Slik skal Helse Fonna ta i mot pasientar med koronavirus

Gjennom helga har fleire hundre medarbeidarar i Helse Fonna jobba for å rigge sjukehusa til å ta i mot dei første pasientane med koronavirus.

– Innsatsviljen er stor og samarbeidet er godt. Eg er imponert og stolt over medarbeidarar innan alle fagområde som brettar opp ermene og gjer ein stor innsats for innbyggarane, seier administrerande direktør Olav Klausen i Helse Fonna.
 
Helse Fonna har laga ei overordna rutine for å ta i mot pasientar der det er mistanke om eller påvist smitte av koronavirus, på ein trygg måte. Sjukehusa har også omorganisert avdelingar og personell der det har vore nødvendig.
 
Til no er det berre éin pasient som er lagt inn i Helse Fonna sine sjukehus med påvist smitte av koronavirus, men Helse Fonna førebur seg på fleire pasientar framover, slik norske helsemyndigheiter har bede om.
 

Har laga eige akuttmottak for koronasmitta

Ved Haugesund sjukehus er akuttmottaket delt i to: Det vanlege mottaket tar i mot pasientar utan mistanke om smitte, medan det er oppretta eit eige akuttmottak for pasientar med mistanke om eller påvist smitte av koronavirus. Dette mottaket ligg i lokalane som til dagleg husar øyre-nase-hals-avdelinga.
 
– Vi har valt å bruke akkurat desse lokalane av to viktige årsakar, seier Klausen.
 
–  Her er det eigen inngang vi har stengt for anna ferdsel, og der ambulanse kan køyre heilt fram til døra. Når pasienten er tatt inn i dette mottaket og vurdert, kan pasienten trygt flyttast éin etasje opp, til det som no er definert som kohortavdeling for pasientar med smitte.


Korona - mottak - 16-3-2020 - foto Eirik Dankel_14.jpg

EIGE KORONAMOTTAK: Administrerande direktør Olav Klausen besøker det nyoppretta mottaket for pasientar med koronavirus. Her saman med direktør i klinikk for medisinsk service og beredskap Sverre Kolbeinsen Lien. I resepsjonen sit funksjonsleiar og intensivsjukepleiar Svanaug Løkling. Foto: Eirik Dankel/Helse Fonna


Det er lungeavdelinga som no er gjort om til kohortavdeling og skal ta i mot alle pasientar med koronasmitte som treng sjukehusbehandling. Dersom pasienten er så dårleg at vedkomande treng intensivbehandling, er det framleis intensivavdelinga som skal ta i mot pasienten. Andre intensivpasientar som må beskyttast mot koronavirus blir i staden behandla ved sengeposten medisinsk intermediær overvåking.
 
–  For å gjere dette mogleg har vi flytta pasientar internt på avdelingar. Vi har også bede kommunane gjere ekstra tiltak for å kunne ta i mot utskrivingsklare pasientar, og vi har inngått avtale med Haugesund Sanitetsforenings Revmatismesjukehus om at vi kan flytte aktuelle pasientar dit, seier Klausen.

Korona - mottak - 16-3-2020 - foto Eirik Dankel.jpg

KLARE: Funksjonsleiar og intensivsjukepleiar Svanaug Løkling er klar til å ta i mot pasientar i det nyoppretta mottaket for pasientar med mistanke om eller påvist smitte av koronavirus. Her saman med sjukepleiar Amina Jakupovic  Foto: Eirik Dankel/Helse Fonna


Så langt ingen pasientar med koronavirus på Stord sjukehus
Også ved Stord sjukehus er det oppretta eigen inngang  for pasientar med mistanke om eller påvist smitte av koronavirus som skal leggast inn på sjukehuset. Her kan pasienten flyttast direkte til tredje etasje, som i går blei opna som kohortavdeling. Pasientar som treng det, kan få intensivbehandling ved sjukehuset.
 
– Vi har til no ikkje fått innlagt pasient med påvist smitte, men vi er klare for det, seier klinikkdirektør Reidun Rasmussen Mjør ved Stord sjukehus.
 
– Alle pasientar med koronavirus vil bli behandla på same avdeling og det er eit eige areal definert for dei som måtte trenge intensivbehandling, slik at vi unngår å utsette andre pasientar for smitte, seier Rasmussen Mjør.

stord-sjukehus-2016-foto-eirik-dankel_13.jpg

STORD SJUKEHUS

Ved Odda sjukehus vil pasientar med mistanke om eller påvist smitte bli tatt inn eigen inngang, ikkje i ordinært akuttmottak. Pasienten vil slik kunne bli bragt rett til isolat. Dersom ein skulle få fleire innlagte pasientar med mistenkt eller påvist smitte samtidig, er det sengeposten i 3. etasje som vil bli nytta som kohort for desse. Her vil pasientane også kunne få intensivbehandling før overflytting til større sjukehus.


Får store konsekvensar

Pasientar i heile Noreg opplever at helsehjelpa det var planlagt at dei skulle få i sjukehus no blir utsett.
 
– Realiteten er at det no er mange pasientar som får beskjed om at operasjon, kontrolltime eller undersøking blir utsett. Vi held oppe drifta innan så mange område som det er forsvarleg, men mange helsetilbod er reduserte, både innan somatikk og psykisk helsevern. Det gjer vi for å sikre at vi har personell, utstyr og areal til å ta i mot det som hastar mest, som akutt sjuke, øyeblikkeleg hjelp og fødande, seier Klausen.