HELSENORGE

Slik trener dei før innflytting i nytt akuttmottak

Det er ikkje berre å trille med seg utstyret og starte behandling av alvorleg sjuke pasientar i nytt sjukehusbygg. No er mange avdelingar i gang med omvising og simuleringstrening i nye lokalar. Vi blei med på simulering med medisinsk akutt-team i akuttmottaket.

​Med refleksvestar, hjelm, munnbind og skotrekk er dei klare for å starte simulering av ein akutt dårleg pasient. 

«Pasienten» er ei avansert dokke med vitale funksjonar som kan styrast med eit nettbrett. Fagutviklingssjukepleiar Merethe Instanes Lund og Ida Kristine Ottesen har planlagt dagens simulering og gir teamet kort informasjon om kva som har skjedd med «mann, 74 år». Straks etter går dei i gang med undersøking og behandling.

Akuttmottak - simulering - 2021 - foto Eirik Dankel (16)-medium.jpg

KLARGJERING: Fagutviklingssjukepleiar Merethe Instanes Lund (med clipboard) forklarar caset til teamet før dei går i gang. Foto: Eirik Dankel.

Arbeidsmiljøtrening

– Dette er arbeidsmiljøtrening og ikkje case-trening, forklarar funksjonsleiar Torstein Dankel Stavenjord medan kollegene jobbar med pasienten. 

– Det betyr at det er det praktiske som skal fungere best mogleg i dag, og at det ikkje er fokus på det medisinskfaglege, som i anna simulering. 

Kor ligg relevant utstyr og legemiddel? Er det nødvendige på plass? Korleis fungerer logisitikken rundt pasienten? Kva heis er den rette frå akuttmottak og opp til helikopterdekket? 

Ved å simulere mottak og behandling av sjuke pasientar, kan ein avdekke feil og manglar og finne betre måtar å løyse utfordringar på - før ein flyttar inn i nye lokalar.

Tida fram til innflytting skal brukast godt. Spesialsjukepleiar Ida Kristine Ottesen observerer om det praktiske fungerer og tar notatar undervegs.

Akuttmottak - simulering - 2021 - foto Eirik Dankel (11)-medium.jpg

OBSERVASJON: Spesialsjukepleiar Ida Kristine Ottesen er ansvarleg for opplegget saman med Merethe Instanes Lund. Her tar Ottesen notatar medan MAT-teamet jobbar. Observasjonane skal brukast til forbetring og justeringar. Foto: Eirik Dankel

​Trener i team

I dag trener dei på såkalla MAT-alarm, medisinsk akutt tilstand. Når denne alarmen går, møter helsepersonell frå fleire avdelingar, ikkje berre det vanlege mottaksteamet i akuttmottak. Det kan vere både medisinsk forvakt og bakvakt, anestesisjukepleiar, anestesilege, mottakssjukepleiar, bioingeniør og portør. 

Dagens pasient er ein mann på 74 år som har falt om på tur. Han er brakt inn av ambulanse, er ikkje kontaktbar og har fått to rundar hjarte-lunge-redning og støt. 

Stemninga på simuleringstrening er spent, men roleg. Det å ta øvinga på like stort alvor som ein ekte situasjon er viktig for læringsutbyttet.

Akuttmottak - simulering - 2021 - foto Eirik Dankel (9)-medium.jpg

ALVOR: Å ta trening på alvor er viktig for læringsutbyttet. Trening på same stad som dei reelle situasjonane oppstår er hovudpoenget med dagens trening, for å sjå om det praktiske fungerer. Foto: Eirik Dankel

​– Her trener vi med komplette team, noko som er krevjande både med tanke på logistikk og ressursar, seier ansvarleg for simuleringa Merethe Instanes Lund. 

Akuttmottaket har to heile fagdagar sett av til simulering i nye lokalar.

– I tida fram mot innflytting skal vi også trene på mindre kompliserte pasientar med det vanlege mottaksteamet, forklarar ho.

Akuttmottak - simulering - 2021 - foto Eirik Dankel (13)-medium.jpg

TIL STAVANGER: Lege i spesialisering Nina Storm Skifjeld saman med anestesisjukepleiar Bjørn Sigurd Tjelle Bjørhovde. "Pasienten" skal overflyttast til SUS og luftambulanse er rekvirert via AMK. Foto: Eirik Dankel

Meir simulering
Etter innflytting held ein fram med simulering i det daglege. Instanes Lund seier dei vil jobbe for å trene enno oftare enn i dagens bygg. 

Både MAT-alarm og hjartestans trener ein på annakvar veke. Andre tilstandar ein trenar jamleg på er dårleg barn, hjerneslag og BEST (systematisk traumetrening).

Ho er godt nøgd med dagens trening. Etter det første caset får både teammedlemer og observatørar utdelt evalueringsskjema for å notere manglar og betringsforslag.

– Vi leser gjennom dei systematisk etterpå og ser kva vi kan gjere annleis, seier Instanes Lund.

Akuttmottak - simulering - 2021 - foto Eirik Dankel (1).jpg

VIL TRENE OFTARE: Merethe Instanes Lund og Ida Kristine Ottesen (dei to i midten) er nøgde etter første fagdag i nye lokalar. Dei planlegg hyppigare simulering i kvardagen etter innflytting i nytt bygg. Her saman med Kristine Randal Vikre og Nils Pros-Verme frå simuleringssenteret i Helse Fonna som var med og tilrettelegge for treninga. Foto: Eirik Dankel​