
Pandemien med koronavirus har prega føretaket si verksemd sterkt i 2021. I periodar av året har det vore relativt lågt smittetrykk i opptaksområdet, men tidleg nyår, påske og særleg sein haust 2021 har talet på innlagde pasientar med covid-19 vore høgt. God innsats frå medarbeidarar, tillitsvalte, vernetenesta, leiarar og beredskapsleiinga har medverka til at føretaket så langt har hatt kontroll over situasjonen.
Det kjem fram i Helse Fonna si årlege melding, som vart styrebehandla fredag.
Ventetida varierte
I praksis betyr dette at Helse Fonna ikkje når målkravet om gjennomsnittleg ventetid under 50 dagar, og ventetida har variert frå 68 dagar i januar til 55 dagar i juli, då ventetida var lågast.
– Men i november nådde Helse Fonna nasjonale og regionale kvalitetsparameter for ventetid innan vaksenpsykiatri og tverrfagleg spesialisert rusbehandling, kunne administrerande direktør Olav Klausen informere styret om.
Like bra er det ikkje innan barne- og ungdomspsykiatrien, der det har vore ein auke i ventetid frå 2020 til 2021, og ein når ikkje det regionale målkravet om 35 dagar ventetid. Hovudårsaka til dette er stor auke i tilvisingar frå oktober 2020 til juli 2021, samt ledige stillingar. Frå juli 2021 har talet på tilvisingar normalisert seg til 2019-nivå, og ventetida er no på veg ned. Ventetida i barne- og ungdomspsykiatrien var i snitt 42 dagar pr. 1. desember.
Ekstrakostnader og reduserte inntekter
Helse Fonna når heller ikkje målkravet om ingen fristbrot.
– Det er fleire årsaker til det, blant anna spesialistmangel og rekrutteringsvanskar, reduksjon i planlagd verksemd i samband med pandemihandtering og redusert aktivitet grunna flytting til nytt bygg ved Haugesund sjukehus. Helse Fonna har god måloppnåing på mange av indikatorane for pakkeforløp for kreftpasientar. Frå januar 2021 til og med oktober 2021 var 71 prosent av alle pakkeforløp gjennomført innan standard forløpstid, heiter det i årleg melding.
Føretaket prognoserer underskot i 20221 og vil ikkje nå målet om eit overskot på 34 millionar kroner. Årsakene til dette er mellom anna ekstrakostnadar som følgje av pandemien, samt reduserte inntekter, både som følgje av pandemien og innflytting i nytt bygg ved Haugesund sjukehus.
Årsresultatet må, som følgje av koronakompensasjonen frå staten, sjåast i samanheng med overskotet i 2020.
Skryt til medarbeidarane
Det er innført ei rekkje tiltak for å få ned ventetida. Fleire avdelingar har innført kveldspoliklinikk, og klinikkane har stort fokus på dette. Men pandemi og ledige stillingar gjer at ein ikkje har lukkast i å få ned ventetida i særleg grad.
– 2021 har vore eit krevjande driftsår, både som følgje av covid-19 og flytteprosessen, og ein har difor ikkje kunna innfri alle måltal. Med stor innsats frå alle tilsette har ein likevel handtert desse utfordringane på ein framifrå måte, seier styreleiar Per Bjørn Habbestad (biletet).
.jpg?RenditionID=9)
Nøgde brukarar
Brukarutvalet i Helse Fonna peikar på mange av dei same utfordringane i sine kommentarar til årleg melding. Men brukarutvalet trekkjer fram meir bruk av digital konsultasjon som ein suksess.
– Polikliniske timar ved bruk av telefon, video og digitale einingar har slått godt an hos pasientane, og målkravet om 15 prosent blei nådd i Klinikk for medisin Haugesund og Odda i nesten alle månadane. Også innan delar av psykiske helsevern ligg Helse Fonna godt an ved bruk av video og telefon i behandlinga. For pasientar med lang reiseveg til poliklinikken, blir det opplevd som ein stor fordel å kunne bruke digitale verktøy, og dermed sleppe å vere for mykje borte frå jobb og skule, heiter det i brukarutvalet si oppsummering av året.
Brukarutvalet gjev også skryt for arbeidet som er gjort for å få oppretta helsefellesskap med kommunane i regionen.
– Føretaket har verkeleg gjort ein pionerinnsats som har blitt lagt merke til i andre helseregionar. Brukarutvalet ønskjer å vere ein aktiv pådrivar for at helsefellesskapet skal lukkast med å skape meir heilskapleg og gjennomgåande helsehjelp. Arbeidet vårt i brukarutvalet gir meining og skapar motivasjon, fordi vi blir møtt med stort velvilje og tillit, både av administrasjonen og alle medarbeidarane i føretaket. Takk for godt samarbeid i 2021, skriv leiar Grete Müller (biletet) på vegner av brukarane.
