilgjengeleg på døgnbasis, det sama gjeld anestesilege og medisinsk overlege».

I Odda i dag er det også vakt innan radiologi og laboratoriefunksjonar.

– Det har vore ein viktig gjennomgang av tilhøva ved Odda sjukehus, seier Svendsen. Orienteringa vil bli sendt Helse Vest. Svendsen påpeikar at det tidvis har vore vanskeleg å sikre mellom anna anestesilege i vakt ved akutt sjukefråvær i Odda. Dette har blitt løyst i samarbeid med Haugesund sjukehus. Administrerande direktør Olav Klausen hadde i førre veke allmøte i Odda. Både medarbeidarar og leiing arbeidar saman for å oppretthalde eit godt sjukehustilbod i Odda.

Orientering om Odda sjukehus

Pasientskadeerstatning

Norsk pasientskadeerstatning (NPE) skal sikre at pasientar som har fått skade etter feilbehandling får erstatning for økonomisk tap og varige mein. Ordninga med pasientskadeskadeerstatning er ei god ordning for pasientar som blir utsett for feil. I mange land må den enkelte pasient gå til sak mot sjukehuset om det blir gjort feil i behandling, i Noreg blir erstatningskrav mot sjukehusa handtert av Norsk pasientskadeerstatning. Nasjonalt har det vore ei auke i saker på fire prosent frå 2016 til 2017, medan det i Helse Fonna har vore eit stabilt tal på saker i same tidsperiode. I 2017 var det 105 saker som blei ferdigbehandla i NPE angåande behandling i Helse Fonna. 21 prosent av desse klagene fekk medhald. Dette er lågare medhaldsprosent enn i Helse Vest som har 23 prosent, og landsgjennomsnittet som er 28 prosent . Ortopedi, svulstar og kreftsjukdomar står for 60 prosent av sakene som fekk medhald, dette samsvarar med det nasjonale tall. Helse Fonna drøfter sakene frå pasientskadeerstatninga både i klinikkane og i Kvalitetsutvalet for å lære av feil. Sakene blir brukt aktivt i kvalitetsforbetringsarbeid. Pasientar blir oppfordra til å melde inn skade etter feilbehandling.

Forsking

Styret i Helse Fonna blei i dag orientert om forsking og innovasjon i føretaket. Helse Fonna har i fleire år hatt ei auke i forskingsproduksjonen. I 2017 hadde Helse Fonna 67 publiserte vitskaplege publikasjonar. I tillegg til at forskingsaktiviteten har auka er det fokusert på formidling av forskinga.  I 2017 hadde forskarane 67 populærvitskaplege føredrag, deltok på 11 forskingskonferansar med abstrakts og publiserte 13 artiklar eller kronikkar som ikkje er vitskaplege.

– Det er gjort eit framifrå arbeid innan forsking og innovasjon i Helse Fonna. Styret har tidlegare blitt presentert strategi for forsking i Helse Fonna og det er godt å sjå at dette blir følgt opp på ein så god måte, seier Svendsen. Forsking er ei lovpålagt oppgåve for helseføretaket. I tillegg er det slik at eit sterkt forskingsmiljø er viktig for rekruttering av dyktige fagfolk, seier styreleiaren. I 2017 ble Helse Fonna kreditert ei doktorgrad.