HELSENORGE

Pandemien får følgjer for økonomien

Februar har vore prega av mange pasientar med covid-19 og høgt sjukefråvær blant medarbeidarane. Likevel har Helse Fonna klart å gjennomføre mykje av planlagt  behandling.

Helse Fonna har hatt utfordringar i vinter, med mange pasientar innlagde med covid-19, og høgt sjukefråvær blant medarbeidarane.

I rapporten for februar kjem det fram at det totale sjukefråværet i føretaket var på 10,7 prosent, noko som har gått ut over aktiviteten målt i talet på innleggingar, dagbehandling og poliklinisk behandling.

Sjukefråværet i februar i fjor var til samanlikning 8,6 prosent.

​ Men likevel har føretaket gjennomført mykje av planlagt behandling. Høgt sjukefråvær har gjeve utfordringar med å dekke vakter for mange faggrupper og einingar. Dette har mellom anna ført til stort økonomisk overforbruk på innleige og overtid, heiter det administrerande direktør sin rapport for verksemda, som styret vart informert om onsdag.

 

 

Ventar på å bli skrivne ut​

I rapporten kjem det fram at underskotet for februar enda på 24,4 millionar kroner, som er 22,7 millionar under budsjettet. Det meste skuldast personalkostnader.

​  Personalkostnader, inkludert innleige av personell frå byrå, viser eit negativt avvik for perioden på 24,8 millionar kroner. Av dette er 18 millionar knytt til covid-19, heiter det i rapporten.

Gjennomsnittleg ventetid for alle behandla pasientar var på 64 dagar. Målet er under 50 dagar. 904 pasientar på ventelistene har ikkje fått time innan fristen som er sett. 3,9 prosent av sengedøgna i somatikken var i snitt på korridor.

​ Innan somatikk var det i februar 64 pasientar som var melde utskrivingsklare medan dei venta på kommunalt tilbod om pleie og omsorgstenester. Pasientane låg til saman 226 døgn, og i snitt 8 sjukehussenger vart nytta til utskrivingsklare pasientar i perioden, heiter det i månadsrapporten frå februar.

 

Fekk eit viktig oppdrag​

Styreleiar Petter Steen jr. leia sitt første styremøte i Helse Fonna. Tidlegare i veka var han på omvising på Haugesund sjukehus, og den ferske styreleiaren er imponert over sitt første møte med Helse Fonna.

​ Helse Fonna er utan tvil den mest høgkompetente arbeidsplassen mellom Boknafjorden og Bjørnefjorden, med flinke medarbeidarar på alle nivå. Mange har stått i ein krevjande situasjon i to år, og gjer det framleis. Difor er det veldig viktig for oss i styret, på vegner av innbyggjarane, at medarbeidarane føler seg verdssette i krevjande prosessar, seier Steen jr., og viser til kostnadsbiletet i inngangen til det nye året.

Petter Steen - 2022 - foto Eirik Dankel_4.jpg
På omvising: Petter Steen jr. var denne veka på omvising blant anna på den nye intensivavdelinga på Haugesund sjukehus. Styreleiaren understrekar at Helse Fonna no må komme tilbake til normal drift. Frå venstre avdelingsleiar Dagny Klausen, funksjonsleiar Hege Østensjø, Petter Steen jr. og klinikkdirektør kirurgisk klinikk, Kjersti Tollaksen. Foto: Eirik Dankel



Eit stort underskot i årets to første månader gjer at administrasjonen fekk eit klart oppdrag om å komme med ei tiltaksliste til neste styremøte.

​ Ein må tilbake til eit normalt kostnadsnivå att etter covid-19, slår Steen jr fast. Han og styret understrekar og kor viktig det er å auke aktiviteten, og få ned ventelistene.

 

Nye rutinar for varsling​

Styret i Helse Vest RHF vedtok i februar regional rutine for varsling. Helse Vest RHF har i samarbeid med helseføretaka hatt mange tiltak og lagt til rette for å utvikle ein god meldekultur og openheitskultur over mange år. Det har vore deltakarar frå alle føretak, HMS-leiarar, tillitsvalde og vernetenesta med i arbeidet.

Varslingsreglane i arbeidsmiljølova er bygd på ein rett for arbeidstakarar til å varsla om «kritikkverdige forhold» og at varslinga skal skje på ein «forsvarleg» måte. Desse omgrepa har vore kritiserte for å vera vanskelege å forstå, og at ordlyden gir grunnlag for usikkerheit både for potensielle varslarar og for verksemda. Difor vart innhaldet i desse omgrepa lovfesta gjennom lov om endringar i arbeidsmiljølova (varsling). Retningslinja er ikkje endra i innhald, men justert i tråd med endringane i arbeidsmiljølova frå 2020 og noko justert i utforming og språk.

​ Medarbeidarar skal oppleve eit trygt og godt arbeidsmiljø der det er stor openheit om å ta opp saker med næraste overordna eller varsla om kritikkverdige forhold. Føremålet med retningslinjene er at medarbeidarar veit kva ein kan varsla om, korleis ein varslar og korleis eit varsel vil bli handtert. Det er og eit mål at arbeidsgjevar får stoppa kritikkverdige forhold, heiter det i saka.

Styret i Helse Fonna tek den reviderte retningslinja til orientering, og ber administrerande direktør syte for at retningslinjene vert sette i verk i Helse Fonna.

​ ​Helse Fonna ønskjer ein open ytringskultur og oppmodar medarbeidarar til å varsla om kritikkverdige forhold. Retningslinja er forankra i kapittel 2A i arbeidsmiljølova. Rettar og plikter som følgjer av arbeidsmiljølova ligg fast, heiter det i saka.​