Startar montering av utstyr i nybygget

Det nærmar seg innflytting i nytt sjukehusbygg i Haugesund. No startar vi snart med montering av utstyr i laboratoria i 4. og 5. etasje. Bygget skal stå klart til innflytting i slutten av august.

– No er det fullt fokus på innredning av etasjane, med 4. og 5. etasje som første prioritet, seier prosjektdirektør Laila Nemeth.

– Vi skal om kort tid starte med montering av medisinsk teknisk utstyr her, med fullautomatisert laboratorium. Det er viktig å halde tidsplanen, for ein del av utstyret til laboratoriet har ei valideringstid på opptil seks månadar, seier Nemeth.

Sjå film frå nybygget

Mange har vore på omvisning

Derfor er ho glad for at 5. etasje allereie er vaska ut og låst av for å hindre forureining og at også 4. etasje ligg an til å vere klar til fristen.

– I april startar montering av medisinsk teknisk utstyr  i operasjonsavdelinga og vi jobbar med opplæringsplan for klinisk og teknisk personell, forklarar Nemeth.

– Teknisk sentral er så og seie ferdigstilt og mellombygga mellom eksisterande og nytt bygg nærmar seg ferdige. Medarbeidarar frå avdelingane som skal flytte inn har vore ute på omvisning heile hausten, kun avgrensa i periodar av coronarestriksjonar.

Det er Anna Marie Pettersen Tveita, ansvarleg for opplæring, logistikk og flytting, som har stått for omvisninga og som har kontakt med avdelingane som skal inn.

ByggHaugesund2020 - 30-3-2020 - foto Eirik Dankel.jpg

VEKS FRAM: Nybygget ligg på vestsida av dagens sjukehusbygg og får panoramautsikt over Karmsundet. Bildet er frå mars 2020. No er kranane tatt ned og det indre arbeidet er godt i gang. Foto: Eirik Dankel

Fokus på risikoområde

– Det er klart pandemien utgjer eit risikoområde der konsekvensane kan vere uklare. Vi har også identifisert ferdigstillingsfasen som eit risikoområde, der framdrift og økonomi er viktig. Vi ønsker sjølvsagt ikkje stopp i leveransar av medisinsk teknisk utstyr eller tilgang på personell som ein følgje av pandemien, og jobbar kontinuerleg med å sikre dette, seier Nemeth.

– Per i dag er det ingen umiddelbar konsekvens for innflyttingsdatoen, men om situasjonen blir langvarig med stengte grenser vil det kunne skape utfordringar. Vi arbeider med mange ulike scenario og tiltak for at så ikkje skal skje.

Ho fortel at ein planlegg med to veker ekstra lågdrift i sommar for å gjere innflytting i veke 34 og 35 enklare. Også ferieavviklinga blir lagt opp slik at det gagnar innflyttingsperioden. 


Ombygging i eksisterande bygg

Det skal også gjerast eit stort arbeid med ombygging av dagens bygningsmasse ved sjukehuset. Rundt 6000 kvadratmeter skal byggast om. Anbodsgrunnlaget er under kvalitetssikring og skal styrebehandlast i Helse Fonna 18. februar. Når tilboda frå entreprenørane føreligg, vil det avgjerast omfanget av ombygginga, kva som skal inkluderast og kva som ikkje blir tatt med.

Planane inneber mellom anna intervensjonslab og nucleærlab på same plan i første etasje, ny hjarte- og lungeavdeling og ny eldremedisinsk avdeling i andre etasje. I andre etasje midtblokk blir det poliklinikk for hjarte og lunge. Det kjem nye spiserom for pasientar i andre og tredje etasje.

Nemeth seier ny nyføddintensiv i tredje etasje står på ventelista, men at ein håpar å få råd til å inkludere denne.

– Det er også mykje teknisk ein ikkje tenkjer på, mellom anna skal vi gjere ein oppgradering i eksisterande energisentral. Dette skal også ut på entreprise no i vår og stå ferdig før vinteren 2021.

Nemeth fortel at det også skal ferdigstillast planlagt sykkel- og gangsti og grøntområde vest for nybygget før det blir tatt i bruk.

Håpar å få byggetrinn 2 inn på statsbudsjettet for 2022

Det har tidlegare vore meldt at styret i Helse Fonna og i Helse Vest RHF har godtatt ein plan for framskunding av byggetrinn to, som er ei utviding i høgda av sør- og austblokk samt ombygging av midtblokk til poliklinikk, dagbehandling og kontor. Dette er avhengig av politisk vedtak på å innvilgje lån over statsbudsjettet for 2022. Ein reknar med å få svar på dette hausten 2021.

– Opsjon på å styrke konstruksjonen i sør- og vestblokk ligg inne i ombyggingsarbeidet. Det betyr at dersom det kjem signal på at vi blir prioriterte på statsbudsjettet, kan vi raskt gå i gang med dette arbeidet når lokala uansett står tomme etter innflytting i nybygg, seier Nemeth.