Helsenorge

Rosar samarbeidet med kommunane

- Helse Fonna har alltid hatt eit godt samarbeid med kommunane. Samarbeidet har blitt endå betre i samband med koronapandemien, konstaterer administrerande direktør Olav Klausen.

Tysdag var det styremøte i Helse Fonna, og forutan vanleg status frå verksemda, vedtok styret årsmelding og årsrekneskapen frå 2020.

Som tidlegare meldt, så var både aktiviteten og rekneskapen sterkt prega av koronapandemien.

kohort2.jpg

- Føretaket starta planlegging for denne i februar i fjor og sette beredskap 12.03.20. Føretaket har hatt stort fokus på smitteverntiltak og har endra drifta monaleg. Det har vore svært godt samarbeid med kommunane, andre helseføretak på Vestlandet, Helse Vest og Statsforvaltar i begge fylka. God innsats frå medarbeidarar, tillitsvalde, vernetenesta og leiarar har medverka til at føretaket i hovudsak har handtert situasjonen. På det meste var 10 pasientar med Covid-19 innlagde på sjukehus i føretaket i 2020. I fjor var det om lag 33.000 innleggingar ved sjukehusa, og det blei gjennomført om lag 233. 000 besøk ved poliklinikkane. Planlagt behandling vart redusert monaleg på våren 2020 grunna pandemien, for å ta seg opp etter sommaren, står det å lese i årsmeldinga.

 

Fleire tilvisingar til BUP

I 2020 var gjennomsnittleg ventetid for alle pasientar som hadde starta behandling 63 dagar innan somatikk, 38 dagar innan psykisk helsevern for vaksne, 41 dagar innan psykisk helsevern for barn og unge og 24 dagar innan rus. Dei fleste kreftpasientar som blir behandla i føretaket blir inkludert i pakkeforløp. I sum blei pakkeforløpa gjennomført innanfor målet i 2020. Innan psykisk helsevern er satsinga på dei distriktspsykiatriske sentra og barne- og ungdomspsykiatrien vidareført.

- Hovudfokuset innan psykisk helsevern har vore å sikre ei optimal ressursutnytting med frigjering av ressursar frå døgnbehandling til poliklinisk og ambulant behandling, samt å redusere bruken av tvang. Sidan slutten av 2020 har det vore ei auke i talet på tilvisingar innan barne- og ungdomspsykiatrien. Føretaket har høg merksemd på dette og har satt inn fleire tiltak, heiter det i årsmeldinga.

 

Fekk 200 mill. frå Staten

Dei rapporterte ekstrakostnadane med pandemien i 2020 er på 80,5 millionar kroner og reduserte inntekter utgjorde totalt 87,3 millionar kroner. I tillegg blei det investert for 10 millionar kroner som følgje av pandemien. Til dekning for desse negative økonomiske effektane fekk Helse Fonna 200 millionar kroner i kompensasjon frå Staten.

- Styret har saman med medarbeidarane i føretaket lagt ned ein monaleg innsats for å halde kostnadane lågast mogleg og aktiviteten høgast mogleg trass i pandemien, heiter det i årsmeldinga.

Arbeidet med utbygginga av Haugesund sjukehus er i rute med omsyn til tid, kost og kvalitet. I oktober 2020 vedtok styret i Helse Fonna HF revidert konseptrapport for byggetrinn 2. Helse Vest har sendt lånesøknad med tanke på lån i statsbudsjettet for 2022.

Dei siste åra har satsinga på forsking og innovasjon i føretaket auka. Forskarar i Helse Fonna HF publiserte 68 vitskaplege artiklar i 2020, og éin medarbeidar disputerte for doktorgraden.


Mange vil ta vidareutdanning

Adm. dir. Olav Klausen kom på styremøtet med ei orientering om kva føretaket gjer for å sikre seg spesialsjukepleiarar i åra framover. Det har gjennom pandemien vore stort fokus på mangel på intensivkapasitet, og i Helse Fonna er det no fleire som har søkt slik utdanning enn på mange år.

- Vi har dei siste par åra auka talet på utdanningsstipend, og vi har no stort fokus på å utdanne både intensivsjukepleiarar og jordmødrer, men også andre typar fagpersonar. Behovet for intensivkapasitet både på Stord og i Haugesund i tida framover vil bli nærare utgreia, sjølvsagt i tett samarbeid med fagmiljøet, uttalte Klausen.

Dette er også poengtert i årsmeldinga.

- Føretaket har til ei kvar tid tilsette i etter- og vidareutdanningsløp. Behovet for etter- og vidareutdanningar blir kartlagt og prioritert årleg på klinikknivå. Føretaket har eit aukande behov for jordmødrer og spesialsjukepleiarar (intensiv, operasjon, anestesi og kreft), og har til ei kvar tid medarbeidarar under utdanning i desse faga, hovudsakleg ved Høgskulen på Vestlandet. For å sikre rekruttering til utdanningane, blir det inngått avtale om utdanningsstillingar med løn, samt bindingstid etter fullført utdanningsløp. Føretaket har også medarbeidarar under vidareutdanningar på deltid, innan leiing, psykisk helsevern, kreftsjukepleie, rusproblematikk, nyfødtsjukepleie, lungesjukepleie, akuttsjukepleie og urologisk sjukepleie, heiter det i oppsummeringa frå 2020.

Helse Fonna har totalt i 2020 hatt 38 stillingar for lærlingar - helsefagarbeidar, ambulansefagarbeidar og institusjonskokk. Dette utgjer totalt 62 praksisperiodar for lærlingar.

 

Lågare aktivitet

Når det gjeld drifta så langt i år, så er det økonomiske resultatet til og med mars med bruk av ekstraordinære «koronamidlar» om lag som budsjettert. Med framleis reduserte inntekter og auka utgifter som følgje av pandemien er det venta eit underskot i rekneskapen frå og med april. Føretaket reknar med at ein framover har eit underskot på rundt 10 millionar kroner per månad.

Aktiviteten så langt i år har vore lågare enn planlagt. Mykje av dette skuldast at Helse Fonna har hatt gul beredskap, og dermed redusert aktivitet, for å kunne ta seg av det store talet pasientar med Covid-19 siste tida.