Snakk om sjølvmord. Det kan redde liv

Det er bodskapet i den regionale kampanjen Helse Fonna no deltar i. Mange er redde for at det å spørre nokon om dei har tenkt å ta livet sitt kan auke sjansen for at dei gjer det. Kampanjen vil gjere fleire trygge på at det tvert i mot kan vere beskyttande.

– Det er eit viktig bodskap, men også vanskeleg å formidle. Ja, det er viktig at du snakkar med personen du er bekymra for, men det er ikkje ditt ansvar, feil eller skuld dersom nokon du er glad i tar livet sitt. Og det gjeld anten du snakka med vedkomande om bekymringa di eller ikkje, seier direktør i klinikk for psykisk helsevern i Helse Fonna Kenneth Eikeset.

Han håpar kampanjen både kan gjere det lettare å snakke om sjølvmord og å be om hjelp.

– Saman med Helse Vest som leiar kampanjen har vi laga ei nettside med god informasjon om kva du kan gjere dersom du er bekymra for nokon, og kor du kan ta kontakt for å få hjelp. For det er hjelp å få, seier Eikeset.

Her kan du få hjelp

  • Helse Vest har laga ei temaside til hjelp for deg som er bekymra: www.helse-vest.no/selvmord

  • Ved akutte situasjonar, ring legevakta på 116 117. Ved livstruande situasjonar ring naudnummer 113

  • Treng du nokon å snakke med? Du kan ringe:
    Mental Helse: 116 123
    Røde Kors: 800 33 321
    Kirkens SOS: 22 40 00 40

  • Helsenorge.no har ei hjelpeside om sjølvmord og sjølvmordstankar.  

     


Tre av ti trur det er risikabelt å snakke om sjølvmord

Kampanjen bygger på ei undersøking som viser at tre av ti er redde for at det å snakke med nokon om dei har tenkt å ta livet sitt kan trigge ein reaksjon. Eikeset trur meir openheit og ei endring i mediebildet kan bidra til meir kunnskap om sjølvmordsrisiko og korleis ein kan nærme seg ein person ein er bekymra for.

– Både nasjonale og lokale medier har skrive mykje og godt om sjølvmord dei siste åra. Det er viktig for at folk skal vite at det er vanleg å ha sjølvmordstankar.



Våg å snakke om sjølvmordstankar

– Vi ser at mange føler skuld når nokon nær dei har tatt eller forsøkt å ta livet sitt. Det er ei tung bør å bere i tillegg til sorga, seier Eikeset. Likevel meiner han det er viktig å våge å snakke om kva vi kan gjere for å hjelpe.

– Det er naturleg å vere redd for å seie eller gjere noko feil. Men vårt bodskap i kampanjen er at vi må våge å spørje. Det er trygt å seie «Eg er redd for at du har det så tungt at du vurderer å ta livet ditt».

Mange trur at dei er aleine om å ha det så vanskeleg, eller at dei er unormale som har tankar om sjølvmord. Sanninga er at det ikkje er unormalt å ha tankar om at livet er for tungt å bere, fortel Eikeset.

– Det er god hjelp å få i helsevesenet, og det er viktig å be om hjelp tidleg, seier han.
 

Fakta om Helse Vest sin kampanje "Snakk om sjølvmord"

  • Kampanjen er leia av Helse Vest RHF. Alle helseføretaka under Helse Vest deltar. Også kommunar, fylkeskommune, fylkeslege, fylkesmenn, og ei rekke hjelpeinstansar er involverte for å bidra til å dele kunnskap med befolkinga.
  • Hovudbodskapen er at det er viktig å snakke om sjølvmord og at det kan ha ein beskyttande effekt.
  • Det berande elementet i kampanjen er ein film med skodespelaren Kristoffer Joner, som skal formidle at det ikkje er så viktig kva du seier eller korleis du seier det. Det viktigaste er å vise at du er bekymra og gjerne spørre direkte dersom du er redd for at vedkomande har vurdert å ta livet sitt.
  • Filmen blir vist i sosiale og redaksjonelle medier og bodskapet blir formidla gjennom annonser, kronikkar, nettsider og arrangement.