HELSENORGE

Sjukefråværet er høgare enn målet

Sjukefråværet i Helse Fonna er for høgt. No blir det sett i verk fleire tiltak for å få det ned.

Helse Vest RHF har vedteke at målet for sjukmeldt fråvær i føretaksgruppa skal vere 4,5 prosent eller lågare, medan målet for det samla sjukefråværet er sett til 5,5 prosent eller lågare.

Dette målet klarar ikkje Helse Fonna å oppnå. Så langt i år er samla sjukefråvær mellom 7 og 8 prosent kvar månad, og sjukmeldt sjukefråvær ligg på mellom 6 og 7 prosent.

– Å arbeide for ein helsefremjande arbeidsstad og lågt sjukefråvær er ein av Helse Fonna sine strategiar for å sikre god kvalitet og pasienttryggleik og å vere ein framtidsretta kompetanseorganisasjon, heiter det i saka som låg føre til styremøtet torsdag.

 

Førebyggja​nde prosjekt

I januar i år vart prosjektet «Der skoen trykker. Saman om eit godt arbeidsmiljø» starta. Dette er eitt av sju bransjeprogram, og er metodikken bransjeprogrammet Inkluderande Arbeidsliv (IA) i sjukehusa nyttar.  

– Formålet med bransjeprogramma er å mobilisere partane på bransjenivå til i fellesskap å dokumentere og ta fatt i felles erkjente utfordringar. Bransjeprogrammet tilbyr ein målretta, systematisk og langsiktig metodikk for å ta tak i utfordringsområde, skape eit betre arbeidsmiljø og førebyggje og redusere sjukefråværet. Helse Fonna starta prosjektet i januar 2021 og har vald ut to einingar til prosjektet «Der skoen trykker», i samarbeid med tillitsvalte og verneombod. Det er teke utgangspunkt i sjukefråvær og Forbetringsundersøkinga. Leiar og prosjektdeltakar har jobba fram rapport og tiltak som avdelinga vidare skal følgje opp saman med tillitsvalt og verneombod. Det er så langt svært gode tilbakemeldingar på bruk av verktøyet i prosjektet. Det vert planlagt vidare deltaking i prosjektet i 2022. Nye avdelingar vil bli valde ut med bakgrunn i utfordringar med sjukefråvær og arbeidsmiljø. Arbeidet med innsats mot hyppige, lange fråvær vil starte seinare i prosjektperioden, heiter det i saka.

Saka om sjukefråvær vekte debatt og engasjement blant styremedlemmene. Oppsummert var styret nøgde med gjennomgangen, og tiltaka som er sett i verk, og ber difor administrasjonen halde fram arbeidet, og prioritere tiltak som kan få ned sjukefråværet.

 

Fristbrot ​​og ventetid

I adm. dir. si oppsummering av drifta for september kjem det fram at Helse Fonna framleis har utfordringar knytt til budsjett, ventetid og fristbrot.

Det økonomiske resultatet for september var 16,8 millionar kroner dårlegare enn budsjett, og akkumulert er resultatet 45,8 millionar kroner under budsjett. Likevel held ein fast på årsprognosen på 10 millionar, som indikerer eit positivt årsresultat.

Gjennomsnittleg ventetid for alle behandla pasientar var 65 dagar. Eigarkravet er under 50 dagar innan 2021. Ventetida har gått ned frå 71 dagar førre månad. 818 pasientar på ventelistene har pr. oktober ikkje fått time innan fristen som er sett.

Innan somatikk var det i september 54 pasientar som var melde utskrivingsklare medan dei venta på kommunalt tilbod om pleie- og omsorgstenester frå heimkommunen. Pasientane låg til saman 149 døgn, i snitt 5 sjukehussenger var nytta til utskrivingsklare pasientar i perioden.

4,2 prosent av sengedøgna i somatikken var i snitt på korridor i månaden, viser rapporten.

– Administrerande direktør har høg merksemd på ventetida innan BUP-feltet. Talet på tilvisingar har gått ned og ventetida for ventande er låg slik at ein ventar betring også i ventetid for behandla. I tillegg er det svært mange fristbrot, spesielt i medisinsk klinikk og klinikk somatikk Stord. Hovudårsaka er korona og innflytting i nytt bygg i Haugesund, skriv Olav Klausen i si vurdering av situasjonen.

 

Styreseminar og om​vising

I styremøtet var det også ein status på byggprosessen, evaluering av ferieavviklinga, plan for styrking av helsetenester i fengsel og informasjon om den årlege pasientundersøkinga PasOpp.

I tillegg var det sett av tid til omvising i nybygget, og andre del av dagen var via styreseminar. Her fekk styret nærare kjennskap til Helse Vest IKT, telefoni og kritiske alarmar, kvalitetsparameter og register og erfaringar innan colorectal kirurgi.

Styret sette stor pris på omvisinga i nybygget.

–​ Svært interessant å sjå og høyre korleis dei jobbar. Vi har fått innblikk i nye og betre arbeidsprosessar, som kjem både pasientar og dei tilsette til gode, kommenterer styreleiar i Helse Fonna, Per Bjørn Habbestad.

 

 Styret omvisning oktober 2021 - foto Eirik Dankel.jpg

OMVISING: Styret i Helse Fonna fekk for første gong omvising i nybygget, som opna dørene for pasientar i starten av september. Her er det funksjonsleiar Torstein Dankel Stavenjord som informerer om drifta på Felles akuttmottak. Til høgre står styremedlem Solfrid Borge. Foto: Eirik Dankel

Styret omvisning oktober 2021 - foto Eirik Dankel_8.jpg

MODERNE LABORATORIUM: Sidsel Aaker, avdelingsleiar for Avdeling for laboratoriemedisin, forklarar korleis drifta går på det som er blant verdast mest avanserte sjukehuslaboratorium. Foto: Eirik Dankel​