Stengjer for besøk på Stord sjukehus

Leiinga i Helse Fonna har søndag vedteke å stengje Stord sjukehus for besøkande inntil vidare. 

Besøksforbodet gjeld frå og med i dag, søndag.

Bakgrunnen er den lokale smittesituasjonen i Stord kommune.

Talet på smitta i Stord har vore sterkt aukande siste veka, og dette har ført til restriksjonar også i nabokommunar. Blant anna har Bømlo kommune innført mellombels besøksforbod på Bømlo bu- og helsesenter, etter at ein elev som hadde praksis her før helga fekk påvist Covid 19. Dette har ført til at fleire pasientar og tilsette ved aldersheimen er i karantene.

Både Stord kommune og Bømlo kommune gjekk fredag ut og oppmoda innbyggjarane om å halde seg mest mogeleg heime på fritida, men førebels er det ikkje innført restriksjonar når det gjeld planlagde arrangement.

stord-sjukehus-2016-foto-eirik-dankel_4.jpg