Styret fordjupa seg i faktorar rundt sjukefråver

Sjukefråver var tema både som sak i styret og som fordjuping i det påfølgjande styreseminaret på Stord i dag.

I styremøtet sto den årlege gjennomgangen av sjukefråveret på sakskartet. I styreseminaret same ettermiddag delte påtroppande fylkesdirektør i Nav Rogaland Merethe Prytz Haftorsen viktig kunnskap om sjukefråver i eit samfunnsperspektiv, medan leiar ved intensiveininga Haugesund sjukehus Hege Østensjø ga innsikt i korleis dei jobbar med det gode arbeidsmiljøet for å førebygge sjukefråver.

- Kva skal til for at vi ønsker å gå på jobb kvar morgon? Noko av det viktgaste er gode kolleger, trivsel og ei kjensle av at det er bruk for meg, eg har ein meiningsfull jobb, sa Østensjø. Ho fortalte også om kollegastøtte, teamtrening og fagleg utvikling.

    hege-østensjø-foto-Stina-Steingildra-2-intranett.jpg
DELTE ERFARINGAR: Hege Østensjø har jobba ved intensiveininga sidan 1996, dei siste to åra som leiar. Foto: Stina Steingildra
 
– Det blir gjort mykje bra i Helse Fonna for å skape trivsel på jobb, førebygge sjukefråver, leggje til rette for og følgje opp den enkelte medarbeidar. Eg håpar einingane lærar av kvarandre og hentar fram det beste, seier styreleiar Kjell Arvid Svendsen.

Justerer ned årsresultatet

I styremøtet blei det også orientert om status på kvalitetsindikatorar og økonomi. Innan fleire område er ventetidene på veg ned att etter ein periode med auke, og ligg nå under eller nær krava. Særleg i barne- og ungdomspsykiatrien er ventetida gått ned og ein reknar med å innfri det regionale kravet innan kort tid. Administrerande direktør Olav Klausen kunne også melde at tal fristbrot og korridorpasientar er gått ned i perioden.

Sjølv om det økonomiske resultatet for førre periode var positivt, er det akkumulerte overskotet lågare enn budsjettert. Låg aktivitet innan somatikk, der særleg Stord og Odda sjukehus har hatt få innlagte pasientar, og høre personalkostnadar er ein del av utfordringsbildet. Administrerande direktør Olav Klausen melde derfor til styret at årsprognosen er justert til 25 millionar kroner, 15 millionar lågare enn budsjett.

– Dette vil merkast på neste års budsjett ved at vi har mindre til investering og vedlikehald, sa Klausen i si gjennomgang.

Styret er dermed førebudd på at budsjettet for 2019, som blir lagt fram i neste styremøte, vil vere stramt.