Slik førebur Helse Fonna seg på å ta imot pasientar med mistanke om smitte av Corona-virus

– Vi følgjer situasjonen og har planlagt for korleis vi skal handtere det viss vi får inn pasientar med mistanke om eller påvist smitte. Vi har også kontakt med legane i kommunane for å sikre eit godt samarbeid i ein slik situasjon.

Det seier smittevernoverlege i Helse Fonna Randi Ofstad.

– Corona-viruset er ikkje påvist i Noreg, men vi er sjølvsagt førebudd på at det kan komme. I ein slik situasjon vil vi i Helse Fonna ha to viktige oppgåver: Å sørgje for god behandling og pleie til den enkelte pasient, og hindre smittespreiing.

Smittevernoverlegen seier det er viktig å ta situasjonen på alvor, men ikkje skape unødig frykt og uro. Det viktigaste du som innbyggar kan gjere, er å ha god handhygiene.

Randi Ofstad - foto Eirik Dankel_1-small.jpg

FØLGJER SITUASJONEN: - Vi skal ikkje bidra til unødig uro. Det viktigaste du som innbyggar kan gjere, er å ha god handhygiene, seier smittevernoverlege i Helse Fonna Randi Ofstad. Foto: Eirik Dankel

Folkehelseinstituttet sine råd for å førebygge smitte


For å hindre smitte bør personer som er syke unngå å hoste eller nyse direkte på andre, og man bør, når det er mulig, holde minst 1 meters avstand til personer med luftveissymptomer. Man bør også tilstrebe å hoste/nyse i et papirtørkle (som kastes etterpå) eller i armkroken.

God håndhygiene, både hos syke og friske, er viktig for å hindre smitteoverføring. Vask hendene ofte og grundig med såpe og lunkent vann, spesielt når du har vært ute blant folk. Hånddesinfeksjon er et godt alternativ dersom håndvask ikke er mulig. Dersom hendene er synlig skitne eller våte har hånddesinfeksjon redusert effekt, og hendene bør rengjøres med såpe og vann.

 


– Vi held oss heile tida oppdaterte på informasjon og råd frå Folkehelseinstituttet og Helsedirektoratet og følgjer dette, seier Ofstad.

Finn oppdaterte råd på folkehelseinstituttet.no

Desse personane blir testa for smitte

Folkehelseinstituttet tilrår så langt (per 7.2.2020) berre testing av personar med akutt luftvegsinfeksjon med minst eitt av følgjande symptom: hoste, kortpust, feber, som i løpet av dei siste 14 dagane før symptomdebut, oppfyller minst eitt av følgjande kriterier:

  • Har vore i fastlands-Kina
  • Har vore i nærkontakt med eit påvist tilfelle av 2019-nCoV-infeksjon
  • Har pleia/behandla ein pasient, handtert prøvemateriale frå eller på annan måte hatt tilsvarande nærkontakt med ein person som er påvist sjuk med 2019-nCoV-infeksjon, utan å ha brukt tilrådd beskyttelsesutstyr.

Folk må ta kontakt med fastlege eller legevakt på telefon dersom dei oppfyller desse kriteria.