Styret er uroa over mange utskrivingsklare pasientar

I dag var styret i Helse Fonna samla til det første styremøtet etter sommaren. Dei drøfta mellom anna dei mange utskrivingsklare pasientane som må ligge unødig på sjukehus og vente på tilbod frå kommunen sin.

Ein utskrivingsklar pasient er ferdig behandla ved sjukehuset og kan eigentleg reise heim. Men dersom pasienten har behov for kommunale tenester, som heimehjelp eller sjukeheimsplass, blir pasienten ventande på sjukehuset til kommunen klarer å gi dette tilbodet. Dei siste månadane har det vore mange utskrivingsklare pasientar i Helse Fonna. I august kom ein topp der i snitt 12 sjukehussenger hadde utskrivingsklare pasientar.

 

– Kommunane må ta grep

Styreleiar i Helse Fonna Kjell Arvid Svendsen seier situasjonen er vanskeleg for både pasientar, pårørande og medarbeidarar. Styret etterlyser meir handlekraft frå kommunane som har mange utskrivingsklare pasientar i sjukehus.

– Særleg dei kommunane som har mange utskrivingsklare pasientar hos oss må ta grep slik at dei kan gi desse pasientane det tilbodet dei har behov for. Det er viktig både for pasienten og for sjukehusa. Vi må frigjere den kapasiteten vi treng til pasientar som har behov for behandling i sjukehus, seier styreleiaren.

Administrerande direktør berømma overfor styret medarbeidarane som står i ein ekstra travel arbeidskvardag.

– Helsepersonell vil gi best mogleg pleie og omsorg til pasientane. Det opplever nok mange er vanskeleg i dei travlaste periodane, seier Klausen.

Han trakk fram særleg medisinsk klinikk som eit område der medarbeidarane både har ytt ekstra og sjølv tatt initiativ til å legge om nokre pasientforløp for å gi pasientane eit betre tilbod.

 

– Situasjonen må bli betre 

Når det gjeld situasjonen med utskrivingsklare pasientar viser styreleiar Svendsen til at det har vore dagleg kontakt med Karmøy kommune, som er heimkommunen til over halvparten av dei utskrivingsklare pasientane.

– Det skal no vere eit nytt møte med leiinga i kommunen der vi skal diskutere beredskap for høg aktivitet og sjå på nye tiltak både på kort og lang sikt. Situasjonen må bli betre, seier Svendsen, som også peikar på at den økonomiske belastninga er negativ for Helse Fonna:

– Den økonomiske kompensasjonen kommunane er pålagte å gi er liten samanlikna med utgiftene sjukehuset har, og hjelper dessverre ikkje på utfordringane som oppstår når vi ikkje har nok senger til pasientar som faktisk treng behandling og opphald på sjukehuset.

Internt i sjukehusa er det særleg medisinske sengepostar som kjenner på konsekvensane av situasjonen. Mellomleiarar i medisinsk klinikk sendte styret og administrerande direktør mot slutten av juni eit brev der dei løfta si bekymring for avstanden mellom oppgåvene spesialisthelsetenesta er pålagt og ressursane som følgjer med. Brevet blei lagt fram for styret i dagens styremøte, som var det første etter at brevet var sendt.

Styret uttrykte forståing for at leiarar i sjukehusa står i ein vanskeleg situasjon og la vekt på reell og formell medverknad i endringsprosessane som er i gang i helseføretaket. 

– Dette ser styret at det vil bli lagt enno meir vekt på i denne fasen av prosessen. Styret har fått ei god gjennomgang av bakgrunnen for brevet og det ligg til administrerande direktør å følgje opp dialogen med sine leiarar, seier styreleiaren.

 

Justerer bemanning og aktivitet i 2020

Etter planen skal styret i november få forslag til budsjett for 2020. I dagens møte fekk dei ei statusoppdatering på budsjettprosessen. Helse Fonna ligg til no i 2019 rundt 17,5 millionar kroner under budsjett, og administrerande direktør fortalte styret at dette er deler av grunnlaget for at budsjettet for 2020 vil bli stramt. 

– Det har vore ei auke i løn, både fast og variabel, utan at den totale aktiviteten er gått opp. Det budsjettforslaget vi får på bordet i november må ha som mål å justere dette, seier styreleiar Kjell Arvid Svendsen. 

Administrerande direktør Olav Klausen seier erfaringane frå i sommar gjer at ein særleg må planlegge ferieavviklinga annleis for 2020.

– No er ikkje situasjonen med mange utskrivingsklare pasientar løyst enno, og dersom vi ikkje ser at kommunane klarar å ta grep, vil eg sjå på om vi opnar for å vurdere andre moglegheiter for å handtere situasjonen, seier Klausen.

 

Førebur framtidas sjukehus

Styret har også forventningar til positiv effekt av dei strukturelle endringane som vil komme for store deler av somatikken ved Haugesund sjukehus når nytt sjukehusbygg står klart i 2021. For medan nybygget reiser seg på tomta vest for noverande sjukehus, førebur organisasjonen seg på endringar for å tilpasse pasientbehandlinga til ei ny tid.

Administrerande direktør Olav Klausen orienterte om dei mange medarbeidarane som denne hausten deltar i grupper som skal beskrive korleis pasientforløp, arbeidsflyt og samarbeid bør vere framover. Dette arbeidet er ein del av den endringsprosessen Helse Fonna er inne i.

Når det nye sjukehusbygget står klart sommaren 2021 vil det bli oppretta nye spesialavdelingar, enkelte fagområde skal samarbeide tettare enn før, og nye lokalar gjer det mogleg å skape betre og meir effektive forløp for fleire pasientgrupper. Mellom anna skal laboratoria bli heilautomatiserte og bidra til enno raskare og betre diagnostikk.

– Nytt sjukehusbygg er mykje meir enn veggar og tak – det gir moglegheiter for å tilpasse tilbodet vårt til dagens og morgondagens pasientar. Helse Fonna har mange dyktige og engasjerte fagfolk som her får moglegheit til å vere med å forme framtidas spesialisthelseteneste i regionen. Det blir utruleg spennande å følgje dette arbeidet framover, seier styreleiar Kjell Arvid Svendsen.

Du kan sjå sakslista for dagens styremøte her. Protokoll blir lagt fram i neste styremøte.