HELSENORGE

Talet på pasientar med covid-19 aukar

Det er tysdag innalgt åtte pasientar med covid-19 i Helse Fonna.

Fleire pasientar med covid-19, høgt sjukdomsfråvær blant medarbeidarar og generelt stort trykk på avdelingane gjer at Helse Fonna framleis er i ein pressa situasjon.

Talet på pasientar med påvist covid-19 er i dag åtte. Alle ligg på Haugesund sjukehus. Ingen av dei får intensivbehandling.

Lungeavd - foto Eirik Dankel.jpg

Travle dagar: Funksjonsleiar Ranveig Neset Enerstvedt (t.v.), spesialsjukepleiar Magda-Lovise Tendal Steiro og kollegaene på lungeavdelinga på Haugesund sjukehus må ta seg av stadig fleire pasientar som er smitta med covid-19. Foto: Eirik Dankel


Smitta medarbeidar​ar

Det har ikkje komme fleire positive prøvar knytt til nærkontaktar av dei fire medarbeidarane som er koronasmitta, men det har komme melding om at medarbeidarar i andre avdelingar i Helse Fonna har fått påvist covid-19.

- Smittesporing og testing pågår. Eg vil understreka at medarbeidarane som har blitt smitta har vore flinke til å gjennomføre smittevern, slik at ingen av nærkontaktane har blitt smitta så langt, seier administrerande direktør Olav Klausen i Helse Fonna.

Analysemaskinen som har vore ute av drift sidan i førre veke er no oppe og går att.

 

Helse Vest i grøn ber​​​edskap

Frå 9. november går Helse Vest RHF i grøn beredskap. Alle fire helseføretak i regionen – Helse Stavanger, Helse Førde, Helse Fonna og Helse Bergen – er no i beredskap.

Årsaka er at fleire pasientar med covid-19 blir lagde inn på sjukehusa. I tillegg aukar talet på personar som får påvist korona. På same tid er fleire born innlagde på sjukehus med RS-virus.

I tillegg er altså alle dei fire føretaka i Helse Vest no i beredskap.

 

Dette betyr ​​dei ulike nivåa

Grøn beredskap er det lågaste nivået, og som Helse Fonna har vore i sidan fredag 5. november. Det betyr at det er ein uavklart situasjon, der det kan bli behov for ekstraordinære ressursar og tiltak. Situasjonen krev auka merksemd.

Gul beredskap vil seie at ei uønskt hending med avgrensa omfang har skjedd. Situasjonen må handterast med utvida innsats eller ekstraordinære ressursar og tiltak.​