Sentrale IKT-system er tilbake i drift

Dei fleste systema er no i funksjon igjen etter å ha vore ute av drift nokre timar i dag. Nokre av systema er framleis litt ustabile, men dei sentrale og mest kritiske systema er i drift.

- Ein del pasientar kan nok ha opplevd forseinkingar i dag, og det vil vi beklage. Vi reknar med at situasjonen vil normalisere seg utover dagen no når systema er oppe og gå igjen, seier administrerande direktør Olav Klausen.

- Tusen takk til alle medarbeidarar som har stått på i dag og sørgja for at drifta har gått så normalt som mogleg, seier Klausen.

Oppdatering kl. 14.18: Helse Fonna avsluttar beredskapen.