HELSENORGE

Siste innspurt i nytt bygg

Nytt, flott sjukehus på sjukehushøgda i Haugesund er planlagd og bygd i fleire år. No er øvinga i full gang for dei tilsette.

Nybygget er fullspekka med nytt og moderne medisinteknisk utstyr, og planen er å ta imot dei første pasientane i slutten av august. I vekene fram mot sommaren er dei tilsette som skal inn i nybygget i full gang med opplæring, simulering og trening i dei nye sjukehuslokala. Flytteprosessen startar i midten av august.

Akuttmottak - simulering - 2021 - foto Eirik Dankel (13).jpg

Godt førebudde: Avdelingane som skal flytte inn i nytt bygg driv med opplæring og øving, slik at alt er som det skal vere den dagen pasientane kjem. Her er LIS-lege Nina Storm Skifjeld (t.v.) og anestesisjukepleiar Bjørn Sigurd Tjelle Bjørhovde under trening i akuttmottaket. Foto: Eirik Dankel


– Vi arbeider målretta saman med totalentreprenør Veidekke for å halde tidsplanen, kunne prosjektdirektør Laila Nemeth opplyse til styret i Helse Fonna, på det siste styremøtet før sommaren.

 

Ombygging og nytt byggjetrinn​

Straks bygget er teke i bruk, vil ein starte ombygging av dei avdelingane som det blir flytta frå. Og håpet er å komme i gang med neste byggjetrinn i 2023.

– Det er nokre spennande og hektiske veker som no står framfor oss fram mot innflytting. Vi gler oss til at dei ulike avdelingane og pasientane kan ta det nye flotte sjukehuset i bruk, seier Nemeth. 

Styret er nøgde med at det store byggjeprosjektet er i rute til innflyttingsdato, trass i ein langvarig koronapandemi.

– Det er ein stor milepæl å kunne ta i bruk 20 000 kvadratmeter med nytt sjukehus innanfor planlagt tid og budsjett, seier styreleiar Per Bjørn Habbestad.

 

Høg tillit blant innbyggjarane​​

Styret fekk presentert den ferske innbyggjarundersøkinga, utført i regi av Helse Vest, der innbyggjarar på heile Vestlandet har svara på spørsmål om kva dei meiner om sitt helseføretak. Her skårar både Helse Fonna og dei andre føretaka svært høgt.

I undersøkinga, som tek føre seg tidsrommet frå mai 2020 og eitt år fram, svarer dei spurde at dei har stor tiltru til at dei vil få den behandlinga dei treng, både om ein blir sjuk av Covid-19 (Helse Fonna skårar 4,6 - kor 5 er best), og om ein har behov for anna sjukehusbehandling (4,3). Svara vert gjeve på tvers av kjønn og alder og ligg delvis over tala frå i fjor.

 

Nøgde pasientar​

Helse Fonna ligg heilt i toppen når det gjeld kor nøgde pasientar og pårørande er med deira oppleving av sjukehuset siste året. Både pasientar og pårørande er godt nøgde med opplevinga dei har hatt med sjukehuset det siste året. Pasientane er aller mest nøgde med pleia og behandlinga dei har fått (4,6), og måten dei blei ivaretekne på (4,5). Litt lenger nede på skalaen, på 4,0, er svaret på kor nøgde pasientane er med opplevinga av ventetida på å få koma til behandling. At dette skårar dårlegare kan mellom anna skuldast at fleire konsultasjonar vart utsette ei tid på grunn av pandemien. Pasientane har også blitt spurde om dei har nytta videokonsultasjon i behandlinga, korleis kontakten med sjukehuset har vore og om informasjonen frå sjukehuset har vore lett å forstå.

 

Vedtok kompetanseplan​

Strategisk kompetanseplan for Helse Fonna skal gje retning for korleis føretaket planlegg for å sikre tilstrekkeleg kompetanse og rett kompetansesamansetting gjennom å utdanne, rekruttere, behalde og leggje til rette for forsking, fagutvikling og livslang læring. Planen skal vere eit verktøy for å bidra til systematisk planlegging og utvikling av kompetanse- og utdanningstiltak, og sikre at tiltaka er målretta og i samsvar med føretaket sitt behov. Planen har hovudfokus på dei kliniske fagområda.

Det har vore brei involvering av klinikkane i utarbeiding av kompetanseplanen. Planen har også vore til høyring i leiarlinja, tillitsvalde og verneomboda, samt vore drøfta med fagorganisasjonane og verneomboda og vore behandla i AMU.

Styret fekk på møtet ein gjennomgang av planen, som vart vedteken. Det overordna målet er at Helse Fonna har tilstrekkeleg med personell med naudsynt og rett kompetanse, og at ein skal vere ein framtidsretta og innovativ kompetanseorganisasjon.

 Målet er at Helse Fonna er ein attraktiv arbeidsplass med robuste fagmiljø, har system for kontinuerleg kompetanseutvikling for å nå målet om livslang læring, er tydeleg og strategisk i utdanning av helsepersonell, og har forsking som ein integrert del av klinisk praksis, og utviklar pasienten si helseteneste ved at medarbeidarane har kompetanse om pasienten som aktiv deltakar, metodar og verktøy til forbetring, står det mellom anna å lese i planen.

 

Utfordrande ø​​konomi

Styret fekk som vanleg den månadlege gjennomgangen av drift og økonomi, og det er ingen tvil om at det å stå i ein pandemi over så lang tid kostar, på fleire felt. Mange planlagde avtalar er utsette, noko som fører til at ventetida aukar. Eit gledeleg unnatak er at ventetida for barn og unge innan psykisk helsevern er fallande. Årsaka er truleg at tiltaka som er sett i verk har hatt effekt, og at innsøkinga har gått noko ned.

Når det gjeld økonomi, så er inntektene lågare enn budsjettert, og utgiftene høgare. Det fører til negativt resultat for mai på 8,8 millionar kroner. Budsjettet seier overskot på 2,8 mill., så det negative budsjettavviket for månaden er på 11,6 mill. kroner.

– Som i førre månadsrapport er også resultatet denne perioden påverka av pandemien og av at dei øyremerka midlane til Covid-19-beredskap vart brukt opp i løpet av dei første månadane av året. Månadsresultatet er prega av meirkostnader og mindre inntekter som følgje av pandemien, men inkluderer ikkje kompensasjonsmidlar frå revidert nasjonalbudsjett. Vi har tidlegare skissert ein prognose på minus 10 mill. kr. pr. månad fram til august dersom føretaket ikkje mottar ytterlegare kompensasjon for tapte inntekter og auka kostnad i samband med pågåande pandemi, heiter det i rapporten for verksemda for mai.