«Øvelse gjør mester»

Kvalitetsbloggen
Eigentleg er dette ei kjent og vel brukt frase. Like fullt er den sann, øving skaper meister. For å gi ennå betre pasientbehandling er simulering eit viktig verktøy som gir resultat. 
Fagdirektør Haldis Ø. Lier (Foto)

Fagdirektør Haldis Ø. Lier

Simuleringssenteret er eit område som eg med glede overtok ansvaret for i januar i år. Vi har dyktige fagfolk og eldsjeler som pådrivarar for å bruke simulering som verktøy for kvalitetsbetring, nå har vi tatt i bruk simulering innan fleire nye fagområde.

Rolf Harald Brattli er pådrivar for simulering, er anestesisjukepleiar og prosjektansvarleg for implementering og opplæring i innføringa av NEWS. Sjukepleiarar og legar på sengepostane i Haugesund har fått opplæring i NEWS ved hjelp av simulering. I tillegg har mange einingar har fått utdanna eigne fasilitatorar for simulering.

Ved ei systematisk tilnærming skal ein avdekka forverring av pasienten sin tilstand. Dette gir resultat i pasientbehandlinga og skapar tryggleik og meistring blant dei tilsette.

·       Nsf.no: Mobilt intensivt team fremmer pasientsikkerhet og fagutvikling på SUS

Også innan behandling av hjerneslag blir simulering flittig nytta. Nevrologane på Haugesund sjukehus simulerer behandling av hjerneslag og arbeidar for å redusere tida det tar frå pasienten er i mottak til trombolyse blir gitt. Det er nå ei gledeleg auke i talet på pasientar som får trombolyse innan 40 minuttar. 60 prosent fekk trombolyse innan 40 minutt 2.tertial 2018, medan 80 prosent fekk det dei to neste tertiala. Dette må vi få til på alle sjukehusa våre.

·       Sjå video om trombolysesimulering

Også innan opplæring har simulering vist seg å vere nyttig. Benedicte Skjold-Ødegaard er gastrokirurg og forskar og har lagt til rette for at LIS-legane i Helse Fonna kan simulere kirurgiske inngrep. Nytten av simulering i utdanning har vi truleg berre sett starten på. Her kan ny teknologi flytte grenser.

I utdanning av LIS, behandling av hjerneslag og oppdaging av forverra tilstand er simulering ein fellesnemnar. Vi ser at dette er eit viktig område for å styrkje både kvalitet og pasienttryggleiken.

For pasientane er det viktig at vi som arbeidar i sjukehus har øvd både på vanskelege og kvardagslege hendingar. Sjå om du kan nytte simulering i di eining for å styrkje pasientbehandlinga eller utvikle tilbodet.

Det nyttar å øve.