Styremøte 1.4.2019 – Vi må utnytte kapasiteten vår enno betre

Både målkrav og økonomi gjer at sjukehusa må drifte meir effektivt. I dag vedtok styret i Helse Fonna ein plan for korleis føretaket sine poliklinikkar betre kan planlegge og utnytte ressursane dei allereie har. Målet er kortare ventetid for pasientane og meir effektiv drift for sjukehusa.

– Diverre er det mange timar i poliklinikk som ikkje blir nytta. Det er samansette årsakar til dette, noko ligg hos pasientane og noko ligg hos oss. Den planen vi har vedtatt i dag skal bidra til at vi i Helse Fonna gjer vårt for å planlegge timane betre og sørgje for at dei blir gjennomførte, seier styreleiar i Helse Fonna Kjell Arvid Svendsen.

Ein av hovudårsaken til at timar ikkje blir nytta er pasientar avbestiller eller endre timen sin så seint at det ikkje er råd å få inn ny pasient til timen.

– Når sjukehuset tildeler timar på kort varsel er det naturleg at talet på avbestilte timar aukar. Dette fører til at kapasiteten ikkje fullt vert nytta og at ventetida ikkje blir redusert, seier Svendsen.

Ein internrevisjon gjennomført i Helse Fonna viser at langtidsplanlegginga ikkje er god nok i alle deler av føretaket. Målet er å planlegge pasienttimar minst seks månadar fram i tid.

– Nokre poliklinikkar i Helse Fonna har ein planleggingshorisont på berre seks veker, noko som gjer at ein ikkje kan nytte helsepersonellet godt nok. Konsekvensen kan bli lang ventetid for pasientane og meir sårbarheit for poliklinikkane, seier administrerande direktør Olav Klausen.

Det vil bli sett i verk tiltak for å betre opplæring av leiarar for å sikre langtidsplanlegging av timar i poliklinikk, vidare vil det bli tettare oppfølging av måloppnåing ved rapportering. Styret vil fylgje utviklinga i saka.

Kreftkirurgi i Helse Fonna

Styret i Helse Fonna vedtok i dag høyringssvar knytt til plan for kreftkirurgi i Helse Vest kor det er foreslått ny funksjonsdeling for kreftkirurgi. For pasientane betyr dette at enkelte kreftdiagnosar blir operert lokalt, medan andre former for kreft blir operert i Bergen/Stavanger eller nasjonale sjukehus. Målet er å sikre kvalitetsmessig god pasientbehandling basert på gjeldande føringar.

Planen skal vidare sikre god utnytting av samla kirurgisk kapasitet og skal gi god og lik kvalitet i pasientbehandlinga same kor den skjer. For pasientar i Helse Fonna betyr planen at det ved Haugesund sjukehus framleis skal gis tilbod om kirurgi ved brystkreft, nyrekreft og tjukk- og endetarmskreft. Dette er i tillegg til deler av kreftkirurgien innan hud, gynekologi og prostata. Det skal ikkje vere kreftkirurgi ved Stord sjukehus eller Odda sjukehus, dette er i tråd med praksis dei siste åra.

– Tilrådinga frå prosjektgruppa som har arbeidd med kreftkirurgi er tilfredstillande for Helse Fonna og sikrar god kvalitet og likeverdige tenester til pasientane våre, seier Kjell Arvid Svendsen.

Plan for kreftkirurgi og annan elektiv kirurgi skal vedtakast endeleg av styret i Helse Vest.

Planlagt kirurgi

Når det gjeld annan planlagd kirurgi peikar prosjektgruppa på at det er viktig at denne blir styrkja i føretaka og at tilbod og kapasitet blir nytta lokalt. Pasientar heimehøyrande i Hardanger, Sunnhordland eller Haugalandet må få tilbod om operasjon i eige føretak slik at dei slepp å reise til Universitetssjukehusa. Å oppretthalde kirurgisk aktivitet i Helse Fonna er viktig for å oppretthalde robuste vaktteam ved sjukehusa. 

– Når det gjeld planlagd kirurg er eg særs nøgd med at prosjektgruppa skriv i sin rapport at det bør startast eit arbeid for å snu pasientstraumar særleg frå Helse Bergen mot Helse Fonna og Helse Førde. Dette er eit viktig signal som vi vil fylgje opp, seier Svendsen.

Ambulansebåt. (Foto)

Den nye ambulansebåten i Helse Fonna.

Ny ambulansebåt

I dag klokka 11 overtok Helse Fonna den heilt nye og moderne ambulansebåten som har fått namnet Rosedoktoren. Dette er kanskje den mest funksjonelle ambulansebåten som er bygd i Noreg, og er framtidsretta når det gjeld pasientbehandling, universell utforming og HMS. Kravspesifikasjonen som låg til grunn er utarbeidd av Helse Fonna etter erfaring gjennom mange års drift av ambulansebåt. Rosedoktoren skal vere stasjonert på Sunde, og hovudtyngda av ambulanseoppdraga vil vere i Sunnhordlandsbassenget. Båten er klassa til fartsområde 4 og vil dermed kunne gå til for eksempel Espevær og Bergen ved behov. Helse Fonna sin ambulansebåt er med rundt 1400 årlege turar den båten med flest ambulanseoppdrag i landet.

– Det er både viktig og gledeleg å få sett inn ein ny og moderne båt i Sunnhordlandsbassenget, seier Svendsen. Båten er med på å oppretthalde beredskap til sjøs i føretaket og er ei kjelde for tryggleik om ein blir akutt sjuk.