Felles akuttmottak er ein sentral del av konseptet for nytt sjukehusbygg. Team for konsultasjonspsykiatri styrker no fagmiljøet med ny psykolog og psykiater.
– Teamet vårt har mange spennande oppgåver og er i ein prosess med å utvikle psykiske helsetenester til somatiske pasientar, seier psykiater Marit Myklebust i avdeling for spesialisert behandling.
Team for konsultasjonspsykiatri bidrar mellom anna med støttesamtalar, råd om medikasjon, meistringsorienterte samtalar og behandling hos inneliggande pasientar. Dei planlegg også oppfølging etter utskrivning. Psykologisk meistring av somatiske lidingar er eit område dei jobbar med å utvikle.

Psykiater Marit Myklebust meiner felles akuttmottak vil kunne bidra til høgare kvalitet på helsetenestene. Foto: Eirik Dankel
Sjå stillingane og søk her:
Skal sjå og behandle heile mennesket
– Akutte tilsyn kan vere for å hjelpe til med kompleks diagnostikk, vurdering av samtidige psykiske lidingar, rus og sjølvmordsrisiko. Vi kan også bidra i prosess ved transplantasjonar og mykje anna, seier Myklebust, som forklarar kvifor det er så viktig å sjå og behandle heile mennesket.
– Psykiske lidingar og rus er vanlegare hos pasientar med somatiske sjukdomar enn i den generelle befolkinga. Somatisk sjuke har også høgare førekomst av angst og depresjon. Heile éin av fire innleggingar i somatiske sjukehus gjeld pasientar der alkoholproblem kan påverke behandlingar.
Myklebust meiner derfor felles akuttmottak vil kunne bidra til høgare kvalitet på helsetenestene.
Robust fagmiljø og fagleg fellesskap
– Psykiateren og team for konsultasjonspsykiatri skal vere tett på pasientane. På denne måten vil vi både kunne fange opp samtidig psykopatologi ved somatiske lidingar og sterke kjenslemessige reaksjonar som kan komme i vegen for samarbeid, motivasjon og behandlingsetterleving. Dette vil gi betre heilskapeleg behandling for pasientane.
Psykiaterstillinga er forankra i eksisterande fagmiljø, noko som gjer at funksjonen både blir meir robust og fleksibel. Dette vil også være viktig for å ivareta et fagleg fellesskap.
Både Myklebust og leiar for behandlarteamet Diana Heggen Lauritzen ser fram til at nye kolleger er på plass og at pasientar i akuttmottak kan møtast med styrka kompetanse innan både somatikk og psykiatri.

Psykiaterstillinga er forankra i eksisterande fagmiljø, noko som gjer at funksjonen både blir meir robust og fleksibel. Dette vil også være viktig for å ivareta et fagleg fellesskap. Foto: Eirik Dankel