Reduserer avfall og utslepp

Dei fleste klimaforskarar er einige om at menneskeskapte klimaendringar er vår tids største utfordring. Målretta arbeid gjennom Grønt sjukehus viser at vi i Helse Fonna kan redusere utslepp, avfall og forbruk.

Som storforbrukarar av vatn, straum, transport, mat og eingongsutstyr for å nemne noko, kan dei endringane vi gjer i Helse Fonna gi stor miljøgevinst. For å få til dette, må vi jobbe systematisk. Sidan 2015 har vi vore sertifisert som Grønt sjukehus, og har ein miljøpolitikk som skal vise vegen til målet.

Dei siste åra har vi redusert både forbruk og avfall på viktige område. Litt lenger nede i saka kan du sjå eksempel på mål som er nådd og korleis den enkelte medarbeidar kan bidra.

– Vi må ha gode vanar på jobb

Ei som ikkje er i tvil om si rolle i miljøarbeidet er intensivsjukepleiar Jill G. Kongshavn ved Haugesund sjukehus. Ho er miljøkontakt for klinikken sin, og har eit sterkt engasjement. Jill både håpar og trur vi kan gjere ein forskjell om vi har gode system og betre kunnskap.

– Mange er flinke heime, både til å sortere og tenke redusert forbruk. Vi må lage oss gode vanar på jobben også, seier Kongshavn.

Dette kan medarbeidarar sjølv gjere

  • Alle medarbeidarar skal ta e-læringskurs om miljø. Sjekk i Læringsportalen om du manglar det.
  • Bruk elektroniske møter når du kan: Lync/Skype eller telefon. Leiarar skal etterspørje kvifor elektroniske alternativ ikkje kan nyttast i staden for å reise.
  • Køyr saman med andre til jobb eller mellom lokasjonar i Helse Fonna.
  • Bruk piggfrie dekk vinterstid, der det er mogleg.
  • Ver bevisst på eige forbruk av varer og produkt på jobb.
  • Lær deg god avfallshandtering. Du som jobbar i Helse Fonna finn rutinane i eHandboka.
     

jill-kongshavn-foto-stina-steingildra1.jpg

– Miljø, pasienttryggleik og økonomi heng saman

Ho har laga eige undervisningsmateriell om rett avfallshandtering med fokus på tydelege mål og gevinstar. Sjølv er ho også opptatt av å sjå samanhengar. Miljøgevinst, pasienttryggleik og økonomi og er ikkje motsetnadar, men heng saman. 

– Ta blodprøvar, for eksempel. Vi må  ta dei blodprøvane vi faktisk treng. Ein blodprøve kostar tid, utstyr, pengar og ubehag for pasienten. Det er viktig å tenke seg om to gonger om blodprøven strengt tatt er nødvendig, meiner Kongshavn.

Ho seier mange kjenner på stram sjukehusøkonomi. Kongshavn trur bevisstgjering om kostnadar kan gjere at den enkelte kan ta betre val som i sum gir stor innsparing både i miljø og kostnad. Derfor har ho gått i gang med å merke alt utstyr på eige lagerrom med prislapp. Pakkar med fleire typar utstyr inni har ho meldt inn som forbetringsområde. Kan sterile utstyrspakker ha mindre innhald?

– Det er synd å opne heile pakka for berre å bruke noko av innhaldet. Må vi igjen gå tilbake å bruke meir fleirgongsutstyr? spør den engasjerte miljøkontakten retorisk.

– Trur du kollegene dine oppfattar miljøfokuset som litt masete?

– Nei, eg har berre fått positive tilbakemeldingar. Eg trur meir dei er glade for at nokon engasjerer seg, seier Kongshavn, som har fått mange invitasjonar frå andre avdelingar som vil at ho skal komme og dele kunnskap og gode tips.

Slik ligg vi an i Helse Fonna

Før sommaren gjorde prosjektleiar for Grønt sjukehus og HMS-ingeniør Astrid Håvardsen opp måloppnåing så langt i 2018. Mange av måla har vi innfridd eller er på god veg til å nå. Sjå berre:

Vi skal redusere mengden restavfall med 2 % årleg
Status juni 2018: Reduksjon på restavfall med 6,57 %

Vi skal redusere papirbruk med 4 % årleg
Status juni 2018: Innkjøpt papir til lager er redusert med 19 %

Vi skal redusere matavfall med 4 % årleg
Nedgang på 3,86 % frå juni 2017 til juni 2018

Vi skal redusere bruken av plast
Nedgang på 21 % plastretur sidan juni 2017

Redusere forbruk av drivstoff på tenestebilar med 4 % innan 2020
Reduksjon drivstofforbruk ligg på 2 %

Redusere bruk av privatbil som det krevs refusjon for med 5 % innan 2020
Reduksjonen på bruk av privatbil er nå 29 %. (Dette er reduksjon frå estimert halvårleg tal for 2017) 

Vi skal også redusere retur av legemiddel, gå over til meir miljøvenlege produkt, bytte til mindre skadelege kjemikalier, vurdere tiltak for å redusere kjøp og bruk av plastkoppar, plastemballasje etc. og bruke digitale løysningar i pasientbehandling som gir mindre bruk av papir (som Meona, PLO-meldingar og DMA).