- Her kjem ein ikkje berre på jobb,
stemplar inn og ut, og går heim og får løna si. Dei tilsette her er også
engasjerte og oppdaterer seg på fritida. Det er eit kjekt og interessant yrke,
og dagane er aldri like.
Funksjonsleiar Tore Johannessen viser rundt
på arbeidsplassen, som har flotte soverom med bad, som ser ut som hotellrom,
godt utstyrt treningsrom, konferanserom og møte og undervisning, og sist, men
ikkje minst, opphaldsrom med kjøkken som gjer at ein føler seg som heime.

Reingjering: Mykje av tida blir brukt til reingjering. Her er lærling Kjetil Nevøy i aksjon inne i ambulansen. Foto: Magne Kydland
Stasjonen i Hollundsdalen er ein av dei
nyaste, flottaste og mest funksjonelle ambulansestasjonane i Helse Fonna. Og
kvardagen består for tida av mykje reingjering, mykje meir enn normalt.
Samstundes er dei heldige, fordi det er lett å innføra reine og skitne soner
ved ein så ny og moderne ambulansestasjon.

Nye rutinar: Kvar arbeidsdag startar med grundig reingjering av ambulansen, som også blir vaska og desinfisert etter kvar tur. Lærling Kjetil Nevøy (t.v.) og funksjonsleiar Tore Johannessen fortel at det er lett å gjennomføra dei ekstra smitteventiltaka på ein så ny stasjon. Foto: Magne Kydland
Færre oppdrag
Dei tilsette er godt nøgde med kvardagen,
også etter at koronapandemien slo inn og endra rutinane.
- Kvar morgon er det grundig reingjering
av ambulansen, og i tillegg vaskar me etter kvar einaste tur, difor står han
for tida konstant parkert i vaskehallen, fortel Johannessen.

Nøgd: Avdelingsleiar Ingvill Hystad Kyvik (t.v.) er godt med måten dei tilsette i ambulansetenesta, ikkje berre på Bølmlo, men i heile distriktet, har takla koronasituasjonen på. Foto: Magne Kydland
Stasjonen vart opna i 2016, og her har dei
6,6 årsverk, pluss to lærlingar. Ein av lærlingane er Kjetil Nevøy frå Sand i
Suldal. Han stortrvist i jobben, etter å ha omskulert seg frå røyrleggjaryrket.
- Eg angrar ikkje på yrkesvalet, og ser
føre meg ei framtid i ambulansefaget. Men nett no er fagprøven litt i uvissa,
men eg håpar det blir ei ordning på det, seier Nevøy.
Koronasituasjonen gjer at dei titt og ofte
må på med fullt smittevernutstyr når dei skal ut på oppdrag. Men samstundes har
det blitt færre oppdrag.
-
Me har hatt ein nedgang på rundt 30 prosent sidan starten av mars, og
det meste har vore akuttutrykkingar. Men no aukar mengda att, ettersom Helse
Fonna aukar aktiviteten. Aktiviteten i ambulansetenesta speglar ofte
aktiviteten i resten av føretaket, fortel Tore Johannessen, som vart tilsett i
ambulansetenesta då Helse Fonna vart oppretta i 2002. Også han stortrivst i
jobben.
Fast undervisning
- Ambulansetenesta er eitt av dei
helsefaga som har hatt størst utvikling dei siste åra, frå å driva med meir
eller mindre rein pasienttransport for 20 år sidan, til å i dag driva med
prehospital og til dels avansert behandling, noko som set store krav til
kompetanse, seier Johannessen, som i likskap med Nevøy er pendlar til Bømlo,
frå bustaden på Norheim.
Som del av kompetanseutviklinga starta dei
med fast vekentleg undervisning i januar i år, kvar torsdag. Då riggar dei seg
til på det flotte og godt utstyrte konferanserommet, der undervisninga skjer
via skjermen. Men då koronapandemien starta, har undervisninga blitt erstatta
med informasjonsmøte. Men på sikt håpar dei å komma tilbake til meir normale
tilstandar att, med fast kompetansepåfyll.

Kompetansepåfyll: Dette er rommet der Kjetil Nevøy (t.v.), Tore Johannessen, Ingvill Hystad Kyvik og kollegaene har undervisning og møte. Foto: Magne Kydland
- Kompetanseprogrammet og den flotte
stasjonen er eit resultat av at Helse Fonna verkeleg har satsa på
ambulansetenesta dei siste åra, og lagt tilhøva godt til rette for at me skal
kunne gjere ein best mogeleg jobb, slår Johannessen fast.
Seks timar i bilen
Avdelingsleiar Ingvill Hystad Kyvik er
svært nøgd med korleis ambulansepersonalet har takla koronasituasjonen.
- Folka er ivrige og har vore
løysingsorienterte. I tillegg er dei flinke til å ta vare på seg sjølv, i ein
periode der mange er veldige isolerte frå andre privat, fordi dei tek omsyn til
at dei har ein viktig jobb. Dette kan vera tøft i lengda, men det har gått bra,
skryt avdelingsleiaren. Ho er også imponert over kor ivrige dei er når det
gjeld å ta til seg kunnskap, anten dei er på jobb eller har fri, og loggar seg
på PC-en heimefrå.
- Det har vore regelmessig informasjon og
undervisning, og dette er noko me tek med oss vidare, også etter at
koronaberedskapen er over, seier Kyvik.
Ambulansepersonalet på Bømlo er
gjennomsnittleg i bilen seks timar i døgnet. Dei har færre oppdrag enn mange
andre stasjonar, men det er sjeldan eit oppdrag tek mindre enn to timar.
God og velfungerande teneste
Klinikkdirektør Sverre Kolbeinsen Lien
poengterer at ambulansetenesta i Helse Fonna er ei god og velfungerande teneste
også når det ikkje handlar om Covid 19. Han viser til at det er ei kompleks
teneste, som er avhengig av koordinering og fleksibilitet frå alle involverte.
- Eg er stolt over tenesta som heilskap,
og ikkje minst leiarane og medarbeidarane som bidreg til å sikra innbyggjarane
våre tilgang til helsetenester til vanleg. Dette året har vore prega av koronasituasjonen,
noko som har ført til ei endring i drifta ut frå normalen. Her har alle dei
tilsette i ambulansetenesta vore fleksible og viste evne til å finna gode
tiltak, noko som berre forsterkar mi positive oppfatning, seier ein nøgd
klinikkdirektør.


Flotte fasilitetar: Tore Johannessen viser fram vaskerommet og treningsrommet. Foto: Magne Kydland
Fakta
* Helse Fonna har ti ambulansestasjonar, som
ligg i Odda, Sauda, Suldal, Stord, Bømlo, Tysnes, Kvinnherad, Karmøy, Haugesund
og Vindafjord.
* Totalt 16 døgnbilar, 2 dagbilar, 1
legebil, 1 helseekspress, 1 ambulansebåt og 9 beredskapsambulansar blir styrte
og koordinerte via akuttmedisinsk naudtelefon.
* Ambulansetenesta i Helse Fonna har totalt 160
medarbeidarar, som kvart år gjennomfører om lag 23.000 oppdrag i året til våre
innbyggjarar.