Personvernombod i Helse Fonna

Helse Fonna har oppretta eit eige personvernombod for å sikre at personopplysningar om pasientar og brukarar blir behandla i tråd med personvernlovgivinga. Føretaksadvokat Lucie Christensen Berge er nytt personvernombod.

Føretaksjurist og personvernombod Lucie Christensen Berge. (Foto)

Føretaksjurist og personvernombod Lucie Christensen Berge.

Både pasientar, brukarar og medarbeidarar har rettigheitar i samband med personvernet. Helse Fonna har ei  plikt til å følje desse krava.

– Dette er eit viktig arbeid for å sikre den enkelte sin tryggleik i forhold til korleis sjukehusa handterer personopplysningar. Dette gjeld alle dei vi behandlar, gir tilbod og eigne medarbeidarar, seier Lucie Christensen Berge. Føretaksadvokaten skal vere personvernombod i tillegg til dei oppgåvene ho har i dag. Det nye personvernombodet er i Helse Fonna knytt til juridisk kompetanse for å sikre ei god forståing og oppfylging av den nye rolla.

Personvernforordning

I samband med EU sin nye personvernforordning (GDPR-General Data Protection Regulation) vedtok Norge ny personopplysningslov 20. juli 2018. Det betyr at EU sin personvernforordning gjennom ny personopplysningslov er gjeldande norsk lovgiving. Lovgivinga krev at helseføretaka opprettar eit eige personverneombod. Ombodet skal sikre at pasientane og dei tilsette sine personopplysningar blir handsama i tråd med personvernregelverket. Ombodet skal kontrollere at personvernlovgivinga blir halde.

Oppgåver

Helse Fonna har sidan 1999 hatt Norsk senter for forskingsdata (NSD) som personvernombod. NSD vil framleis være knytt til handsaming av personopplysningar innan forsking, men nå som rådgjevar for føretaket sitt personvernombod.

– Eg gler meg til oppgåva, seier advokaten. Ho påpeikar at sjukehusa allereie har gode system for handtering av personopplysningar, men at det er viktig at personar og tilsette i sjukehus har ein plass å vende seg om dei har spørsmål om oppfylging av personvernlovgivinga.

Personvernombodet si hovudoppgåve er å informere og gi råd om dei krava helseføretaket har etter personvernlovgivinga. Dette gjeld også for dei tilsette som handsamar personopplysningar.

Ombodet skal mellom anna

  • Samle inn informasjon for å identifisere behandlingsaktivitetar
  • Analysere og sjekke at behandlingsaktivitetane er i tråd med regelverket
  • Informere, gi råd og rettleie for å sikre at regelverket blir følgt
  • Gjennomføre haldningsskapande arbeid i verksemda
  • Opplæring av medarbeidarar i korrekt handtering av personopplysningar

Trass i ny ombodsrolle er det føretaket som er ansvarlig for at personvernlovgivinga blir følgt.

Når kontaktar du personvernombodet?

Du som medarbeidar kontaktar personvernombodet om du har spørsmål i forhold til handtering av personopplysningar. Det kan til dømes vere kva du gir av opplysningar om politiet spør, korleis sikrar vi personopplysningar som blir nytta i medisinsk teknisk utstyr, korleis handterer vi databehandling innan forsking?

Informasjon og søknadsskjema for forsking Informasjon ved kvalitetsforbetringsprosjekt

Pasientar og brukarar kan kontakte personvernombodet om dei har spørsmål til korleis eigne personopplysningar er handtert.