Valen sjukehus 110 år:

Stortrivst i eit godt arbeidsmiljø

Dei har jobba på Valen sjukehus i til saman 70 år, og fortel om eit heilt unikt arbeidsmiljø.

- Her vert alle omtalt ved fornamn. Ikkje berre mellom dei tilsette. Dersom ein pasient ringjer og skal snakke med ein av dei tilsette, spør vedkommande etter Merete, Kjersti eller Gaute, ikkje Hansen eller Olsen, fortel merkantil leiar Kari Tofte. Ho har jobba på Valen sjukehus i 12 år, og før det jobba ho på Stord sjukehus.

Valen - jubileum 2020 - foto Eirik Dankel.jpg

Trufaste tilsetteDet er no 110 år sidan dei første 43 pasientane kom til Valen sjukehus. Desse fem tilsette trivst svært godt, og fortel om eit godt arbeidsmiljø. Frå venstre Stian Krossøy, Gaute Aas, Kari Tofte, Merete Gravdal og Kjersti Ytrehus. Foto: Eirik Dankel


4 generasjonar

- Her har vi det bra, og eg har landa på at eg trivst svært godt, ler spesialsjukepleiar på sikkerhetsposten, Stian Krossøy. Kanskje ikkje så rart, Krossøy har nemleg jobba på Valen sjukehus heilt sidan 1988. Og ikkje berre det: Jobben går i arv.

- Eg er tredje generasjon som jobbar på Valen, og no har jammen son min også byrja her. Han er eigentleg utdanna tømrar, men jobbar no på Valen sjukehus, fortel Krossøy – som har merka store endringar i måten pasientane blir behandla på gjennom desse åra.

- Pasientrettslova gjer at pasientane har mykje større innverknad på behandlinga. Før bestemte vi det meste, no er tankegangen heilt annleis, og pasientane sin medverknad er mykje større. Dei tek i større grad ansvar for eiga helse, og eg meiner måten vi gjer det på i dag er betre for begge partar, seier Krossøy.

Valen - jubileum 2020 - foto Eirik Dankel_15.jpg


Har kjøpt hus i bygda

Psykologspesialist Gaute Aas kjem frå Stord og pendlar over fjorden. Han har tidlegare jobba på akuttposten på Valen, og likte seg der. Så godt at han for tre år sidan søkte seg tilbake att. Og skulle han ha trong for ei seng, så er ikkje vegen opp til den såkalla Søsterheimen lang.

- Ingen problem å pendla, så lenge ein trivst så godt, og arbeidsmiljøet er bra, seier Aas, som viser til at det er ein stabil arbeidsstokk. Han meiner det er høgt under taket, både for tilsette og pasientar.

- Valen er ein god stad å komme til, og det å ta imot sjuke menneske her ligg jo godt forankra i historia, seier Aas.

Kjersti Ytrehus kjem opphavleg frå Bergen, men har no vore på Valen sjukhus i 5-6 år, avbrote av eitt år i Tromsø. Sjølv om ho til tider tykkjer Valen kan vere ein litt for liten stad, så har ho kjøpt seg hus i bygda, og planlegg å vere nokre år til.

- No har eg fått fast jobb, og eg konstituert overlege på akuttposten, så eg blir her nok nokre år. Dessutan er jo ikkje vegen til Bergen så lang, to og ein halv time med snøggbåten, seier Ytrehus – som også poengeter at ho trivst svært godt i lag med gode kollegaer. Og ikkje minst i den unike naturen og omgjevnadene i bygda. Dette vert også tenkt fram som viktig – og unikt – med tanke på behandlinga.

Vil ikkje gå i kvitt

- Det er ein spesiell ro her, og eg ser ikkje føre meg ein betre stad med tanke på rekreasjon, og det å få eit pusterom i kvardagen. Her går ein ut i naturen, og ikkje på gata, seier Merete Gravdal, som har jobba på Valen sjukehus i 17 år, dei siste tre åra har ho vore fagsjukepleiar på akuttposten. Ho legg ikkje skjul på at det har vore store endringar i løpet av desse åra, og den største endringa kom i samband med koronaen:

- Det gjer at vi må gå i kvitt arbeidstøy, noko det har vore stor motstand mot. Det er ikkje bra for relasjonen mellom pasientar og tilsette, meiner Gravdal, og frå støtte frå Krossøy.

- Eg håpar jo at vi kan sleppe det etter kvart. Etter mitt syn er det å gå fleire tiår tilbake i tid. Vi er meir synlege i fellesareala - det blir oss og dei. Og så skapar det ekstra utfordringar når ein skal ut på tur. Då skal vi nemleg ikkje ha på oss kvite arbeidsklede, for då er det lett for andre folk å sjå kven som er pasient, og kven som er tilsett. Så det blir mykje skifting av tøy, og då må pasienten stå og venta. Og det er jo ikkje alle som er like tolmodige, fortel Krossøy.

Men bortsett frå det med kvitt arbeidstøy, er det lite å klage på, ifølgje gjengen. Tvert imot så rosar dei leiinga for å leggje til rette både for fagleg utvikling, og stor fridom.

- Dei tek godt vare på dei tilsette, og vi får godt høve til å utvikle oss, seier Merete Gravdal.

Har tru på framtida

28. oktober 1910 kom dei 43 første pasientane frå Neevengården i Bergen til det nye sjukehuset i den vesle bygda Valen i Sunnhordland.

Onsdag 28. oktober er dette 110 år sidan. Dette var sjølvsagt markert, men i ei litt anna form enn tenkt, grunna koronarestriksjonar. Uansett: Dei tilsette har tru på mange gode år til for Valen sjukehus.

- Det er vanskeleg å sjå føre seg eit samfunn der ikkje ein institusjon som denne er ein viktig del. Men også vi må tenkje nytt og utvikle oss. Det nyttar ikkje å lene seg tilbake og tru at vi er best i klassen. Då har vi tapt, sluttar Gaute Aas.

 Valen - jubileum 2020 - foto Eirik Dankel_7.jpg

God stemning: Frå venstre Kjersti Ytrehus, Gaute Aas, Kari Tofte, Stian Krossøy og Merete Gravdal. Foto: Eirik Dankel


Kake til alle

Seksjonsleiar Marianne Lund-Anderssen hadde sett føre seg stor feiring i lag med både bygdefolk, tilsette og pasientar, men grunna smitteverntiltak måtte ho nøye seg med ei lita samling i peisestova i velferdsbygget, og kake til alle ute i avdelingane.

- Så får vi heller satse på større markering om eitt år, når vi feirar 111 år, sa Lund-Anderssen, som nytta høvet til å skryta av dei tilsette. Gode ord vanka det også frå adm.dir. Olav Klausen og klinikkdirektør Kenneth Eikeset, som framheva Valen sjukehus som eitt av dei fremste i landet når det gjeld behandling av psykisk sjuke, og ein institusjon med flinke fagfolk som er godt rusta for framtida.

Her er nokre bilete frå onsdagens markering på Valen sjukehus:

Valen - jubileum 2020 - foto Eirik Dankel_8.jpg

Ynskte velkommen: Seksjonsleiar Marianne Lund-Anderssen. Foto: Eirik Dankel

Valen - jubileum 2020 - foto Eirik Dankel_18.jpg

Valen - jubileum 2020 - foto Eirik Dankel_19.jpg

Valen - jubileum 2020 - foto Eirik Dankel_25.jpg