Snakk om sjølvmordstankar

Blogg
Vi som har arbeidd i helsevesenet i lang tid veit at det å snakke om sjølvmord og sjølvmordstankar har vore tabubelagt. Det til trass for det er mange som tar sitt eige liv, og enda fleire som forsøker å gjere det.
Haldis Ø. Lier, fagdirektør

Haldis Ø. Lier, fagdirektør

I Noreg er det kvart år mellom 500-600 som tek sitt eige liv. Det er eit høgt tal som vi må arbeide for å redusere. Tre av ti trur at å snakke om sjølvmordstankar med nokon som har depresjonar eller psykiske lidingar vil trigge ein reaksjon. Kan vi endre den oppfatninga, kan vi kanskje redde liv. Derfor har føretaka i Helse Vest starta ein folkeopplysningskampanje: Snakk om sjølvmordstankar. Det kan redde liv.

Derfor ser du bilete i aviser, på tv, på sosiale medier og plakatar i sentrum om sjølvmordstankar. Mange tusen har allereie lest og delt det viktige bodskapet.

Vi må tørre å spørje dei vi opplev har det vanskeleg om det er slik at dei har tankar om å ta sitt eige liv. Det er eit vanskeleg spørsmål og vi kan vere redd for svaret. Særleg om det er borna våre, ein god kollega eller venn vi er uroa for.

Ei faggruppe i Helse Vest som har arbeidd med kampanjen har omtala dette på ein god måte:

«Det er litt sånn at å snakke om sjølvmordstankar kan vere som å skru på lyset i eit mørkt rom. Det som har skjult seg der i mørkret, blir ofte ufarleg eller borte.»


Å skru på lyset er viktig når vi skal arbeide i tråd med eigen visjon om å fremme helse, meistring og livskvalitet. Dei fleste av oss vil i periodar kunne kjenne på at livet er tungt å bere. Ei krise i familien, sjukdom, tap av vener eller fasade kan alle utløyse tankar om å ta sitt eige liv.

I kampanjen som går føre seg nå er det viktig å formidle håp og at det er hjelp å få. Det finnes ulike støttetelefonar og folk blir oppmoda om å snakke med helsesøster eller fastlege. Eg trur at det aller viktigaste er å snakke saman om dette, å bryte tabu. Snakk om sjølvmordstankar. Det kan førebyggje tragiske hendingar.