Smarttelefon og touchtavler for deg som arbeidar i Helse Fonna

Pågåande regionale prosjekt og nytt sjukehusbygg i Haugesund fører til innføring av ny og spennande teknologi for deg som er medarbeidar i sjukehusa. På Stord er digitale sengeposttavler med informasjon om pasientane allereie tatt i bruk. 

I Haugesund vil det ved innflytting i nytt bygg i august 2021 vere på plass 600 nye smarttelefonar og vel 60 touchtavler plassert på ulike personalrom. Desse skal skape god oversikt over pasientnære oppgåver og viktig informasjon om den enkelte som er i behandling. I tillegg vil det bli sett opp digitale skilt og monitorar med informasjon på venteromma.

Smarttelefonar for medarbeidarane

­­– Dagens decttelefonar skal fasast ut ved innflytting i nytt sjukehusbygg i Haugesund. Smarttelefonar skal overta oppgåvene. Du får varsling på telefonen når din pasienten ringer frå sengerommet som du har ansvar for. I tillegg har du stansalarm og overfallsalarm på smarttelefonen din i lomma, seier Kenneth Førland som er prosjektleiar for IKT i ByggHaugesund2020.

I nytt bygg blir det lagt til rette for en infrastruktur som tåler utvikling, har stor kapasitet og både trådlaus og mobildekning vil bli langt betre enn kva det er i dag.

På dei spesialtilpassa smarttelefonane vil du som arbeidar i sengepost og behandling få opp same informasjon om pasientane som elles blir vist på dei digitale sengeposttavlene. På desse tavlene kan for eksempel informasjon om smitteregime stå, ernæringsstatus og faste, om pasienten er utskrivingsklar, behov for portørteneste, om rommet er klart for reingjering og om pasienttransport er bestilt.

Det er mange valmoglegheiter som kan visast på tavler og telefon, dette må tilpassast det enkelte sjukehus og avdeling. Målet er at telefonane og tavlene skal gi ei rask oversikt og vere eit godt hjelpemiddel i kvardagen.

Digitale sengeposttavler skal gi betre oversikt

imatis-opplaering-foto-stina-steingildra-5.jpg

Reidun ørensen og Ragnhild Nonås Fylkesnes foran pasienttavle på Stord sjukehus. (Foto: Stina Steingildra)

Sjekk inn på sjukehuset

Det skal innførast ny modell for innsjekking og betaling i Helse Fonna. Dette vil skje på Stord allereie til våren 2020. I Haugesund er innsjekking og betaling på plass neste haust.

Innsjekking og betaling betyr at pasientane sjekkar inn på eigen mobil eller automat i sjukehusa når dei er komen, eller til den poliklinikken der dei har time. Pasientane vil bli møtt av medarbeidarar med vertsfunksjon og digital skilting til venteområde.

I venteområdet vil pasienten få informasjon om venting på skjermar i ventesonen. Desse er naturleg nok basert på referansenummer og ikkje namn for å ivareta teieplikta for den enkelte pasient. På veg ut får pasientane spørsmål om korleis dei vil betale.

Betaling

Når pasientane er ferdig med konsultasjon kan dei betale eigendel med Vipps på eigen mobil. Om dei ikkje ønskjer dette kan dei betale i automatar som vil bli sentralt plassert.

Erfaringar frå sjukehuset i Stavanger er at hovudtyngda nyttar Vipps ved betaling. Særs få vel å halde på kontant betaling. Helse Fonna er pliktige til å ta i mot kontant betaling frå dei som krev dette.

Dersom pasientar går heim utan å betale vil det automatisk bli sendt faktura, utan fakturagebyr.

Finn fram

Pasientane vil framleis få innkalling via SMS. I denne meldinga ligg det ved informasjon slik at pasientane lettare kan finne fram til oppmøtestad. Ei pil på mobilen vil vise den enkelte veg inne i sjukehusområde.

«Finne fram» er eit regionalt prosjekt som vil bli innført i Helse Fonna. Også her er Stord først ute, medan det i Haugesund er tilpassa innflytting i nytt bygg. Målet er at pasientar enkelt finner vegen til poliklinikken sitt venteområde.