Sjekk om du er i faresonen for kols

Rundt 300 000 nordmenn kan ha kols utan å vite om det. Røyking er den viktigaste årsaka, men også alvorleg astma og arv kan gi auka risiko for å utvikle den kroniske lungesjukdomen.

– Viss du er plaga med hoste, mykje oppspytt og lett blir tungpusta, bør du kontakte fastlegen din for å sjekke helsa. Fortell om symptoma dine og spør om det kan vere teikn på kols.

Det er det enkle rådet frå overlege ved lungeavdelinga i Helse Fonna, Atle Totland.

– Kols er ein kronisk sjukdom, som betyr at det ikkje går an å bli kvitt sjukdomen. Men tidleg og god behandling kan stoppe sjukdomsutviklinga. Derfor er det så viktig at sjukdommen blir oppdaga så tidleg som mogleg, seier Totland. 

– Det er lite vi kan reparere, men mykje vi kan førebygge. Derfor er det aldri for tidleg og aldri for seint å søke hjelp, oppfordrar Totland.

Dersom ein røykar og er van med mykje hosting og tungpust, tenker ein kanskje ikkje over at det kan ligge sjukdom bak. Sidan 80 prosent av kols-tilfella skuldast røyking, kan ein gå lenge utan å oppdage at symptoma skuldast kols.

Dette er kols

  • Kols står for "kronisk obstruktiv lungesjukdom" og er eit samleomgrep på ei gruppe kroniske lungesjukdomar som fører til hindra luftstraum gjennom luftvegane
  • Røyking, alvorleg eller dårleg behandla astma, arv og alder er dei vanlegaste risikofaktorane
  • Sjukdommen kan ikkje kurerast, men utviklinga kan stoppast
  • Behandlinga er medisinar og livsstilsendring for å stoppe sjukdomsutviklinga og gi best mogleg helse.


 

– Du kan ha kols i mange år utan å vite om det. Som regel er det nyleg skjedd ei forverring når folk søker helsehjelp. Mitt råd er å vere tidleg ute. Ta kontakt med fastlegen din om du er bekymra, seier Totland.

Medisinar og livstilsendring er viktig for å stoppe sjukdommen i å utvikle seg og redusere lungekapasiteten ytterlegare. Medisinane kan gi betre pust og mindre plager. Røykeslutt står øvst på lista over verksame tiltak ein kan gjere noko med sjølv.

– Røykeslutt er sjølvsagt helseråd nummer éin for deg som ikkje har kols også. Røyking er veldig skadeleg for kroppen, men du kan likevel få rask helsegevinst om du klarar å slutte. Det er aldri for seint. 

  • LES OGSÅ: Visste du at du får betre helse allereie 20 minutt etter din siste sigarett? Les meir og få hjelp til røykeslutt på helsenorge.no