Stor interesse for møte om sjølvmordsførebygging

Helse Fonna har invitert til ein viktig og lærerik temakveld om korleis vi kan bidra til å førebygge sjølvmord. Interessa er så stor at arrangementet no må flyttast for å sikre plass til så mange som mogleg.

- Grunna stor interesse er møtet flytta frå sjukehuset til Høgskulen på Vestlandet, campus Haugesund. Nærare 500 personar har så langt meldt si interesse for det opne gratisarrangementet på Facebook, seier psykiater og direktør i klinikk for psykisk helsevern Kenneth Eikeset.

Camilla Heggland og Kenneth Eikeset (foto)

Kvart år tar 50-60 personar i vår region sitt eige liv. Kvelden er særleg tilpassa dei som jobbar med barn og unge i helse og utdanning, men alle som er interesserte i tema er hjarteleg velkomne.

- Det er veldig gledeleg at mange vil lære om sjølvmordsførebygging, seier psykologspesialist og seksjonsleiar for Haugaland og Karmøy DPS Camilla Heggland. Både ho og Eikeset meiner at å dele kunnskap og bidra til openheit om sjølvmordstankar kan redde liv.

Under arrangementet, som no er flytta til Høgskulen på Vestlandet, campus Haugesund, skal dei innom tema som førebygging, openheit, kor ein kan få hjelp og ikkje minst: Korleis kan vi nærme oss nokon vi er bekymra for?

Desse vil du møte på programmet:

  • Kenneth Eikeset, psykiater og direktør i klinikk for psykisk helsevern
  • Camilla Heggland, psykologspesialist og seksjonsleiar for Haugaland og Karmøy DPS
  • Georg Reinhardt, psykiater og leiar for BUP Haugesund.
  • Tove Virata Bråten, forfattar og pårørande.
  • Haldis Lier, psykiater og fagdirektør.

Etter korte innlegg blir det samtale om tema mellom fagfolka. Samtalen blir leia av kommunikasjonssjef i Helse Fonna Margareth H. Langebro.


Arrangementet er eit tiltak i ein regional kampanje i Helse Vest kor målet er å førebygge sjølvmord og sjølvmordsforsøk: Snakk om sjølvmordstankar. Det kan redde liv.


Les om kampanjen