Helsenorge

Terapihunden Tango jobbar med rus og psykiatri i Helse Fonna

Når uniformen er på er Tango på jobb. Den fem år gamle storpuddelen deltar i behandling av pasientar innan alderspsykiatri og rus.

–  Eg får jo nokre rare blikk når eg går gjennom gangane på sjukehuset med ein svær, svart hund, seier vernepleiar Synnøve Bremer Skarpenes.

​Det er ho som eig, trenar og jobbar med storpuddelen Tango. Og dette er ikkje ein besøkshund. Tango er sertifisert terapihund, og Synnøve har utdanning innan dyreassisterte intervensjonar med hund frå Norges miljø- og biovitenskaplige universitet, NMBU.

Terapihund Tango 2021 - foto Eirik Dankel_1.jpg

HJARTEMEDISIN: Terapihunden Tango deltar i behandling av pasientane. Han kan bidra med ro, meistring, kos og nærvær. Foto: Eirik Dankel/Helse Fonna


Ikkje forstyrr ein hund i arbeid

– Tango har vore med meg på jobb sidan han var ni veker. Folk på alderspsykiatrisk post og avrusingsposten kjenner oss godt, for no er Tango fem år.

Nyleg har Synnøve bytta kontor. Ho og Tango må derfor passere gjennom resepsjonen ved hovudinngangen på Haugesund sjukehus og møter mange nysgjerrige på sin veg.

– Det er fint at folk er positive til Tango, men han skal helst ikkje forstyrrast når han jobbar, seier Synnøve.

Terapihund Tango 2021 - foto Eirik Dankel_3.jpg

TERAPIHUND: Tango jobbar i klinikk for psykisk helsevern og møter pasientar innan rus og alderspsykiatri. Her saman med eigar Synnøve Bremer Skarpenes Foto: Eirik Dankel/Helse Fonna


For Tango er ein hund etter jobb. Frå han var valp har han blitt trena til å møte og handtere alle typar menneske og situasjonar. Han skal halde seg roleg og tole både tilbaketrekte og utagerande pasientar. Då han var tre år blei han sertifisert som terapihund.

– Det eg og Tango driv med heiter dyreassistert terapi. Det krev at eg har nødvendig utdanning på universitetsnivå og at aktiviteten er ein integrert del av ein behandlingsprosess. Den skal vere tidsavgrensa, den skal dokumenterast og den skal evaluerast, seier Bremer Skarpenes.

Min dag ble reddet av Tango. Jeg var depressiv den dagen og så kom han bort til meg og tok alt stress og negativitet og sug på mine medisiner. Han forandrer miljøet på posten, så jeg gleder meg til å møte han igjen

Pasient

​Det er i fleire samanhengar dokumentert at dyr kan ha positive effektar på menneske både psykisk og fysiologisk. I dyreassistert terapi blir dette brukt systematisk. Målet kan vere at pasienten skal oppleve meir ro, redusert stress, auka mestringskjensle eller fremme sosial interaksjon.

 

Den første sertifiserte terapihunden i sjukehus

Synnøve Bremer Skarpenes hadde lang erfaring med terapihundar då ho fekk jobb i Helse Fonna i 2015. Det tok ikkje lang tid før ho fekk klarsignal til å starte opptrening av ein terapihund som skulle vere eit supplement til den ordinære behandlinga. Synnøve skryt av leiarane i klinikk for psykisk helsevern og rus som har vore så opne for nye tankar.

– Eg blei positivt overraska over at det var så enkelt å kome i gang. Terapidyr er ikkje vanleg i det offentlege helsevesenet, og eg hadde trudd at eg måtte jobbe lenge for å få dette til.

Tango blei den første sertifiserte terapihunden i eit norsk sjukehus. No har Helse Fonna i tillegg til Tango ein terapihund ved BUP Haugesund.

Jeg slet veldig med depresjon etter flere netter uten nok søvn. Tango møtte meg i døren og jeg følte at han skjønte at jeg slet den dagen. Jeg hadde en god følelse av å bli forstått uten å forklare meg. Resten av dagen tenkte jeg på besøket med en god følelse inni meg. Problemet mitt var vekke uten tabletter

Pasient

Dåverande leiar ved alderspsykiatrisk post, Turid Mattson, var positiv frå starten:

– Eg hadde høyrt ein del om terapihundar, og visste at det var bra særleg for vår pasientgruppe. Dei er gjerne urolege og forvirra. Hunden gjer at dei roar seg og får kost masse. Det blei enno kjekkare enn vi trudde på førehand, både for pasientar og vi som jobbar her. Vi er opne for forskingsbaserte terapiar, og effekten av dyreassistert intevensjon er veldokumentert. Når det gjeld vår pasientgruppe, er det ikkje alltid medisinar som fører fram. Det er samver, tid og relasjonar. Der passar Tango veldig godt inn.

Terapihund Tango 2021 - foto Eirik Dankel_10.jpg

UNIFORM: Når vesten er på, veit Tango at han er på jobb. Då utfører han oppgåvene som eigar og trenar Synnøve Skarpenes har lært han. Foto: Eirik Dankel/Helse Fonna

Slik fortel Synnøve sjølv om korleis ho og Tango jobbar

​«Når jeg kommer inn i en sengepost, ser jeg først og fremst den umiddelbare effekten Tango har på pasientene. De lyser opp og ønsker kontakt med hunden. Tango blir fort et samtaleemne som de fleste pasientene kan si noe om. For eksempel blir ofte pelsen hans kommentert, at han har så fine krøller. Og det at han er så rolig, ser jeg tydelig gjør at de urolige pasientene ofte blir påvirket av ved at de roer seg litt ned selv. Jeg får ofte høre fra personalet i etterkant at Tango var et positivt samtaleemne i avdelingen lenge etter at vi har gått fra avdelingen. Pasientene på avgiftningsposten gir svært ofte uttrykk for at Tango utgjør en kjærkommen adspredelse fra en ellers rutinepreget og ofte kjedelig hverdag som innlagt. Tango skaper mange gode samtaler. 

På grunn av koronasituasjonen har ikke Tango vært på jobb siden mars 2020. Men han har vært høyt etterspurt hele tiden av behandlere, avdelingsledere og kollegaer. 1. desember kunne jeg endelig ta med Tango på jobb igjen, så nå ser vi fram til å fortsette med den god jobben han gjør.»