Reidun Rasmussen Mjør blir ny samhandlingssjef

Noverande direktør for somatisk klinikk Stord sjukehus skal overta jobben som samhandlingssjef i Helse Fonna.

Rasmussen Mjør har vore tilsett som direktør for somatisk klinikk Stord sjukehus sidan stillinga blei oppretta i 2013. Dagens samhandlingssjef Kari Ugland skal snart gå av med pensjon, og stillinga blei derfor lyst ut før jul.

– Det var 15 søkjarar og vi hadde fleire gode kandidatar inne til intervju. Eg er veldig glad for at Reidun Rasmussen Mjør har takka ja til jobben, seier fagdirektør Haldis Lier. Samhandlingseininga i Helse Fonna er organisert under fagdirektør og samhandlingssjefen har derfor Lier som næraste overordna.

Haldis Lier-2017-foto-eirik-dankel_2.jpg

FÅR NY SAMHANDLINGSSJEF: Haldis Økland Lier er fagdirektør i Helse Fonna og er næraste leiar for samhandlingssjefen. Foto: Eirik Dankel/Helse Fonna



– Reidun Rasmussen Mjør har gjennom jobben som klinikkdirektør fått god kjennskap til samhandlingsfeltet og veit kva styrker, utfordringar og moglegheiter vi har, seier Lier.

I ny nasjonal helse- og sjukehusplan er samhandling vektlag. I heile landet skal det opprettast helsefellesskap som skal betre samhandlinga ved å sikre at spesialisthelsetenesta og kommunane ser kvarandre som partnarar heller enn partar.

Reidun Rasmussen Mjør vil tiltre som samhandlingssjef etter nærare avtale, og stillinga som direktør for somatisk klinikk Stord sjukehus vil bli lyst ut. 

Reidun Mjør - 2 - foto Eirik Dankel-crop.jpg

BLIR NY SAMHANDLINGSSJEF: Reidun Rasmussen Mjør vil overta stillinga som samhandlingssjef etter Kari Ugland som snart går av med pensjon. Foto: Eirik Dankel/Helse Fonna