HELSENORGE

Overvelda over responsen

Nærare 80 helsearbeidarar har meldt seg etter at Helse Fonna gjekk ut og bad om hjelp frå studentar og pensjonistar.

- Takk til alle som har meldt seg. Vi har fått søknader eller blitt oppringt frå svært mange, både sjukepleiarar, studentar av ulikt slag, helsefagarbeidarar og assistentar. Vi set stor pris på responsen. Vi kontaktar no dei som har kompetanse eller erfaring som klinikkane har behov for. Men det er plass til endå fleire, seier HR-direktør Helga Stautland Onarheim (biletet) i Helse Fonna.

Helga - nett.jpg

For to veker sidan gjekk føretaket ut og bad helsepersonell om å melde seg til teneste. Høgt sjukefråvær og svært mange pasientar gjer at sjukehusa i Helse Fonna har utfordringar med å fylle opp vaktlistene. Føretaket har vore i gul beredskap sidan 10. november, og det meste av planlagt behandling er no utsett, for at ein skal vere i stand til å klare å gi hjelp til dei pasientane som treng det mest.

Berre eit døgn seinare hadde over 30 meldt si interesse, både helsefagarbeidarar, assistentar, sjukepleiarar, spesialsjukepleiarstudentar og medisinstudentar.

To veker etter har heile 78 personar meldt seg.

- Vi er overvelda over responsen, seier Onarheim.

- Vi har alt mange pensjonistar som gjer ein stor innsats hos oss, men vil gjerne ha endå fleire. Som ein følgje av koronapandemien er det i dag ein unntaksregel som gjer det mogleg for pensjonert helsepersonell å kome tilbake i jobb utan at pensjonen blir avkorta. Denne unntaksregelen er forlenga til 1. juli 2022, fortel HR-direktøren.