Psykisk helseteneste på hjul

Den ambulerande polikliniske tenesta ved Folgefonn DPS (FACT)  køyrer mil etter mil, med dei svakaste pasientane som målgruppe. Teamet kom nyleg svært godt ut i ei nasjonal evaluering av tilbodet.

- Vi har over 500 samtalar per klinikar i løpet av året. Det er jo ikkje så verst, når ein tenkjer på at vi brukar så mange timar i bilen, fortel leiar for FACT-teamet ved Folgefonn DPS, Erlend Hellingsrud. Han er svært nøgd med teamet sin innsats.

Men vel så viktig er det at evalueringa viser at dei hadde ei halvering av talet på tvangsinnleggingar, og stor reduksjon i liggjedøger for pasientar i FACT etter to år.

Fact.jpg

FACT-TEAMET: Her er fem av dei tilsette i FACT-teamet ved Folgefonn DPS, som skårar svært høgt i ei nasjonal evaluering av tilbodet, som blir meir og meir vanleg ut frå resultata dei kan visa til. Dei er stort sett på farten, og dette er dei fem som var til stades den dagen biletet vart teke. Frå venstre Erlend Hellingsrud (funksjonsleiar), Jonny Lygre (psykiatrisk sjukepleiar), Marit Teigen (psykiatrisk sjukepleiar), Lene Eide (ruskonsulent) og Marit Tjoflåt (klinisk sosionom). Ikkje til stades: Overlege Adam Krakus, erfaringskonsulent Johnny Olsen og psykolog Desire Furnes. Foto: Folgefonn DPS

Hellingsrud og kollegaene har eit enormt område, som strekkjer seg over dei to største kommunane i areal i Helse Fonna-distriktet, Kvinnherad og Ullensvang. Frå Røldal til Halsnøy, og frå Jondal til Kinsarvik. To og ein halv times køyring frå eine ytterkanten til den andre. Likevel har dei nesten like mange samtalar med pasientar som på poliklinikkane.

- Fleire har hevda at reisetid går ut over behandlingstid, men vi meiner vi kan dokumentere at det ikkje stemmer, seier Hellingsrud, og får støtte frå seksjonsleiar Hege Lægreid Røssland ved Folgefonn DPS.

- Vi har rundt 70 pasientar vi følgjer opp, og etter kvart har vi koordinert og effektivisert oss på ein god måte, forklarar Røssland, som ikkje kan få rosa teamet, som tel åtte personar, godt nok.

- Det er eit krevjande distrikt, men eg er veldig godt nøgd med jobben som er gjort sidan oppstarten i 2014, noko også evalueringa viser, seier seksjonsleiaren ved Folgefonn DPS.

 

Modell frå Nederland

I samband med DPS-reforma vart det bygd opp polikliniske tenester og døgntilbod. Folgefonn DPS ligg på Valen, og har 12 døgnplasser og poliklinikkar både på Valen og i Odda. Poliklinikken er i dag spydspissen i spesialisthelsetenesta i psykisk helsevern og TSB.

FACT høyrest kanskje litt gresk ut, men behandlingsforma stammar frå Nederland, og fortkortinga står for Flexible Assertive Community Treatment.

FACT er eit ambulerande team som arbeidar oppsøkjande, og har fokus på å tilrettelegge og setje saman heilskapelege tenestar til menneske med alvorlege psykiske vanskar.

Dei har eit omfattande samarbeid med rus- og psykisk helseteneste i kommunane og andre offentlege tenester som eksempelvis NAV, fastlege og politi.

FACT-teamet møter pasientane der dei ynskjer, ofte i heimen, og behandlinga vert utført etter kva som er pasienten sitt behov, altså ein brukarstyrt behandlingsmetode.

 

Glidelås-prinsippet

FACT-teamet som har sin base på Valen er eitt av rundt 60 slike team i Norge.

- Utgangspunktet var at mange pasientar ikkje møtte opp til timar ved poliklinikkane, og mange «forsvann» ut av systemet, utan å få behandling. Her oppsøkjer vi dei aktivt i heime, og får større forståing for den enkelte sitt behov og menneska i sitt nærmiljø, forklarar Marit Tjoflåt, som har vore med i teamet frå dag 1, og var blant dei som tok initiativet i 2013.

- Her er vi fleire personar og faggrupper saman om kvar pasient, forklarar ho. Det at dei møter folk i heimen, i staden for på eit kontor, gjev eit heilt anna grunnlag for å sikra god oppfølging, og dermed behandling. Fleksibilitet og stor takhøgd er nøkkelord.

- Ein kan tenkje på dette som ein slags glidelås: Vi syr saman dei kommunale tenestene med spesialisthelsetenesta. Det er ikkje alltid at glidelåsen går like lett saman, men vi jobbar oss framover. Vi var godt førebudde då samhandlingsreforma kom, forklarar Jonny Lygre, som er psykiatrisk sjukepleiar.

 

Som å snu eit tankskip

Ei slik behandlingsform er nokså nytt innan psykisk helsevern, og det blir som å snu eit stort tankskip: Det tek tid å endra vanar og ikkje minst tenkjemåte.

FACT teamet er forankra i spesialisthelsetenesta og tilbyr utgreiing og behandling på lik line med ordinær poliklinikk – i tråd med nasjonale føringar. Ein stor del av målgruppa er menneske med psykoseliding.

- Det er viktig å investere tid og vere fleksible i måten å møte ulike menneske på. I tillegg til utredning og samtaleterapi, bidrar teamet med å løyse praktiske utfordringar i den enkeltes liv, som for eksempel økonomiske vanskar. Teamet har og ansvar for å koordinere alle tenester rundt den enkelte. Eit tverrfagleg samansett team gir oss nettopp høve til dette – vi kan bidra med råd knytt til fleire livsområde.  Det er jo ekstra vanskeleg med ei psykisk liding dersom ein ikkje får kvardagen til å gå opp økonomisk, påpeikar Hellingsrud.

Desire Furnes er den ferskaste i teamet. Ho er psykolog og kom for eit halvt år sidan frå jobb ved Sandviken sjukehus i Bergen.

- Eg likte metoden og det tverrfaglege samarbeidet. Dette er ein annleis måte å jobbe på, og eg ser at det er bra for pasienten. Her må vi spele på lag med kvarandre på ein heilt annan måte enn i tradisjonell poliklinisk behandling. Det er travle, men givande dagar, fortel Furnes.

 

Viktig erfaringskonsulent

Noko av suksessen og dei gode resultata trur dei skuldast at dei var tidleg ute med å tilsetja faste folk i stillingane, noko som har ført til stabilitet i teamet, og som er viktig for mange av pasientane.

- For å lukkast med dette var det svært viktig med god leiarforankring ved Folgefonn DPS. Seksjonsleiar skal ha skryt for å gje oss tid, rammer og moglegheit til å utvikle teamet, seier Hellingsrud.

- I tillegg har vi ei open linje til pasientane. Sjølv om vi primært jobbar vanleg dagtid, er vi tilgjengelege på telefon og SMS når som helst. Vi ser mange kvir seg for å ringje til eit sentralbord, der dei kanskje får ein telefonsvarar, og må tasta eit tal, for å komme vidare For mange av våre pasientar er ikkje dette ei god løysing. Vi stiller oss disponible for dei når dei treng det. Det skapar tryggleik. Det handlar om tilgjenge, og at dei får tak i oss når dei treng det som mest. Vi er der for dei, vi er berre ein SMS vekke, fortel Jonny Lygre.

Den største skilnaden frå tradisjonell behandling er at medan pasienten møter ein fagekspert på kontoret, så er det i FACT pasienten sjølv som definerer behov og tema. Den tradisjonelle modellen blir med andre ord snudd på hovudet: Kva er viktig for deg for å få eit bra liv?

- Det handlar like mykje om livskvalitet, og det å ha det bra i kvardagen, som å bli symptomfri. Det er ikkje det som er målet for alle, seier Marit Tjoflåt.

Teamet består av psykiater, psykolog, klinisk sosionom, ruskonsulent, erfaringskonsulent, to psykiatriske sjukepleiarar og arbeidsspesialist. Erfaringskonsulenten blir også trekt fram som viktig for at ein lukkast så godt:

- Han brukar si erfaring som pasient i behandlinga, noko som betyr mykje for mange og som gir håp og pågangsmot, sluttar Erlend Hellingsrud.

 

Nøgd klinikkdirektør

Klinikkdirektør i Klinikk for psykisk helsevern  i Helse Fonna, Kenneth Eikeset, skryt av jobben FACT-teamet ved Folgefonn DPS – og dei andre FACT-teama, gjer.

- Det å ha ei psykisk liding, og samstundes vere avhengig av rusmidlar, gjer at enkelte menneske ikkje greier å nyttiggjere seg det eksisterande omsorgs- og behandlingstilbodet i kommunehelsetenesta og spesialisthelsetenesta. For desse menneska kan FACT-teamet vere avgjerande for at dei skal kunne få hjelp og meistre kvardagen. FACT-teamet på Folgefonn DPS er eitt av dei fremste i landet. Gjennom erfaringane vi har gjort oss ser vi at teamet utgjer ein positiv forskjell for menneske som vi ikkje greier å hjelpe gjennom det ordinære behandlingstilbodet. Erfaringane har vore så gode at vi har valt å prøve ut FACT-team ved alle dei distriktspsykiatriske sentra i Helse Fonna, opplyser Eikeset.

hellingsrud.jpg

TRENING SOM MEDISIN: Treningspoliklinikk er også eit vellukka tilbod ved Folgefonn DPS, både i Odda og på Valen. Trening har like god effekt ved depressive lidingar som medisinar, viser erfaringane. Her viser funksjonsleiar Erlend Hellingsrud fram det velutstyrte treningsrommet, som ligg i kjellaren på den såkalla Søsterheimen på Valen – i svært idylliske omgjevnader. Foto: Magne Kydland


Fakta Fact

* FACT-teamet ved Folgefonn DPS starta opp i september 2014, og har tett samarbeid med kommunane Ullensvang og Kvinnherad.

* Forkortinga står for Flexible assertive community treatment og kan omsetjast til «fleksibelt aktivt oppsøkjande behandlingsteam i lokalmiljøet». Dette er ein behandlingsmodell som er utvikla gjennom fleire år i Storbritannia, USA og Nederland.

* Målgruppa er personar med alvorleg psykisk liding aleine eller i kombinasjon med rusmiddelmisbruk, kognitiv svikt og eller betydeleg funksjonsnedsetting med samansett og langvarig hjelpebehov frå kommune- og spesialisthelsetenesta, som ikkje er i stand til å nyttiggjera seg av det ordinære hjelpeapparatet i tilstrekkeleg grad og som har behov for særleg tilrettelagte tilbod.

valen1.jpg 

 valen3.jpg

 valen2.jpg

IDYLL: Området rundt Valen sjukehus og Folgefonn DPS er svært idyllisk, med ein sentral, flott park, og fjord på eine sida, og fjell på andre sida. Foto: Magne Kydland