Stord sjukehus er 50 år

Det er i desse dagar 50 år sidan hovudbygget ved Stord sjukehus vart teke i bruk. Bygget er i dag freda av Riksantikvaren.

Stord sjukehus september  (10).JPG

«Flyttesjauen var over, og kvardagen i det nye, flotte, store sjukehuset tar til. Det er stor aktivitet og stor entusiasme. Etter kvart kjem også eige postkontor med bank med begrensa opningstider inn i nybygget. Det går gjetord i Sunnhordland om det nye, flotte «Furuly sjukehus», og mange tar turen berre for å sjå».

Dette kan ein lesa om sjukehusbygget på Stord i jubileumsboka «Frå naturmedisin til skulemedisin – Stord sjukehus 1908-2008». Ein av dei absolutt største milepålane i sjukehuset si 113 år lange historie er opninga av nybygget i 1970, den ruvande betongklossen som er sjølve symbolet på sjukehuset i nyare tid.

stord-gamledagar2.jpg

Nyopna: Slik såg sjukehusområdet ut då nybygget stod ferdig på byrjinga av 1970-talet.

stord-gamledagar1.jpg

Gamle dagar: Slik såg det ut før nybygget kom.


I boka står også skildra medisinsk kontorteneste på 1970-talet, med skrivemaskin og diktafon:

«På 70-talet var det ingen utdanna helsesekretærar, det var «learning by doing – the very hard way». Då eg begynte på skrivestova i 1972, var det Åshild Eriksen som var leiar der. Eg kan aldri gløyma første dagen, då eg troppa opp kl 08 som avtalt. Då kom Åshild, Halldis Gravdal og eit par andre fykande inn i arkivrommet like innanfor resepsjonen og heiv seg over nokre mapper som låg der, og forsvann. For nokre merkelege folk, tenkte eg. Så høyrde eg berre skrivemaskinduren som maskingevær, du og du for ein fart desse damene hadde på tastaturet. Slik var det kvar morgon (og er det framleis): om å gjera å få journalane til nye pasientar ferdig til morgonmøtet til legane. Åshild hadde den flottaste skrivemaskinen: IBM med kulehovud, reine Mercedesen av skrivemaskinar, det var stas å låna den», var skildringa frå Anne Cissel Framnes Olsen i jubileumsboka.


Utfordrande med freda bygg

Sidan 1970 har det komme fleire nybygg. I 2001 vart tilbygget som husar føde/gynekologisk avdeling i underetasje, medisinsk/kirurgisk poliklinikk i 1. etasje og operasjon/anestesi i 2. etasje opna.

I 2005 flytta BUP og DPS frå den såkalla K-blokka til nybygget i «Eplehagen», og i 2017 stod flunkande nytt legevaktsbygg ferdig. I samband med denne jobben forsvann det såkalla «Huset på prærien», og parkeringsarealet for tilsette vart utvida.

Avdelingsleiar Robert Holmstrøm byrja på Stord sjukehus i 2010, og berre dei siste ti åra har det skjedd mykje.

- Det mest omfattande, og ikkje minst krevjande, prosjektet, var ombygging og rehabilitering av 3. etasje i 2011. Eigentleg skulle 4. etasje byggjast om, men verneplanen sette ein stoppar for det. Dermed var det 3. etasje i staden for, medan sjukehuset var i full drift. Det var spesielt utfordrande i høve til støy, pga. meisling i betong. Her var det pasientar som vakna ut or narkosen med høyrslevern på, fortel Holmstrøm.


Operasjonslampar på møterommet

Han hugsar også godt då den gamle skorsteinen til fyrrommet vart riven. Den byrja å gå i oppløysing, og var til fare for både folk og bygg. Men det måtte innom Riksantikvaren for løyve det tiltaket også.

I tillegg har det vore eit stort infrastrukturprosjekt, med oppgradering av røyr og elektrisk anlegg, og Stord sjukehus har fått millionsummar frå Staten i to omgangar: i 2016 og no i 2020.

- I 2016 vart betongfasaden fiksa, fordi betongen byrja å smuldra opp. No med «koronamidlane» oppgraderer vi tak og fasade, fortel Holmstrøm.

stord1.jpg

Dyrt: Det er både utfordrande, og ikkje minst kostbart, å vedlikehalde eit freda bygg, forklarar avdelingsleiar Robert Holmstrøm.

Robert Holmstrøm legg ikkje skul på at det er mange utfordringar knytt til vedlikehald av eit freda bygg. Alle fasadane er i verneklasse 1, det same er ein del areal innvendig, blant anna alle fellesareala – gang, trapper, dagstover osv.

- Det er til dømes ikkje berre å byrje å male ein vegg som treng det. Fargen må vere nøyaktig lik slik den var då bygget var nytt, fortel Holmstrøm. Men dette har også ført til ein del artige variantar. Blant anna er ei tidlegare operasjonsstove brukt som møterom, der mykje av utstyret står slik det gjorde før.

stord2.jpg

stord5.jpg

Operasjonsstover: Dei gamle operasjonsstovene blir i dag brukte til både møterom (øvste biletet), og sår poliklinikk. 


Avdelingsleiaren legg ikkje skjul på at det til tider kan vere vanskeleg å halde seg innanfor dagens HMS-krav.

- Det er utfordrande med altfor små toalett og dusjrom. Det er nok pleie som har største utfordringar, særleg med tanke på pasienttryggleik og HMS i desse romma, forklarar Holmstrøm. Det er veldig kostnadskrevjande å driva vedlikehald i eit verna bygg.

- Til dømes kostar gjerne ei spesiallaga dør ti gonger meir enn ei standard dør, fortel han.

 

Drøymer om museum

Det er ingen tvil om at sjukehuset har vakse ut av bygget for lenge sidan. Det som vart planlagt på 1960-talet er milevis unna dagens krav til moderne sjukehusdrift. Det ser ein att i heile bygget.

Som til dømes lagerplass og areal for reine/skitne senger.

- Den gongen låg pasientane inne i fleire veker, no skal dei inn og ut så raskt som mogeleg, fortel Holmstrøm, i det vi passerer fleire senger på gangen nede i underetasjen, på veg til kantina.

stord4.jpg

Må bruke gangen: Senger klare til bruk står på gangen i kjellaren, fordi dagens bygg ikkje er dimensjonert for dagens moderne sjukehusdrift.

- Ventilasjonsanlegget er gammalt og klarar ikkje å levere nok luft, mange rom og toalett er for små. Fasilitetane er rett og slett ikkje gode nok til dagens standard, slår Holmstrøm fast. Det er også store krav til miljøet i dag, slik som i «Grønt sjukehus»-normen.

- Vi klarar ein del, til dømes er vi svært flinke til å kjeldesortere, men det er mykje som er utfordrande, til dømes krav i høve til reinhald og matsvinn, fortel avdelingsleiaren.

stord6.jpg

stord7.jpg

Oppgradert: 3. etasje vart oppgradert for nokre år sidan, men fellessareal, slik som dagstova, er ikkje lov å røre.


Samstundes er han stolt over det dei har klart, og han er stolt over Stord sjukehus. Han har difor også ein draum: Å få til eit lite museum, slik dei har klart på Valen sjukehus.

- Nokon har vore flinke til å ta vare på gamle ting opp gjennom åra, og mykje av dette ligg på lageret, nede i bomberommet. Eg var for nokre år sidan i kontakt med Sunnhordland museum, i håp om å få til noko, men det vart ikkje noko av. Draumen er å få til eit eige museum. Det er ikkje tvil om at Stord sjukehus er viktig for historia lokalt, ikkje minst for Stord og framveksten av industrien i regionen. Stord sjukehus er viktig, både som symbol, men også som ein av dei største arbeidsplassane i kommunen, avsluttar ein engasjert avdelingsleiar.

stord-gamledagar3.jpg

stord-gamledagar5.jpg

Historiske bilete: Frå byggjeprosessen og sjukehusdrift i gamle dagar.