Slik skal Helse Fonna auke aktiviteten igjen

Den siste månaden har Helse Fonna hatt lågare aktivitet enn vanleg innan både somatikk og psykisk helsevern. Dette er gjort for å handtere pandemien. Over 5000 timar og operasjonar er utsette. No startar arbeidet med å auke aktiviteten noko – utan å svekke beredskapen for koronasituasjonen.

– Smittetala for regionen vår har flata ut, truleg både fordi folk tidleg endra atferd og grunna tiltaka regjeringa sette i verk 12. mars, seier administrerande direktør Olav Klausen.

Det gjer at Helse Fonna no skal planlegge for ein viss auke i aktiviteten, men føretaket vil ikkje kunne gå tilbake til normal drift enno. Klausen seier dette må skje gradvis og med moglegheit for å raskt justere aktiviteten ned igjen dersom ein ser ei auke i smittetala igjen.

Korona - mottak - 16-3-2020 - foto Eirik Dankel_14-medium.jpg

STORE ENDRINGAR: Olav Klausen besøker det midlertidige pandemimottaket ved Haugesund sjukehus. Koronasituasjonen har medført store endringar i drifta. Foto: Eirik Dankel

Fleire sjukehustimar og meir dagkirurgi

– Den viktigaste beredskapen vi har i denne pandemien er intensivkapasiteten. Det er i stor grad dei same sjukepleiarane som jobbar med operasjon, overvaking og intensiv. Det betyr at vi ikkje kan køyre fullt operasjonsprogram og samtidig ha intensivkapasitet for pasientar med covid-19.

Derfor er det først og fremst polikliniske avtalar og dagkirurgi med lite krevjande anestesi ein ser føre seg å auke opp. Det krev ikkje innlegging i sjukehus og legg minst mogleg beslag på helsepersonell med kompetanse som ein krev i intensivavdelingane. Planlegginga startar tysdag etter påske.

– Dette skal vi planlegge godt, saman med dyktige leiarar, fagfolk, tillitsvalte og verneombod, seier Klausen.

– Møt til timen din

Han oppmodar pasientar til å møte til timen sin som avtalt, med mindre dei får beskjed om anna. Sjukehuset gjer nødvendige smitteverntiltak for å gjere det trygt å møte på sjukehuset.

– Eg vil sterkt oppmode folk om å søke helsehjelp når dei treng det, og til å møte til timen sin så sant dei ikkje har symptom på covid-19 eller har vore i nærkontakt med nokon som har det, seier Klausen.

– Då må dei ta kontakt med oss på førehand slik at vi kan vurdere om avtalen skal gjennomførast med smitteverntiltak eller om den kan utsettast.

Pandemien er ikkje over

Klausen tør ikkje seie noko om kor lenge ein kan drive med auka kapasitet.

– Vi har på det meste hatt 10 pasientar innlagt med påvist covid-19. Slik vi har rigga sjukehusa i Helse Fonna har vi hatt kapasitet til dette både på vanleg sengepost og på intensiv. Vi har så langt ikkje fått dei innleggingstala vi frykta, men som norske helsemyndigheiter også understrekar: Vi har ikkje sett slutten på denne pandemien, seier Klausen.