Helsenorge

Ti år med internt vikarbyrå

Helene Holm Grasdal og Hedvig Hetland er to av rundt 90 sjukepleiarar og helsefagarbeiderar som er tilsette i Bemanningssenteret. Dei trivst godt med varierte oppgåver i ulike avdelingar.

Ho jobbar på begge dei medisinske sengepostane, på spesialisert rehabilitering , og på kirurgisk på Stord sjukehus. For Helene Holm Grasdal (28) er ikkje varierande veker på ulike avdelingar noko ulempe. Heller tvert imot. Ho stortrivst som sjukepleiar i bemanningssenteret på Stord.

helene holm grasdal.jpg

Nøgd: Helene Holm Grasdal har i fleire år hatt sommarjobb på Stord sjukehus, så jobba ho to år som trainee-sjukepleiar, og no har ho varierte arbeidsdagar som tilsett i bemanningssenteret. Foto: Magne Kydland

– Eg får god breiddeerfaring, og kan såleis bruke nokre år på å finne ut kva eg likar best. Eg kan litt om mykje, men eg får jo ikkje same spisskompetansen som dei som berre jobbar ein stad. Samstundes kan eg ta med meg rutinar og erfaringar frå ei avdeling, og inn på ei anna, forklarar Holm Grasdal som verkeleg har gått gradene på Stord sjukehus: Først som fast sommarvikar då ho studerte sjukepleie i Bergen, og då ho var ferdig utdanna, jobba ho to år som trainee-sjukepleiar.

– Denne ordninga er midt i blinken for meg, seier ho – og rosar Helse Fonna si trainee-ordning.

Tilbake etter 12 år​

Hedvig Hetland treff vi på gynekologisk poliklinikk på Haugesund sjukehus denne dagen. Her har ho vore før. Mange gonger. Men ho er også på fire andre avdelingar: gynekologisk sengepost, barneavdelinga, ortopedisk og​ ein medisinsk sengepost​​​. 44-åringen kom i fjor tilbake att til Helse Fonna, etter 12 år på legevakta.

– Det var kjekke, men hektiske år på legevakta. Eg følte behov for forandring, og Haugesund sjukehus kjenner eg jo frå før. Eg jobba her fram til 2009. Men i dei tolv åra eg var vekke, har eg likevel hatt ekstravakter på sjukehuset, så eg klarte jo aldri å gje heilt slepp, fortel Hetland. Ho likar variasjonen i jobben.

hedvig-hetland.jpg

Kom tilbakeEtter tolv år på legevakta kom Hedvig Hetland tilbake til Helse Fonna. Ho er no tilsett på Bemanningssenteret, og likar variasjonen i jobben. Foto: Magne Kydland

– I løpet av ei veke kan eg vere innom fire ulike avdelingar. Eg stortrivst i bemanningssenteret. Som sagt, eg følte behov for litt endring. No er det endring frå dag til dag, seier Hetland. Ho fekk sjølv komme med ynskjeliste på kva avdelingar ho mest ville jobbe på, og ynskja har blitt oppfylt.

– Det er mange fordeler med å ha det slik, og eg lærer masse. Og så er det jo kjekt når eg kan ta med lærdom frå ei avdeling inn på ei anna, seier Hedvig Hetland.

Fyller ti år​​

Bemanningssenteret er Helse Fonna sitt eige interne vikarbyrå. Her skal medarbeidarane løyse forskjellige arbeidsoppgåver på ulike postar innan kirurgi, medisin og psykiatri. Datoen som første vakt vart lånt ut var den 7. juni 2011. Såleis kan vi seie at Bemanningssenteret fyller ti år i dag. Men avdelinga såg dagens lys nokre månader i forkant av denne datoen.

Bemaningssenteret 2021 - foto Eirik Dankel_19.jpg

Jubileum: Denne veka er det ti år sidan den første sjukepleiaren vart lånt ut i frå Bemanningssenteret. Her er gjengen som jobbar på Bemanningsavdelinga på HR. Her er dei som jobbar administrativt med BS. Frå venstre Stine Kleppa Iversen, Inger Lise Wiestad, Tove Margareth Rossebø Haukås, Signe Elisabeth Hetland, Sølvi Elisabeth Strand Gjerde og Beate Sirnes Lyngstad. Foto: Eirik Dankel  

Vedtaket om å opprette eit eige bemanningsenter vart gjort i direktørmøte i oktober 2010. Grunngjevinga var for å møte utfordringar knytt til økonomi og rekruttering, og få betre kontroll over lønnskostnader, behalde kompetanse og sikre rekruttering på kort og lang sikt.

Første utlysing blei gjort i april 2011, då ein søkte etter sjukepleiarar i full stilling. Det melde seg 19 søkjarar, og 28 søkjarar til vikarstillingar. Bemanningssenteret hadde ein gradvis oppstart. Ved utgangen av 2011 var det 19 tilsette i varierande stillingsprosentar i Haugesund og åtte årsverk på Stord.

90 med​​arbeidarar

Leiar og rådgjevar hadde møte med dei resptektive klinikkleiarane før oppstart. Det var nok ein del skepsis knytt til dette. Enkelte var redde for å miste kontrollen, og dessutan måtte dei leggje inn noko av sine budsjetterte midlar for variabel løn til prosjektet, fortel Liv Marit Vedøy, som var leiar av Bemanningssenteret frå oppstart til august 2019.

Bemaningssenteret 2021 - foto Eirik Dankel_12.jpg

Starta opp: Liv Marit Vedøy (t.v.) og Inger Lise Wiestad var med og starta opp Helse Fonna sitt bemanningssenter for ti år sidan. Foto: Eirik Dankel

Medisinsk klinikk var den klinikken som først blei med – dette fordi dei også hadde erfaring med liknande ordning – eigen vikarpool. Det vart tildelt 65 vakter i medisinsk klinikk i juni dette året. Til samanlikning tildelte bemanningssenteret 721 vakter til postane i april i år.

Kirurgisk klinikk i Haugesund og kirurgi Stord var neste med - frå juni 2011 og klinikk for psykisk helsevern i september 2011.

I dag er det om lag 90 faste medarbeidarar i bemanningssenteret, der ein tredjedel av desse har full stilling.

Med​ frå starten

Bemanningsenteret overtok bestilling av innleigevikarar frå byrå frå sommaren 2011, og har også ansvaret for trainee-ordninga, som såg dagens lys i 2014. Helse Fonna har gjennomsnittleg fem sjukepleiar som er med i trainee-ordninga per år.

Bemanningssenteret var også involvert i endringsprosessen på Valen sjukehus og Folgefonn DPS (distriktspsykiatrisk senter), som starta i 2013 og varte i fleire år, og dei har hatt ansvar for to sjukepleiarar som var tilsette i ein vikarpool ved Odda sjukehus nokre år, for å sikre rekruttering og bemanning til sjukehuset.

Ordninga har også gjort at ferieavvikling om sommaren har blir meir føreseieleg.

– Dei tilsette i bemanningssenteret utviklar brei og god kompetanse. Dei blir kjende med ulike postar, og finn med det ut kva fagområde dei trivst best med. Dermed blir dei gode kandidatar ved utlysing av stillingar i ulike postar, eller til vidareutdanning. Men nokon likar også veldig godt variasjonen som bemanningssenteret kan gje, og jobbar her i mange år, fortel funksjonsleiar Beate Sirnes Lyngstad.

Ei av dei som har vore med heilt frå starten er Linda Haugland.

–​ Det er mange grunnar til at eg trivst godt som sjukepleiar i bemanningssenteret. Fast jobb og full stilling med ein gjensidig og fleksibel arbeidsavtale, der ein kan vere med å utforme turnusen, er viktig for meg. Det er kjekke leiarar, som er tilgjengelege. I tillegg så likar eg å stadig lære noko nytt, og å treffe og bli kjend med kollegaer på tvers av fagkompetanse, forklarar Haugland.​