Sårpoliklinikken på Stord feira 10 år

Mange pasientar med kroniske sår har behov for tett oppfølging. Det var slik ideen om sårpoliklinikken blei til: Det var eit stort behov for systematisering av behandlinga til sårpasientar.

​Slik kom det heile i stand

Med såkornmidlar frå Helse Vest starta sårsjukepleiar Kjellaug Stautland Eide og seksjonsoverlege Bodo Günther opp poliklinikk éin dag i veka. 

Behovet var stort og etter kvart blei tilbodet utvida til to dagar med to sjukepleiarar, og no med tre dagar i veka og fire faste sjukepleiarar med vidareutdanning i sårbehandling. I tillegg til dei fire har også fleire andre sjukepleiarar på Stord sjukehus no vidareutdanning i sårbehandling.

Sårpoliklinkken Stord 10 år - nett (13)liten.jpgSårpoliklinikken anno 2020: Bodo Günther, Isabella Stokka Landmark, Kjellaug Stautland Eide, Wenche Gønås og Rita Fotland. Anne Mari Hystad var ikkje tilstades då bilete blei teke.

Kva skjer i dag?

Det som starta med ei sårtralle i legevakta sine lokale er blitt ein sårpoliklinikk som tar nærast 1/3 av heile den kirurgiske poliklinikken på Stord. 

Ein vanleg dag på sårpoliklinikken har både planlagte pasientar og øyeblikkeleg hjelp. Fleire får no behandling i kommunane, derfor er det meir avanserte tilfelle som kjem til sjukehuset.

Framtida

Ny teknologi er på full fart inn i sårbehandlinga, forklarar sjukepleiar Isabella Stokka Landmark.

– Gjennom fleire år har vi sett behov for telemedisinsk oppfølging av pasientane våre. Vi får no hjelp av avdeling for helsedata for å få dette på plass. 

Behovet er både oppfølging via video og å få tilsendt bilde for vurdering. 

– Det blir spennande å ta dette i bruk og behovet er stort.

Kurs og tverrfagleg kompetanse

I løpet av desse ti åra har mykje skjedd med sårbehandling i regionen. Isabella og kollegene hennar har ikkje tenkt å stoppe no. 

– Vi ønskjer etablering av tverrfagleg team for å behandle pasientane på best mogleg måte. Fleire kurs for primærhelsetenesta har vi også halde. Desse er blitt tatt godt imot.

Ei eiga sårgruppe er no danna i Helse Fonna. Dei samlast for å lære av kvarandre.  

– Dette er svært lærerike daga der vi utvekslar både ny lærdom og erfaringar. 

såroliklinkken 10 år.jpg