HELSENORGE

Styret godkjende spareplanen

Slik skal Helse Fonna spare 69 millionar kroner resten av året.

Eit resultat på nærare 60 millionar kroner under budsjett for årets to første månader gjer at Helse Fonna må innføre ei rekkje små og store tiltak. Størstedelen av ekstrautgiftene knyter seg til ekstra overtid og innleige som følgje av pandemien. Ved å redusere dette, kan føretaket spare 26 millionar kroner resten av året.

Å redusere lager av reagens for covid-diagnostikk kan spare 10 millionar kroner. Helse Fonna vil også sjå nærare på korleis ein kodar diagnosar korrekt, med eit håp om å auke inntektene med opptil 10 millionar kroner utover i året.

styret-mottaket.JPG

Omvising: Styremøtet vart halde på Stord, og klinkkdirektør Anne-Beth Njærheim (t.h.) viste styret rundt på Stord sjukehus. Her frå akuttmottaket. Foto: Magne Kydland

 

Ros​​​ar samarbeidet

I tillegg til tiltaka, så er den ekstra lønsavtalen knytt til pandemi avslutta. Avtalen har kosta i snitt over 10 millionar kroner i månaden.

​ Hovudfokuset har vore på tre område: Avvikle lønsavtalen, auke aktiviteten og dermed også inntektene, og redusere talet på månadsverk, som har auka i samband med pandemien. Ingen fast tilsette skal miste jobben på grunn av tiltaka, og vi må ta omsyn til kvalitet, pasienttryggleik og arbeidsmiljø når vi gjennomfører tiltaka, forklarar administrerande direktør Olav Klausen.

Dei tillitsvalde og føretaksverneombodet vart informerte tidleg i prosessen, og tiltaka vart formelt drøfta 5. april.

​ Det er ikkje noko kjekt å kommunisere dette ut, etter to år med pandemi. Men etter tilbakemeldingane å dømme har folk forståing for at vi må gjere dette. Eg vil også rose samarbeidet med dei tillitsvalde og vernetenesta, seier Klausen, som takkar medarbeidarane for den store innsatsen i 2022, og gjennom heile den lange og krevjande pandemien.

 

Vil ha ned sjukefråvære​​​t

Administrasjonen har lagt fram ei tiltaksliste som potensielt kan gje 69 millionar kroner i innsparing frå april til desember. Styret rosa administrasjonen for jobben som er gjort, og ber dei om å halde fram arbeidet med tiltak for å ta opp aktivitet og redusere utgifter. Styret ber også administrerande direktør om å rapportere effekt av tiltaka regelmessig.

​ Veldig godt jobba, og gode prosessar er i gang. Men denne saka må på bordet på kvart styremøte framover, med effekt av dei ulike tiltaka. Vi kan sjå på dette på to måtar: Anten som brannsløkking, eller at det er nyttig arbeid, der ein ser på måten ein driv på. Eg trur dette kan vere ein nyttig prosess, både i organisasjonen, men og mellom styret og administrasjonen. Gjer vi ikkje jobben skikkeleg no, risikerer vi å komme tilbake med noko som gjer verkeleg vondt i neste omgang, uttalte styreleiar Petter Steen jr. i møtet. Han meiner også det er viktig å få ned sjukefråværet.

​ Det er lov å vere sjuk, og det har vore ein låg terskel for fråvær. Men no bør vi sjå nærare på korleis vi kan redusere sjukefråværet, sjølvsagt på lag med organisasjonane. Sjukefråvær er mykje av årsaka til kostnadssprekk når det gjeld vikarar og innleige. Difor er det formålsteneleg at vi ser på gode prosessar for å få sjukefråværet ned fortare på styremøtet i juni, påpeikar styreleiaren.

styret-føden.JPG

Føden: Styret fekk også ein liten kik inn på eitt av dei flotte familieromma på fødeavdelinga på Stord. Frå venstre Pernille Nylehn, Ingvill Skogseth, Grete Müller (leiar i brukarutvalet), styreleiar Petter Steen jr. og ​Åse-Berit Apeland Rolland (t.h.). Foto: Magne Kydland

 

Fleire heiltidsstillingar​​

I samband med tiltakslista blir det foreslått å auke omfanget av traineestillingar som vil kunne dekke ledige vikariat/ledige vakter på mange avdelingar, og ein vil såleis kunne unngå innleige og overtid.

​ Søknaden til desse stillingane er god, og er også i tråd med prinsippet om å bygge heiltidskultur. Det vil bli eit generelt auka fokus på å rekruttere i ledige stillingar for å unngå unødvendig innleige og bruk av vikarbyrå, heiter det i saka til styret.

Ein del av dei tapte inntektene kan skuldast utilstrekkeleg koding. Pasientane skal kodast medisinsk korrekt, føretaket har erfaringsmessig eit etterslep på  korrekt koding. Dette vil det bli arbeidd systematisk med frametter.

I styremøtet vart årsrapporten for 2021 gjennomgått og godkjent. Helse Fonna enda i fjor med eit underskot på 86,4 millionar kroner som er 120,4 millionar kroner lågare enn resultatkravet frå eigar.

 

Fellesmøte​

Styremøtet var på Stord, der styret fekk orientering om drifta, og ei omvising på Stord sjukehus. Siste del av møtet var felles med styret i Helse Vest, som også hadde lagt sitt styremøte til Stord denne gongen. Overlegane Bodo Günther og Ole Marius Ekeberg presenterte høvesvis sårpoliklinikken og Spesialisert behandling, noko dei hausta mange lovord for.

​ ​Det er imponerande og sjå og høyra kva ein kan få til på eit lite lokalsjukehus, så lenge ein har engasjerte og flinke medarbeidarar, var tilbakemeldinga frå adm. dir. Inger Cathrine Bryne i Helse Vest.

styret-bodo.JPG

Engasjert: Bodo Günther heldt eit inspirerande innlegg om korleis dei driv sårpoliklinikken på Stord sjukehus. Foto: Magne Kydland

styret-ekeberg (2).JPG
Gode tilbakemeldingar: Ole Marius Ekeberg fortalde om spesialisert rehabilitering, og fekk mange gode tilbakemeldingar frå styremedlemmer både i Helse Vest og Helse Fonna. Foto: Magne Kydland