Slik halverte dei utgreiingstida for autisme

Det er ein av dei mest komplekse og krevjande diagnosane å stille innan barne- og ungdomspsykiatrien. Likevel har BUP Stord klart å halvere utgreiingstida for autismespekterforstyrringar. Nå har dei fått Kvalitetsprisen for arbeidet sitt.

– Vi såg eit tydeleg behov for å korte ned utgreiingstida, men utan at det skulle gå utover kvaliteten. Autismespekterforstyrringar er krevjande å diagnostisere, seier funksjonsleiar Siv Merete Handeland ved BUP Stord.

Saman med psykologspesialist Ester Espeset og seksjonsleiar Håvard Wester Breistein tok ho i mot Kvalitetsprisen 2019 under Helse Fonna sitt styremøte i dag.

Kvalitetsprisen 2019_4.jpg

PRISVINNARAR: Funksjonsleiar Siv Merete Handeland, psykologspesialist Ester Espeset og seksjonsleiar Håvard Wester Breistein kunne i dag ta i mot Kvalitetsprisen 2019 på vegner av BUP Stord. Foto: Eirik Dankel/Helse Fonna

Dette er Kvalitetsprisen


Helse Fonna sin kvalitetspris blir delt ut til enkeltperson eller eining som kan dokumentere gode tiltak og resultat som fremmer kvalitetsutvikling.

I vurderinga av søknadane skal det leggjast vekt på om det blir rapportert forbetring innanfor fagleg standard, pasienttryggleik, tilgjenge
og kontinuitet av tenestene, brukartilfredsheit og ressursnytting.

 
Prisen er ein diplom og 40 000 kroner som skal gå til vidare kvalitetsarbeid.

Frå kartlegging til forbetring

Suksessen kjem etter eit nøye planlagt og gjennomført forbetringsarbeid. Dei viktigaste tiltaka har vore å kartlegge det eksisterande forløpet for å finne flaskehalsane, planlegge tidspunkt for enkeltundersøkingar betre, styrke teamet som jobbar rundt pasienten og sikre spesialistkompetanse i vurderinga.

– Vi har spurt foreldra til barna om kva som er viktig for dei. Kortare utgreiingsperiode utan at det går ut over kvaliteten kjem høgt på lista. Det same gjer god informasjon og rettleiing om diagnosen, seier Espeset.

Då prosjektet starta i februar 2018, var gjennomsnittleg utgreiingstid 468 dagar. Målet for perioden var å redusere denne til 200 dagar. BUP Stord er nestan i mål.

Vi har spurt foreldra til barna om kva som er viktig for dei

Psykologspesialist Ester Espeset
 

 – Nå er gjennomsnittet 219 dagar, som vil seie rundt 7 månadar. Foreldra sjølv seier 3-6 månadar er ønskeleg utgreiingstid.

Håvard Wester Breistein er seksjonsleiar ved BUP Stord og Stord DPS. Han trur prisen vil bidra positivt til det allereie høge engasjementet hos behandlarane.

Frå juryen si grunngjeving

[...] dette er eit godt prosjekt som fyller krava i utlysinga, og det er
dokumentert at kvaliteten i tilbodet til pasientane er forbetra når det gjeld tilgjenge. Standardisering av utgreiinga og kompetanseheving for behandlarane legg tilhøva til rette for mindre variasjon i tilbodet.
 


Allereie klare med neste prosjekt 

– Kvalitetsprisen er ei verdsetting av det gode arbeidet som blir gjort. Vi har ei godt samansett behandlargruppe ved BUP Stord og har over tid hatt fokus på vidareutdanning, kursing og kvalitetsforbetring. Gode og effektive utgreiingsløp og evidensbasert behandling er viktige grunnpilarar for eit vellukka behandlingstilbod, men fagleg og relasjonell kompetanse og engasjement i behandlargruppa er naudsynt.

I tillegg til heider og diplom, får vinnaren 40 000 kroner som skal brukast til kvalitetsarbeid. Wester Breistein seier dei først skal unne seg ei god markering, før dei går tilbake til teiknebrettet for å skissere neste prosjekt.

– Det blir eit kvalitetsforbetringsprosjekt knytt til tilvisingskvalitet og avslag på pasientrettar med utgangspunkt i Barn og unges helseteneste og retta mot samarbeid med fastlegane.