Reduserer planlagt aktivitet

Frå neste veke blir mykje av planlagt aktivitet i Helse Fonna redusert, slik at ein er i stand til å ivareta kritiske funksjonar, og ta imot fleire pasientar med covid-19.

- Vi er inne i ein fase der er naudsynt å redusere aktiviteten. Det meste av planlagt kirurgi ved alle tre sjukehusa i føretaket blir utsett, men mellom anna pasientar med mistanke om kreft og barn under 18 år blir skjerma, opplyser adm. dir. Olav Klausen.

Reduksjonen i planlagt aktivitet vil halde fram til over påske, det vil seie til og med 05.04.21.

Også poliklinisk aktivitet vert redusert, i litt varierande grad rundt om på avdelingane. Dei pasientane som blir råka vert kontakta.

Det vert også gjort fleire grep dersom det kjem fleire koronapasientar kommande veke. Ved Haugesund sjukehus førebur ein arbeid med  kohortavdeling nummer to, og pandemimottaket vert utvida. I tillegg er det teke kontakt med kommunane, i håp om at dei kan ta imot fleire utskrivingsklare pasientar.

Fredag morgon var det innlagt 8 pasientar med covid-19 på Haugesund sjukehus. Ein av desse får intensivbehandling. Og i løpet av morgontimane kom det også  inn ein koronapasient på Stord sjukehus, den første på fleire veker.

- Det gledelege oppi dette er at det sidan i går er to pasientar som ikkje lenger treng intensivbehandling. Blant anna er pasienten under 18 år ute frå intensivavdelinga. Det er eg svært glad for, seier Klausen.

Medarbeidarar som tilhøyrer avdelingar som no reduserer i aktiviteten kan bli bedne om å jobbe andre stader på same hus mellombels, eller bruke tida på å få unna administrative oppgåver, som å rydde i pasientlister, halde seg fagleg oppdatert, ta e-læringskurs osv.

- Det er for tida mange medarbeidarar i karantene, og ved å gjere det på denne måten, sikrar vi nok personell til å ta oss av dei mest kritiske pasientane i vekene framover, understrekar Klausen.