Nokre av dei beste resultata og erfaringane frå ei vanskelig tid er tidssparing gjennom betre bruk av teknologien. Som igjen gir miljøfordelar som følgje av færre fly- og bilreiser.

Reduserte utslepp: Mindre bilkøyring, meir samkøyring og stadig fleire transportørar med el-bil er noko av det som gir reduserte utslepp, opplyser funksjonsleiar Hild Margareth Blikra Sørensen i Pasientreiser i Helse Fonna. Foto: Eirik Dankel
– I Helse Fonna har det vore ei merkbar auka i bruk av elektroniske møte både internt og eksternt, meir bruk av webinar og elektroniske pasientkonsultasjonar. Dette er både sparande for miljø, og ei meir effektiv ressursbruk av tilsette.
Dette står i lese i Helse Fonna sin miljørapport for 2020.
Positive til telefonkonsultasjonar
Poliklinikk i psykisk helsevern for utviklingshemma (PPU), Haugesund, klinikk psykisk helsevern, som er eit spesialteam for utgreiing og behandling av psykiske lidingar hjå vaksne med utviklingshemming eller omfattande generelle lærevanskar, har i 2020 hatt eit kvalitetsforbetringsprosjekt - Telekonsultasjon for utviklingshemma med psykiske lidingar.
– Konklusjonen var at pasientane hadde positive haldningar til telekonsultasjon og oppgav positive erfaringar etter 4-6 vekers oppfølging. Føretrekt behandling er poliklinisk oppmøte, men telefonkonsultasjon kan vere eit nyttig supplement. Det er tendens til auka betyding av oppmøte over tid. Aktivitetsnivået i poliklinikken steig betydelig med bruk av telekonsultasjon.
Bruk av videokonsultasjonar, digital oppfølging, applikasjonar, sensorar og internett-rettleia behandling vil bli det nye i pasientbehandling. Framover må me nå være meir opne for å dra nytte av alle de fordelane teknologiske framsteg tilbyr. Noko som kan muliggjøre ei meir bærekraftig framtid for vår verksemd, står det å lese i rapporten.
Streaming og digitale konsultasjonar
Pandemien sette for alvor fart i målkravet om fleire digitale konsultasjonar, der pasientar kan be om å endre frå oppmøte på sjukehus til konsultasjon på video eller telefon når dei bli kalla inn til kontroll. Først og fremst gagnar dette pasientar som av ulike grunnar ikkje har behov eller ønskjer å møte fysisk. I tillegg kan nyskapinga bidra til å nå målet om 15 prosent digitale konsultasjonar.
Helse Vest IKT tilbyr no også streaming. Stikkord her er webinar, føredrag, seksjons-, avdelings- og allmøte, sosiale innslag, opplæring.
Les også: Slik kan du møte behandlaren din på video
– Arbeidet med Grønt sykehus er etter ISO 14001-standarden, og vi har eit eige miljøstyringssystem som styrer arbeidet og aktivitetane i organisasjonen. Alle einingane, frå dei som sit på kontor til dei som arbeider på lab'en, eller dei som driv med pasientbehandling, til driftsavdeling skal arbeide for å minske klimafotavtrykket på sine aktivitetar. Felles fokus for alle einingar er nedfelt i dei overordna miljømåla, slik som e-læringskurs ytre miljø, legemiddelhåndtering etc., opplyser Astrid Håvardsen, som er ansvarleg for miljøarbeidet i føretaket.
Reduserte utslepp
Ei av einingane som stadig jobbar for å bli betre innan miljø er Pasientreiser. Nye avtalar med transportørar gjer at det stadig kjem fleire el-bilar køyrande med pasientar.
– Helse Fonna har inngått fleire nye transportøravtalar, med oppstart i juni. Det er no meldt inn 9 el-bilar. Det er ikkje tilrettelagt for hurtiglading av taxi utanfor sjukehuset, så dette må vere eit nytt mål å strekkje seg etter i 2022. Det er ein del drosjar som blir sette på vent. Vi utnyttar dei bilane som alt er på vegen, slik at vi reduserer utslepp, opplyser funksjonsleiar Hild Margareth Blikra Sørensen i Pasientreiser. Også dei har slutta med fysiske møte.
– No går det i digitale møte. Dette er første gong vi ikkje møter transportørane fysisk ved oppstart av nye kontraktar og til oppfølgingsmøte etter seks månader, fortel Blikra Sørensen.
Vidare har ein fokus på å redusere talet på køyrde kilometer, og talet på flyreiser.
– I 2019 var den totale reisedistansen standardsats 11.297.442 km. I 2020 var totalen 9.431.331. Forventa distanse i år er 10.050.000, som er ein reduksjon på 1.660.000 km i høve 2019, som var eit «normalår», seier Blikra Sørensen. Ser ein på kilometer i kategorien «direkteoppgjer med taxi», går også talet på køyrde kilometer ned.
