Sjå den splitter nye HelseEkspressen

HelseEkspressen er sjukehusbuss som sørgjer for at pasientar reiser trygt og komfortabelt mellom Haugesund, Stord og Haukeland kvar dag. No lanserer Helse Fonna ein splitter ny modell med høg komfort og kvalitet for både sittande og liggande pasientar.

Allereie torsdag skal nye HelseEkspressen ha sin jomfrutur med pasientar og medarbeidarar. Turen går frå Haugesund sjukehus, via Stord og til Haukeland.

Med på turen er det alltid ein helsefagarbeidar og sjukepleiar frå akuttmottaket. Ei av dei er tidlegare leiar av akuttmottaket i Haugesund, Svanaug Løkling.

– Dette er ein fin arbeidsplass. Eg gler med til å ta bussen i bruk.

Ho sett seg ned bak pulten heilt bak. Frå der kan ho følgje med pasientane føre seg og kan kontrollere medisinsk utstyr om naudsynt.

Helseekspressen-collage.jpg

God komfort

Men før bussen ruller sine første mil mot Bergen kan altså alle få ta ein kikk.
– Vi ønskjer medarbeidarane velkomen for å ta den nye bussen i augesyn, seier Svein Jensen i ambulansetenesta.
Den nye Helseekspressen definerer han som den nye generasjonen buss og fortel entusiastisk om panoramavinduer i taket, god kjøre- og sittekomfort og eigne låsbare rom for å frakte blodprøvar og sensitiv informasjon.

HelseEkspressen er skreddarsydd til sitt føremål og er ein funksjonell arbeidsplass for dei som jobbar om bord. For pasientane er bussen ein behageleg måte å reise på. Dei kan både surfe på nett og lade mobil eller pc undervegs på turen, og servering av kaffi og sal av mineralvann vil halde fram.
Tilbakemeldingane frå pasientane er gode.

– Når eg har fortalt pasientar at dei skal køyre med HelseEkspressen til behandling i Bergen, har nokon lurt på korleis det blir. Men etterpå får eg gjerne høyre dei ikkje kunne tenke seg noko anna reisemåte, seier Svanaug Løkling. Ingen scorar betre enn HelseEkspressen i Helse Fonna på spørsmål frå brukarane.

Fakta Helseekspressen

  • HelseEkspressen har 21 sitteplassar og tre bårer, naudsynt medisinsk utstyr og eigne rom for frakt av blant anna blodprøvar
  • Køyrer Haugesund-Stord-Bergen, med retur på ettermiddagen, måndag til fredag
  • Drangedal bilruter drifter HelseEkspressen for Helse Fonna.